Kategoriarkiv: Jobbings

Vil du bidra til vår dokumentar?

Vi er i gong med eksamensproduksjonen vår ved Medier og Kommunikasjon (2. år), HiO, og skal lage ein dokumentar om forbrukersamfunnet. I den anledning treng vi ein person som vi kan bruke som “raud tråd” der vi følgjer personen frå morgon til kveld og derifrå kan opplyse om ein anminneleg person sitt forbruk og vaner gjennom ein dag. Vi er enno i planleggingsfasen og alle detaljar er ikkje sett endå, men ser for oss ein dokumentar på ca. 10 minutt.

Kunne du vere interessert i å vere vår raude tråd? Vi er hyggelege (4 jenter) menneske med eit brennande engasjement for denne produksjonen, og har ingen midlar, men kan garantere ei positiv oppleving, kudos og ein liten påskjønnelse… ;)

Filminga tek til i veke 17 og 18, og vi er fleksible med tidspunkt på dagane. Vi reknar med å filme deg 3 dagar, der vi kan veksle på dagfilming og kveldstid.

Er du den rette for oss, eller kjenner du nokon som ikkje har noko problem med å stille opp foran kamera? Ta kontakt på 9592 6447, eller send PM.

ALLE TIPS MOTTAS MED GLEDE!

På forhand tusen takk!

Vikar for 6. klasse

Er vikar i dag, og dette kan du lære om du møter opp til norsktimen:

Konjunksjonar er ein av ti ordklassar vi har på norsk. På norsk har vi berre fem konjunksjonar. Dette gjer ordklassen til den minste i språket vårt.

Dei fem konjunksjonane på norsk er og, for, eller, men og .

Konjunksjonar brukast for å binde saman fleire like ord eller setningar, slik at det blir betre flyt i språket. I staden for å seie; Eg dansa for paven med høghela sko. Eg dansa for paven med kastanjettar.

kan ein ved hjelp av konjunksjonar heller seie: Eg dansa for paven med høghela sko og kastanjettar.

 Nedan for kan du sjå korleis konjuksjonane bind saman dei ulike ordklassane.

Substantiv Eg likar is og sjokolade.
Adjektiv Er du lekis eller rusjen?
Verb Tiril sprang og sprang.
Adverb Eg sykla ikkje sakte, men fort.
Pronomen Snakkar du om Perler For Svin eller Larsons Gale Verden?
Preposisjonar Gjekk du bak eller ved sidan av Knut Storberget ?
Interjeksjonar Vel? Ja eller nei?
Determinativar iPoden var ikkje han sin, men hennar.
Heilsetningar Eg hadde dårlig tid, eg tok Nordfjordekspressen, for eg ville kome for seint om eg skulle gått.
Leddsetningar Dersom det regnar i morgon, eller om vi har veldig lyst, reiser vi til Zanzibar.

Jeg er så syyyyykt ikke det!

I dag var eg på jobb på barneskulen igjen. Det er skikkelig kos. I alle fall når sola skin og snøen er kram. Og jentene vil leike “boksen går” med meg, og eg får springe rundt og vere 6 år igjen.

Dagens gullkorn frå barnemunn:

Gut bankar gut.

Eg: Ey, du kan ikkje bruke vald! Slutt!

Gut: Men han sier jeg er sammen med Vera, han sier jeg er forelska i Vera! Jeg er så syyyykt ikke det!!!

Vræl

meg

Var ferdig på jobb rundt to. Også skulle eg skrive oppgåve, trene, lage middag og kome tilbake og skrive nesten ferdig oppgåva før Bønder i byen i kveld. Men så har eg hatt ei såpass travel veke, at eg tenkte at det var lurt å ta det litt med ro med ein film. Så såg eg halve, og sovna automatisk. Når eg først vakna var eg kald og svolten og klokka var over SEKS! Er det mogleg?

Slikt har eg ikkje tid til! Så no er eg kanskje litt meir stressa med oppgåva enn eg burde vere, og kapteinens fylte torsk luktar veldig, veldig godt…

Eg har tent stearinlys så her er koseleg, men dog litt kaldt. No får eg kose meg med middagen, og ta på meg supermannkappa til oppgåveskrivinga. Hoi, hoi!

Gullkorn på jobben: (Gym med 6. klasse) Jente pustar tungt og kjem bort til meg: – Jeg har astma og kan dø.

Meg: ?!?!!??

Jenta: Kan jeg få drikke litt vann?

Meg: GLATTEN!

Forresten, sjå dei fine teikningane eg fekk på jobb i dag!

tegning

tegning2

Tidleg krøkjast

…god trillebårkøyrar skal bli.

IMG_4213 copy

IMG_4214 copy

Ein liten sjarmør

narvesen1

Yes, eg er på Narvesen. Og eg likar jobben min. Der er så mange søte folk innom. Og så mange morsomme hendingar. I dag vart eg veldig sjarmert. Av ein åtteåring.

Han hadde på seg saggebukser og var der med ein kompis. Dei hadde vore innom fleire gonger og kjøpt ein og ein ting. Slikkepinne. Drops. Kick. Diverse småting som ikkje kosta meir enn over ti-kroningen. Etter kanskje fem gonger innom kom dei ein gong til og kjøpte ein surt , lite rosa drops til tre kroner. Kompisen betalte først. Han telte opp ei og ei krone som om det skulle ha vore ei formue. Han sa takk og gjekk. Så var det den andre sin tur. Han forta seg med å finne pengane i lommen sin, slengte ein femkroning på disken og sa behold resten du, søta! Eg hadde nok ødelagt opplegget hans, for eg måtte scanne inn dropset han også skulle ha, så han vart ganske så flau der han vart ståande og vente. Men når det var gjort var han ute av butikken før eg rakk å blunke. For ein sjarmerande liten kar! :) Han fekk i alle fall meg til å smile resten av kvelden!