Kategoriarkiv: konsert

I’m in love!


Ah, ingen ting er som å fryse i to dagar i strekk, og så finne ut at ein står på eit golv og dansefoten går av seg sjølv, og at kroppen tenker for første gong på lenge: Du verda, no er eg så varm at eg kanskje bør ta av hua… Og jakka… Og tjukkesokkane… For Vinne Who fekk så sjukt varmen i kroppen i dag, at eg – og samtlege i lokalet trippa frå start til slutt.

Vokalisten er skremmande søt, har fløyelsstemme og har uhyggeleg strame bukser – så ein må passe på kvar ein skal kike for å ikkje bli småukomfortabel. Gitaristen er ein av få som kler hipster-brillene, rockar gitaren og dansar på ein måte som får heile lokalet til å sku på han med misunnelege blikk. Og etter å ha vore ein tur innom Olafur Arnalds på Parkteatret, var tala klar: “I kveld treng vi litt meir bass.” (Lars Vaular-guiltypleasure-dilla trer inn her og der) Og herre for ein funky bass Vinnie Who står for! Den var så funk at eg trudde eg var på 80-talet utan at eg eigentleg veit korleis det kjenns.

Veit ikkje kva det beste var; Musikken, eller det faktum at det såg ut som om dei hadde det superartig på scena? At lyset på Internasjonalen var perfekt? At folk rundt meg ikkje kunne la vere å danse? At eg høyrde dei som stod ved sidan av meg som lo på ein ukontrollert måte av pur glede? Eller at eg var småsjuk, kald, sliten og plutselig ein av Oslo’s mest fornøgde innbyggjarar?

Aaaah… I’m in LOVE.

Gle deg til vinter’n: Konsertane står i kø!

Etter å ha gjort ein typisk søndagsaktivitet (lage playlist på Spotify), har eg no kome over eit fantastisk humør: Gle seg til alle konsertane som skal vere i november-og-desember-humøret. Lista er LANG!

Og dette er berre noko av det som står på menyen! Er det mogleg? Lekker vinter spør du meg. For å gjere det lettare for deg å organisere dei to komande månadane, kan de berre sjå på kalendaren…

(klikk på kalendaren for stort bilete)

Ok, folkens. Då er det berre å varme opp ved å sette på denne playlista! (Mogwai er lagt til for kosens skuld, dei kjem til Oslo 2. april. GLEDE)

Yeah, Yeasayer!

I går var vi på konsert! Yeasayer. Utsolgt Rockefeller. Topp stemning. Sjølv om eg var dautrøtt var det ein fantastisk konsert. Scena såg ut slik den gjer på snutten under, og eg er meir glad i Yeasayer no enn nokon gong. Sjanger? Kan ikkje plasserast. Bra? JA!

Då Adam Green fekk valentinskort

…på valentinsdagen på Parkteateret.

Beklager dårlig kvalitet, mitt kamera er forsvunne, heldigvis er sjarmen kvalitetssikra.

Heart and soul

Adam Green-konserten i går kan berre beskrivast med eit ord: sjukt. Det var eit energinivå på scena eg ikkje har sett maken til. Dansen har eg ikkje set maken til. Klininga med den eldre dama har eg ikkje sett maken til. Det er ei slik oppleving som ein kan seie; “du skulle berre vore der” til. “Jessica Simpson”, “Dance with me”, “Drugs”, “No legs” og “Baby’s gonna die tonight” var berre få av fleire gode/sjuke/latterlige sprø låtar som vart spelt den kvelden. Crazynesskarakter: 6.

Oppvarmingsbandet, Jukebox The Ghost, er det første oppvarmingsbandet som nokon gong har fått meg til å gå i frå konserten med oppvarmingsbandet sitt materiale i handa. Vinyl og album måtte kjøpast, og eg angra ikkje. Sjekk dei ut! (Video ligg også i innlegget under)

Hard to be a girl

Hard to be a girl
So nice to be a boy
In my room at night
Not a pretty sight

Here’s an empty kiss
Marching to the rhythm of the payroll
I can be a good boy too
Just let me out of the stable

Sausages and eggs
And hot and sour soup
Thank me for your time
’cause I can be as bad as you

Hard to be a girl
That’s what the oracle told me
I don’t care what she says
I assume it’s best to be lonley

Nokon som har eit kamera? It’s gone! Og eg må dokumentere morgondagen.

Adam Green – Parkteateret scene 14.februar kl. 21:30! BE THERE OR BE PINGLETUFS!

Jessica Simpson

Eg er så klar for valentinsdagen på Parkteateret.

If I had a heart

Eg angra på at eg ikkje tok med meg kamera på konserten. Eg angra på at eg ikkje tvang alle rundt meg med på den. Eg er lei meg på alle som ikkje var der sine vegne. Fever Ray er i og for seg fantastisk. Å kome dit, og ikkje forvente meir enn mystisk, kosleg, beroligande og fin musikk, for så å kome til Sentrum Scene og sjå den feitaste scena eg nokon gong har sett, vart ei stor oppleving for meg. Scena var dekka av røyk og Karsten-lampar som belyste scena i takt med musikken. Det var magisk, og eg vart bergteken. Det var første gong eg har vore på konsert med Christopher og eg har holdt kjeft under heile konserten. Eg sat berre og måpte.
Karakter:

5,5/6