Eg laag i fosterstilling paa mattene i restauranten og kneip aug aatt. Kvalmen var som foerste gong eg oppdaga oppkast; ei frykt for liv og doed. Hovudet verkte som eg aldri har kjendt foer, det kjendes ut som om det ikkje lenger var plass til hovudskallen, og at huda ikkje strakk til. Mellom auga var det som om to skarpe knivar hadde sete seg fast. Det var avreisedag, klokka var rundt elleve og vi hadde ei tolv timar lang reise foran oss, fraa Hampi til Mumbai. Eg visste eg maatte ete, og proevde saa godt eg kunne aa stappe i meg nokre bitar annanas for aa faa i alle fall ein liten form for energi. Om eg berre fekk nok eneregi til aa orke aa sykle den vesle kilometerstreknigna fraa Goan Corner til “sentrum” med 15-kilo sekken paa. Aa sitte oppreist var ikkje eit alternativ. Limita fekk smertestillande fraa eigaren, Sharmilla, og eg pressa i meg tabeletten med nokre slurkar vatn, og la meg tilbake i fosterstillinga. Etter ei stund kom Sharmilla bort med eit par rosa tabelettar. “It’s gonna make your nausea stop”. Eg tok dei utan aa blunke.
Kort tid etter var vi paa syklane vaare, kom oss over elva, i ein rickshaw og foer vi visste ordet av det, var ein time gaatt og vi var paa plass i bussen, klare for aa reise mot Mumbai. Eg sat meg med vindauget, i tilfelle rottefelle. Bussen kjoerte sakte ut av stasjonen, tuta og braabremsa omkvarandre, ekspeditoeren ropte “Hubli, Hubli, Hubli” saa fort at det gjekk i surr for stavingane. Over vegen staar ein fullstappa buss, med menneske i alle aldrar som stirra paa meg som om eg var fraa ein annan planet. Nokre smilte, andre heldt seg til aa glo, medan nokre tok opp hoegrehanda og vinka iherdig. Eg vinka tilbake. Og smilte. Og vinka enda meir. Til slutt enda eg opp med aa vinke til alle vi koeyrde forbi, og lo etter kvar respons eg fekk. Det var saa kjekt, eg holdt paa aa boble over av vinkeentusiasme, og i gledesrusen snur eg meg mot Limita og bryt ut: HERREGUD, det er saa kjekt aa vinke!! Daa gjekk det opp for meg; Dette er ikkje heilt normalt.



