Dagens:
"- Åh, se en planlegger som begynner i januar 2011! herregud, min går jo ut i desember 2010!! Sykt flax!" (Observert av Stine)-
Sist sagt
shoops på Oppdrag vekemålet: Flytte… MORA på Oppdrag vekemålet: Flytte… iD. på 50 dagar igjen til Coachella … iD. på Now and then I think of all th… MORA på Nå er det bare noen bakker… Agenda
-
Flickr



More Photos Noko å kike på
Skrive om
Anbefaling casa murilo christopher coachella deligutten eksamen festival film glede grunerløkka hans ulrik humor india jannike jobb kjærleik konsert kos limita lisa mari mat musikk musikkfestival musikkvideo nedreberg oasis oslo oxigeno parkteatret scene reise sentrum scene Skofus snø sove stig Stryn taiwan tanzania tiril tormod travelling trening Vekemålet zanzibar Åse MariaEmner
Where are you from?
-
Top Clicks
- Ingen
Kvitring
- Er avhengig av Half Moon Run......1 day ago
- Livetweeting frå @Parkteatret: Half Moon Run, Å SÅ JÆVLIG FEITT! Digg musikk!!.....5 days ago
- If I could offer you one tip of the future: Sunday Digestive would be it. @Parkteatret.....5 days ago
Kategoriarkiv: Synskorrigeringa
Det beste året… Nok ein gong!
Posta under Livet generelt, Synskorrigeringa, Travelling
Merkt Australia, cut copy, dandy warhols, dykking, fallskjerm, fiji, folven, hans ulrik, heidi, Ina-Mari, jul, kava, kiss, konsert, los angeles, lovefilm.no, madrugada, new zealand, nordfjord, nyttårsafta, thailand, the office, the vineyards, vibeke, vietnam, zorb, zwoop
Då eg datt foran trikken
Eg hadde nettopp sendt ein pakke i posten til Ina-Mari og var lykkelig over den fine solskinsdagen og den gode kommentaren om at eg var flink å teikne, som mannen bak kassa i posten gav smilande til meg, og insisterte at jo, det var eg sjølv om det berre var strekmenn. Hadde teikna sjølv ja, det kunne eg bekfrefte – for konvolutten hadde eg kjøpt der. “Og så rask du må ha vert da, supermann i strekmenn jo”. Den var litt drøy tenkte eg, men la gå. Tok til meg det eg fikk, smilte, pressa solbrillene lenger opp på nasa og myste mot utgongen. No var det skulen sin tur. Olav Ryes plass var like rundt hjørnet og musikken i øyrene mine var meir enn velbehag.
Då eg skulle gå over vegen vart plutselig sola så sterk at eg ikkje såg nokon ting, nei, INGEN TING, det vart heilt kvitt! Sånn som eg forestille meg det kjem til å sjå ut når eg skal forlate jorda for godt. Og eg trudde nesten eg kom til å gjere det også. For før eg visste ordet av det var eg komen til enden på fortauet, og eg låg der – på vegen, passa forkava og fortumla, med brillene på snei – rett foran trikken som eg skulle ta. Hoihoi! Dette var PASSE flaut. Men jaja, sånn går det når ein er synshemma. Ein får ta hensyn til det, neste gong bør eg ha med stokk når det er solskin. Eller Hagen kanskje. Kom med på trikken i alle fall, det er det viktigaste. Den venta glatt på at eg skulle reise meg opp, og det gjorde fint alle inne på trikken også, slik at dei kunne få stirre på meg, jenta som tryna foran trikken heile vegen frå Olav Ryes plass til Kirkeristen.
