I dag etter eksamen var eg innom ein butikk eg alltid har kika lenge på gjennom vindauget når eg har gått forbi. Ein knappebutikk. I eine vindauget er det knappeutstilling og i det andre sat der damer i kvite frakkar som produserte dei vakre knappane. Snella og Petronella heiter den, og ligg på Santhanshaugen i Bjerregaardsgate, rett ovanfor leiligheta til min kjære bror. Denne butikken er verkeleg ein skatt. I tillegg til å ha uffatelig mykje fint, vert ein lukkeleg av å vere der inne. Der er så koseleg. Og dei som arbeider der er hyggelege. Og du får ei kjensle av at butikken vil deg vel. Problemet med butikken er at du vert stormannsgal og vil ha alt, og kanskje til og med bu der. Berre sjå kor fint der er, og ikkje minst – kor mykje fint dei har!







Fantastisk butikk!
Dei har nettbutikk også, men hadde eg vore deg ville eg teke turen innom. Det er som å vere i eventyrland.
7 kommentarar
april 16, 2009 ved 6:28 pm
fekk ein ide til bordkort
april 16, 2009 ved 6:50 pm
dei knappane er heilt fantastiske! har eit par sjølv:) Idag når eg stod på butikken kom eg på anmeldelsen din av sørlandschipsen med balsamico og mozzarella; T A K K for tipset – mmmmmm!
april 16, 2009 ved 9:06 pm
Fantastisk!!!!
april 16, 2009 ved 9:59 pm
Torild: Så bra! No er eg spent.
Ragnhild: Har du? kva for nokre? Eg og vil ha!!
Hehe, SANT den var god!? Den er kanskje ny favoritt altså! Nam, nam, nam!!
april 17, 2009 ved 7:32 am
eg vil ha ALLE knappane
april 17, 2009 ved 11:43 am
den eine rosa traktorknappen såg ut som en moodsofnorway-knapp
april 17, 2009 ved 12:13 pm
Jannik: Eg også!!
Henriette: Det er den, berre redesigna med tak og greier!