Kategoriarkiv: fascinasjon

Thumbs Up for PopUp Hub!

Har lenge leita etter den perfekte arbeidsstaden der eg ka ha heimekontor, utan å vere heime. For arbeidsmoralen heime er lik null. Det vil sei, kvar gong eg skal til å arbeide med det eg eigentleg burde, finn eg plutseleg ut at eg må vaske kle, ta oppvasken, gå ut med søpla og så bort etter… Og for å arbeide godt er eg avhengig av å vere rundt mennesker som arbeider, og på kaféar finn ein dette – men det er så mykje som byr meg i mot å ha ein kafé som fast arbeidsplass. Men, no fins den perfekte arbeidsplassen! Sjølv om det berre er for ei kort stund. Kom over den gjennom ein tidlegare Øya-kollega, som er kaospilot (slike folk får ofte kule ting til å skje), og tenkte at dette måtte eg sjekke ut. Så i dag var eg og Christopher innom PopUp Huben ved Tøyensenteret.

 Hagen i kontorlandskapet

Pop Up Hub? Huben er eit opent kontor som har som formål å byggje eit fellesskap av menneske som arbeider mot ein open innovasjon på tvers av ulike sektorar i Oslo. Det er rett og slett ein stad som deler fysisk plass til ulike idear, kunnskap og erfaringar fra dei som dukkar innom. Og fungerer det? Ja. I løp av kun kort tid fekk eg gjort dagens gjeremål, fekk plukke i hjernen til fleire interessante menneske, og eg rakk å la meg inspirere opptil fleire gonger. Det er så bra at det nesten er på kanten til irrititerande.

Christopher plukkar hjernen til Bengler-Even som stakk innom

Bengler-Even er engasjert og vil lage eit produkt som eg vil ha fingrane i
 
Møterom fins der også
 
“Hey we used to work together”! Networking i eit nøtteskal.

Huben er berre open denne veka, men fungerer som ein prototype der motivatørane kan finne ut kva som fungerer, kva som ikkje fungerer  og prøve å utvikle eit produkt som kan vere fast i Oslo om ei stund. For min del var det kun ein ting eg sakna, for å vere den perfekt arbeidsplassen – ein printar, men det viste seg at det fantest i lokalet. 100 spenn, trådlaust nett og endelaust med kaffi. Tommel opp for PopUp Huben, Marte og Brock!

 Alle som er innom får eit slikt kort, då kan ein berre studere “Wall of Hub’en” og finne ein hjerne ein kan plukke. Lekkert.

Faces in places

Emil Trier / Torgny Amdam – Tre meisterverk

Big Day

The Only Game

I Came Here

Just another blessing

Den gyldne regel

Elevane i 4. klasse var godt i gong som moralfilosofar då ein elev kom bort til meg i RLE-timen og sa: “Du Birgit, jeg synes ikke den gyldne regelen er noe særlig bra. Den forstår seg ikke på at vi alle er forskjellige skjønner du. Det å si at man skal være mot andre slik som du vil at andre skal være mot deg, det krasjer fullstendig med slik jeg oppfatter det.” (…) “Et eksempel kan jo være at vi jenter elsker å få klemmer, men selv om vi ønsker å få mange klemmer, hele tiden, så sier ikke det seg selv at vi kan springe rundt og klemme guttene slik som vi vil. For det vet jeg de ikke setter pris på!”

Ho sa det ho. Og slikt vert det menneske av!

Noregs pinlegaste?

Er tom for ord.

Nam Nam!

Faen, ting går meg så jævlig hus forbi for tida. Og no skal eg sørge for at det ikkje går deg hus forbi…  Crazy-B, DJ Need, DJ Pone og Little Mike kjem til Oslo! 24. september! Dei fire franske som gav turntabelism ei heilt ny meining for meg, Birdy Nam Nam! Å fyffaen kor eg gler meg.

Dj Need:

Dj Pone:

Lil Mike:

Crazy B:

…og saman vert dei:

jævlig feite.

Dagens anbefaling: Bård Watn

I starten av oktober var eg i tidenes bursdagsselskap. Chris fekk eit heidundrandes surpriseparty som Eivind, og Astri (kjærasten til Chris) hadde arrangert. Det var bursdagshattar, dj’s, diskokule, livemusikk og ballongar. Og Chris ante INGEN ting. Casa Murilo stod for eit par låtar, og denne gongen lot eg meg overraske. Eg hadde aldri høyrt stemma til Bård Watn før, men eg vart fortrylla.  Desverre fekk eg berre filma ein liten bit av kveldens song, men herregud for ei stemme!

Han er rett og slett fantastisk bra.

Festen var forøvrig heilt super, med dansing til langt på natt, gode samtaler i kvar ein krok, og stygge vitsar på kjøkkenet.

Eivind er herved erklært: Den beste party-arrangøren nokon sinne.