Månadleg arkiv: desember 2011

Reiseklar

I september rykte det veldig i reisefoten til Limita, og eg kjende sjølvsagt på det same. “No er det på tide å planlegge reise. Eg vil attende”. Ho refererte til turen vi hadde til Marokko. Vi ville begge tilbake, men hadde og høyrt rykter om fantastiske buldremoglegheiter i Hampi, i India. Det vart India. Vi reiser i morgon. 

Planen er å lande i Mumbai i god tid til å rekke flyet vidare til Goa, slik at vi kan sove, feire nyåret og ete mat som smakar over gjennomsnittet godt. Vi har ingen andre planar enn å kome oss sørover til Kerala, og vidare til Hampi for å buldre og ligge i hengekøye og lese bok. Om lag tre veker har vi til disposisjon. Det einaste som er heilt sikkert er at Limita har fått seg ny nakkepute som har pornostoff og som ein ikkje heilt kan sjå om det er håret til Limita, eller puta når ho brukar den. Difor bilete. 

Dette vert nok siste turen Thunder-skoa mine får vere med på, og eg kjenner at eg gler meg til å erstatte dei i eit par ikkje-luktande med grep over heile tåa. Uvisst om vi har nok kalk, men det rakk eg ikkje å ordne, då eg prioriterte reise- og skjønnlitteratur. 

På grunn av hektiske dagar, Dagmar og andre distraksjonar har eg ikkje hatt riktig anledning til å gle meg. No gjer eg det. MAX. Les reiseguide, høyrer på reisemusikk og ler nok til at Limita må springe på do og spytte ut vatnet ho nettopp tok ein slurk av. Turen har allereie starta med andre ord. Namaste!

Ein veit ein er på Nedreberg når…

... ein nermast sovnar til ein konstant dur, nasa er full av pels, og ein raskt vaknar når kinnet får ein omgang med sandpapir. 

Takk til deg, Daniel

Å vere besøksven er noko av det eg har opplevd som har gitt meg dei aller største setje-pris-på-augeblinka. Ein vert kjend med ein heilt framand person, og sakte, men sikkert vert veldig, veldig glad i denne venen. Ein har fått sjå korleis helsa har blitt påverka av sosialt samkvem til det i overkant positive, og ein har sett kor veldig lite som skal til for å gle eit anna menneske. Men så kjem det, eit par veker, kanskje ein månad når ein skal reise vekk, som i grunn ikkje er så lenge, men for den som ein besøker kan verke som evig tid, og ein ikkje veit kva ein  skal gjere. Det som har vore ei glede, har blitt til ein vane, og når den brytast vert det då sjølvsagt eit holrom. Dette har min besøksven tenkt på lenge, og det har skore i hjarterota mi når ho gong på gong har sagt: – Jeg gruer meg sånn til du skal dra, Birgit, da vet jeg ikke hva jeg skal gjøre. Det er jo evigheter til du kommer tilbake.

Noko måtte gjerast, eg måtte fikse ein vikar. Eg “lodda ut” besøksvenen min på Facebook, og fekk herlege mengder respons. Ein av dei som melde seg var ein kollega på Parkteatret Scene. Då var tanken klår; besøksvenen min ville få den aller beste vikar, Daniel. Eg spurde om ho kunne tenkje seg å møte han, ein av dei snillaste eg visste om, og javisst, dette mennesket ville ho sjølvsagt treffe.

I dag ringte eg for å høyre korleis det hadde gått, og ho jubla i telefonen. – Gjett hvem som er her nå! Eg kjende at lettelsen var stor. Eg var ikkje bekymra frå byrjinga av, men når ein høyrer ei gammal dame i ekstase over å ha besøk av ein som eg sjølv meiner er eit priviliegium å kjenne, då vert ein satans lukkeleg, og veit at ho er i gode hender.

Ho kunne i ettertid melde om at denne mannen var ein engel han også, med twist og klementinar og det var ikkje måte på. – Og ja, han hadde glimt i øyet da! Og så kløft i haka!

 

Tusen takk, Daniel.

Kikkertfotball

Egil Olsen – Singer/Songwriter

På Parkteatret Scene i kveld. Med gjester.

 

164 cm kan ofte vere høgt nok

The Vineyards i Braun-reklame

The Vineyards sin General er å høyre på Braun si reklame starring Jose Mourinho. Det er kjekt. Og ganske feitt.

Amsterdam