Kategoriarkiv: drauming

Kva om

alt var som før. Lurer på korleis verda ville vore då.

Eg frys.

Difor.

Visa… Mastercard… Everlastingcard…

Slik ser visakortet mitt ut. Men med visa-logo og ulike tal på sjølvsagt. Visakortet mitt minner meg stadig vekk på at “Birgit, no må du spare pengane dine, så du kan reise ut i den store verda igjen.” Og visakortet mitt har den effekta. Heldigvis. Visakortet mitt får meg til å ville arbeide rompa av meg for å få inntekt til diverse rundreiser. Men, eg kunne så inderlig ønskje at eg hadde eit kort, som eg kunne bruke på naudsynte ting, som fungerte slik at om det verkeleg var naudsynt, så vart det aldri trekt… Les: Mat, husleige, straumrekning. Då kunne alle dei andre pengane vere øyremerka konsert/musikk og reise. Og tenk så mykje pengar eg då hadde hatt til alt det som skjer! Fins det slike kort? Eg vil ha eit everlastingcard!

Neste mål:

 

Etter fleire veker med vekkdrauming og reiseabstinensar, er neste mål endeleg klart:

Destinasjon: Marokko.

Avreise: Romjula (28. desember)

Retur: Uvisst

Mål for reisa:

1. Sitte på ein kamel, og etter fleire dagar i ørkenen kun ha éin tanke i hovudet: Her er det pinadø mykje sand!

2. Høyre på Crosby, Stills og Nash – Marrakesh Express (og sitte på toget vel å merke)

3. Surfe

4. Smake mat eg ikkje har smakt før

5. Feire det fantastiske året 2011 som er på veg

 

Eg gler meg!

 

Kulda er på plass, då er det dags…

Det var ein gong i 2008…

I wish…

..Om eg berre kunne sitte i ein campervan og krysse av på kartet dit eg ville reise. Og så kunne eg reise dit. Og bli der så lenge eg ville. Eventuelt reise vidare til neste plass på kartet, ha nok pengar til å kunne halde på slik ei stund. Gjerne eit halvt år. Gjerne eit år. Vakne opp til lyden av kenguruar som klør seg på magen, eller vakne opp av at sola vert for sterk for auga. Vakne opp til lyden av bølgjer som slår inn mot stranda. Berre reise…. Aaaah… Reisesjuka.

Frukost

Når det regnar slik som det gjere, og dyna er meir fristande enn nokon gong… Då kunne eg ønskje kvar einaste morgon var som denne. Vakne under open himmel, lage frukost på bålet med bønner, toast og kakao.

Det var ein gong…