november 5, 2009...8:08 pm

43 år! 1966, det store året!

Hopp ned til kommentarane

mamma copy

I dag har mamma og pappa 43-årsdag. Ikkje bursdag sånn som nokon kanskje ville trudd. Men kjærastane Torild og Amund har vore i lag i 43 år. Det er TO Birgit-liv. Dei har vore saman sidan 1966. NITTEN SEKSTI SEKS. Dei blei kjærestar to dagar før Trond Giske var fødd. Det var det året Simon and Garfunkel slapp albumet Sounds of Silence, og Beatles gav ut ‘Revolver’ og John Lennon sa at «vi (The Beatles) er meir populær enn Jesus».. Då mamma og pappa vart saman, vart Black Sabbath danna.

Eg kan ikkje anna enn å bøye meg i støvet. 1966 var året gitt!

pappa copy

6 kommentarar


Legg att eit svar