Kategoriarkiv: spørsmål

Parken what’s it’s name?

Var ute på oppdagelsesferd/vekkelsesferd etter endt Øyafestival. Der oppdaga vi ein park som luktar Nedreberg. Dritgodt. Det var like mellom Hasle og Carl Berner, og heng nesten “fast” i Tøyenparken… Vi har googla,  men finn ikkje navnet på den. Der er masse skog. Utsikt over Oslofjorden og Holmenkollen også. 

Anyone?

Take away?!


Her er eg. Slik ser eg ofte ut. Eg ser slik ut når eg spør om eg kan få kjøpe ein kopp kaffi, eit målitd, ein kopp te eller kanskje til og med både ein kopp kaffi og eit måltid på ein og same tid. – På restaurant eller café vel å merke. Men for mange så ser eg ut som take away-Birgit. Det skjer fleire gonger enn det ikkje skjer. Om eg sit meg ned på eit bord, og ventar på maten, kan den dukke opp i doggybag. Den kan dukke opp i doggybag om eg er saman med andre også, då får dei helst maten servert på tallerk. …Så i dag då eg skulle kjøpe meg kaffi på HiO-kaféen, tok eg av meg (nesten) alle kleda, flekka opp macen på eit bord, la ut skulebøkene mine og opna opp midt i boka – slik at det ikkje kunne misforståast: Her vil eg sitte. Også gjekk eg for å bestille ein kaffe latte med h-mjølk. Fekk den i take-away beger. – Eg sit der borte, seier eg og peikar på mannen bak kassa som forøvrig observerte meg då eg pakka ut flyttelasset mitt på bordet. – Jaha, ja! Det såg bare ikke sånn ut.

 

WTF!?!?!?

Kvar er du, Lampen?

Kvar er du? Er du i søpla? Er du i studio? Har nokon teke deg? Kva skjedde med deg i sommar? Hmmm… Må eg til Laos og kjøpe ny? Eller fins slike i Marokko?

Hjelp!

Eg har så sinnsjukt lyst på julebrus. ORDENTLEG julebrus. Grans julebrus! Ikkje sånn skvip, men sånn som er på denne flaska her:

Kvar kan eg få tak i det i Oslo-området??

Tropo?

tropo

Er det nokon som hugsar denne brusa? Den har gått meg fullstendig hus forbi. Eg kan ikkje hugse å ha sett den før, i det heile. Og eg pleier å hugse slike ting – sjølv om eg ikkje drikk brus. Men eg blir veldig betenksom (er det det det heiter? Og er det greit å skrive 3 X det etter kvarandre?) når 16 000 menneske har gått i hop på Facebook og krevd den tilbake. 16 000 menneske er ikkje mange menneske, men det er likevel 16 000 individ som har samla seg for å få tilbake ei brus eg ikkje har høyrt om. Også er det med tropisk fruktsmak, burde den ikkje vore i nærleiken når eg var fjortis i så fall, og skulle finne noko å blande det mildt sagt ekle heimebrente med? Einaste eg forbinde med Grans er anten øl eller den fantastiske julebrusa, ikkje Tropo! No er eg fødd i 1987 og det er vel ein promillesjans for at brusa var før mi tid… Kan nokon hjelpe meg? What’s up with that brus!?