Kategoriarkiv: Cooking

Oppdrag vekemålet, Æ kan bak æ!: Approved

Å sjå Limita bake er noko eg kan anbefale på det sterkaste. Eg forstår at ho har meir bakefrytk enn nokon andre, og dette gjer at observasjonen vert særs vittig. Eventuelt latterleg (fyll inn det som passar). Det var meininga at eg skulle forlate leiligheta etter ein times tid, men då denne prosessen tok lenger tid enn som så, og at den var så god underhaldning måtte eg bli igjen for å få med meg heile “showet”. Hellström ville snudd i døra, men det skal seiast: Resultatet vart upåklageleg! 

Sidan vekta ikkje fungerer, og vi manglar alt som har med deslilitermål å gjere, må pikene vere kreative. Den rosa koppen stod for omlag 2,5 dl, ei spiseskei ca. 20g, to Bonaqua-flasker = 1 liter osb. Dette gjorde det ekstra spennande med tanke på korleis resultatet ville smake.

Limita var i godt humør når ho smuldra smøret i deiga.

Første utfordring: Elte deiga fint ut. “SAML EDER!” vart ropt opptil fleire gonger, og Limita truga med å hive deiga i søpla – og putte 200 spenn i boksen. Men ho gav ikkje opp,  og fann sine metodar på å løyse utfordringa. 

Ein skal ikkje sku hunden på håra. 

Limita var sliten og nøgd etter prosessen. Det var eg også, og veldig klar for å smake dei rare, men velduftane kanelbollane hennar – servert elegant med mjølk attåt.

Lukta og smaka godt! Oppdrag vel utført, Limita!

Oppdrag vekemålet: Æ kan bak æ!

Dette vekemålet er å overvinne bakefrykta som både eg og Limita lid under. Men i dag overvann eg den med god margin. Foccacia stod på menyen, og etter å ha knust ei flaske med olivenolje på butikken gjekk det ikkje anna enn smooth. At folk kjøper 1-2-3 posar for å lage foccacia kan til og med eg med bakefrykt le av.

Ingrediensane er 5 stk: Mjøl, gjær, salt, olivenolje, vatn og rosmarin. Det er laga på 1-2-3, og er leikande lett!

Oppskrifta er følgjande:

  • Bland ein pakke fersk gjer i lunka vatn (omlag 1 liter).
  • Bland resten av tørrvarene (1 kg mjøl, ca 20 g salt)
  • La det heve i 25-30 minutt
  • Steik i ovnen på 250 grader i 25 minutt
Eg må innrømme at eg var litt skeptisk på om det kom til å smake noko særlig godt (fordi det var eg som hadde laga det), men når eg tok den første biten tenkte eg faktisk “satan, eg kan å bake!” No er eg mett og god, og kastar ballen over til Limita som skal lage kanelbollar innan søndagen er over. 

Oppdrag vekemålet: Fail


Måltid nummer to var det Limita som stod for, og ho stod for Moussaka Limita-freestylin’.

Det fins ikkje oppskrift, men følgjande ingrediensar vart brukt: Squash, aubergine, sopp, tomat, spinat, fetaost, gulost, kvitlauk, chili, grønsaksbuljong, mjøl, maizena, mjølk og smør. Salat til tilbehør. 

Også hadde vi litt potetstappe også, kun fordi Limita lagar snydens potetstappe. Men dette var totalt overflødig, og er ikkje heilt å anbefale saman med moussaka med mindre du er heilt sjukt keen på potetstappe. Måltidet var så godt at eg gav Limita 9/10.

 

Oppdraget gjekk ut på at vi skulle lage tre middagar, men det enda med denne.  Trass dette ser vi på oppdraget som eit meget vellukka oppdrag – og vi fekk to særs gode måltid.

200 spenn til potten, og køyre på neste vekemål: Overvinne bakefrykta. Limita skal lage kanelbollar, og eg skal prøve meg på Foccacia. Forhåpentlegvis skal vi klare det. (Vi har i alle fall funne fram oppskriftene)

Vekemålet

Jepp, er blitt inspirert av ein kompis! Så inspirert at det er på grensa til å vere irriterande. Så eg tok idéen til mitt hjarte, og vi starta “Oppdrag Vekemålet (originalt kjent som “ukas mål”) før vi visste ordet av det. I vårt prosjekt er Limita og eg deltakarar, og vi skal kvar veke bli einige om eit mål som vi skal gjennomføre, begge to, eller kvar for oss. Om vi ikkje klarar å nå måla før veka er omme, må 200 spenn gå i ein pot som skal kunne brukast på noko bra når det er nok spenn i potten. Måla skal alltid vere konstruktive. Forhåpentlegvis kjem vi på så bra ting – at vi uansett type utfordring klarar å gjennomføre måla, sjølv om premien er fristande nok i seg sjølv. Denne veka kom vi fram til at vi må lage minst tre middagar som vi skal ete saman ved kjøkenbordet, noko som er særs sjeldan i vår travle kvardag.

Sidan det var haustfest i går, og vi begge to kunne beskrive oss som slitne, var det greit å lage ein enkel middag. (Mitt krav til middagslaging denne veka er forøvrig at om det tek under 15 minutt, eller er frå ein pose, så kan det ikkje kallast middag.) Eg tilbaud meg å lage vårt første måltid: Quesadillas med einerøykt laks, salat og guacamole. Det vart snydens, og vi åt meir enn vi burde. Burde vel ha laga heimelaga salsa, men “helga er ikkje berre burde, burde” – og det gjeld tysdagen óg, så den kom rett frå boks!

Er kjempenøgd med biletet, og ser at det har 100% forbetringspotensiale...

Alt ein treng er: wraps, einerøykt laks/ørret, creme fraiche, mozarella, salat (denne dagen: isbergsalat, spinat, raudlauk, tomat, avokado, mais, paprika, agurk og balsamico). Guacamole: avokado, kvitlauk, sitron, salt og pepar. Framgangsmåte: Gjer det du føler for. Berre pass på at du grillar quesadillasen på rist – slik at dei vert jamt sprøe, og lette å skjere opp etterpå. Tek ca. 20 minutt (og er difor innanfor middagsdefinisjonen!). I morgon skal Limita kokkelere til meg. Eg GLER meg.

Funfact: Avokado er eigentleg ei frukt og veks på tre, men sidan den ikkje er søt og ikkje innehelde fruktsyre, vert den behandla som ein grønnsak. Ikkje rart det i grunn, den er jo ein veldig grøn sak…

Nam

Grovt speltbrød, guacamole, camembert og tomat.

Blogganbefaling: Ingen Juksing

Eg har oppdaga at mi kjære svigersøster (som forøvrig er eit YPPERLIG koneemne for min bror/svigersøster) har starta som blogerinne.

I  bloggen “Ingen Juksing” skal ho gjennom “Gyldendals Store Kokebok”, av Ingrid Espelid Hovig. La deg inspirere!

Det skal i alle fall eg. :-)

Prosjekt: Grøn Mann

Mat.

Laks, fløtesaus med blåmuggost, brokkoli, pasta og basilikum. Nam.

Dag 1: Grøn mann…

I dag starta eg prosjektet: Å ikkje gå på raud mann, men vente på den grøne mannen. Småprøvde meg på det i helga, og det skal seiast: Det er vanskelegare å gjennomføre dette ein laurdag enn ein småhektisk mandag, men dog. Planen er å gjennomføre mandag til og med søndag utan å gå på raud mann, og i dag har det gått fint. Eg har kryssa fire lyskryss, og klart å vente utan å bli smågal. Men dette med herleg musikk på øyret. Tenkjer det vert betrakteleg vanskelegare utan støttande musikk. Det er så rart kor vanskeleg ein så absurd og enkel ting burde vere. Kryssar fingrane mine for at det skal gå bra, men har mine tvil. Gode tips? Mottas med glede.

Taiwan: Foodilicious

I serien “korleis var det i Taiwan?” vert eg naudt til å dele opp i ymse tema. Det er umogleg å fortelje éin ting, eller ei samanhengande histore. Så no gjer eg det lett, deler opp i ymse emner. Første emne ut vert mat!

Vi åt oss forderva i Taiwan. Der var så vanvittig mykje snydens mat. Herre, så godt alt var!

Sjokoladefondue, scallops, dumplings, squids, soppen, åo maj gad, soppen var så sjukt snydens! Eg har aldri vore i eit land med så mykje god mat i før. Det er himmel for alle med eller utan munchies! I promise!