Kategoriarkiv: syting

Siste natt med Stefan

Eg kan ikkje tru tida er inne til at matmor skal få deg tilbaks, Stefan. Prrrrrrrao!

Akutt heimlengsel

Brodern skreiv at det var 4 meter snø i bakken i Stryn… Eg ville ha bildeprov. Han tok dette frå stova. No vil eg heim. Berre ein liiiiiiten tur…?

G L A T T E N !

Tørr humor

Birgit: Kan De vere så snill og gå ut når du skal snakke i telefon? Det er veldig lytt i gangen, og vi prøvar å halde lydnivået på det minimale.

Han: NEI, JEG ER MIDT I EN SAMTALE.

.   .   .   .

Birgit: Ver så snill, gå ut når du skal snakke i telefonen. Det forstyrrar konserten.

Han: TULLER DU? DE HØRER IKKE HVA JEG SIER! ER DU MORSOM ELLER?

Birgit: Ja, eg er morsom også.

 

Mannen gjekk ut. Men neste gong kan han ta seg ein bolle.

Take away?!


Her er eg. Slik ser eg ofte ut. Eg ser slik ut når eg spør om eg kan få kjøpe ein kopp kaffi, eit målitd, ein kopp te eller kanskje til og med både ein kopp kaffi og eit måltid på ein og same tid. – På restaurant eller café vel å merke. Men for mange så ser eg ut som take away-Birgit. Det skjer fleire gonger enn det ikkje skjer. Om eg sit meg ned på eit bord, og ventar på maten, kan den dukke opp i doggybag. Den kan dukke opp i doggybag om eg er saman med andre også, då får dei helst maten servert på tallerk. …Så i dag då eg skulle kjøpe meg kaffi på HiO-kaféen, tok eg av meg (nesten) alle kleda, flekka opp macen på eit bord, la ut skulebøkene mine og opna opp midt i boka – slik at det ikkje kunne misforståast: Her vil eg sitte. Også gjekk eg for å bestille ein kaffe latte med h-mjølk. Fekk den i take-away beger. – Eg sit der borte, seier eg og peikar på mannen bak kassa som forøvrig observerte meg då eg pakka ut flyttelasset mitt på bordet. – Jaha, ja! Det såg bare ikke sånn ut.

 

WTF!?!?!?

Eg vart rana i kantina

16 kroner kostar ein kopp traktekaffi i kantina på Høgskulen i Oslo. Den er ikkje særleg god heller, men innheld det ein treng: Koffein.

SEKSTEN KRONER!

Å skru av ein film…

…før den er ferdig, det kjenns ganske provoserande. Eg hadde høge forventningar, retten og sletten fordi Rickey Gervais stod for manus og regi. Men herre, det var rett og slett flaut å sjå på, and that’s not in a good way. Dagens tips: Ikkje sjå The Invention of Lying! It’s not worth your time.

Nope, not funny!

Sommarglade Stryn

HEILT SUPERT!

God betring