Kategoriarkiv: Takknemlig

Takk til deg, Daniel

Å vere besøksven er noko av det eg har opplevd som har gitt meg dei aller største setje-pris-på-augeblinka. Ein vert kjend med ein heilt framand person, og sakte, men sikkert vert veldig, veldig glad i denne venen. Ein har fått sjå korleis helsa har blitt påverka av sosialt samkvem til det i overkant positive, og ein har sett kor veldig lite som skal til for å gle eit anna menneske. Men så kjem det, eit par veker, kanskje ein månad når ein skal reise vekk, som i grunn ikkje er så lenge, men for den som ein besøker kan verke som evig tid, og ein ikkje veit kva ein  skal gjere. Det som har vore ei glede, har blitt til ein vane, og når den brytast vert det då sjølvsagt eit holrom. Dette har min besøksven tenkt på lenge, og det har skore i hjarterota mi når ho gong på gong har sagt: – Jeg gruer meg sånn til du skal dra, Birgit, da vet jeg ikke hva jeg skal gjøre. Det er jo evigheter til du kommer tilbake.

Noko måtte gjerast, eg måtte fikse ein vikar. Eg “lodda ut” besøksvenen min på Facebook, og fekk herlege mengder respons. Ein av dei som melde seg var ein kollega på Parkteatret Scene. Då var tanken klår; besøksvenen min ville få den aller beste vikar, Daniel. Eg spurde om ho kunne tenkje seg å møte han, ein av dei snillaste eg visste om, og javisst, dette mennesket ville ho sjølvsagt treffe.

I dag ringte eg for å høyre korleis det hadde gått, og ho jubla i telefonen. – Gjett hvem som er her nå! Eg kjende at lettelsen var stor. Eg var ikkje bekymra frå byrjinga av, men når ein høyrer ei gammal dame i ekstase over å ha besøk av ein som eg sjølv meiner er eit priviliegium å kjenne, då vert ein satans lukkeleg, og veit at ho er i gode hender.

Ho kunne i ettertid melde om at denne mannen var ein engel han også, med twist og klementinar og det var ikkje måte på. – Og ja, han hadde glimt i øyet da! Og så kløft i haka!

 

Tusen takk, Daniel.

Oppskrifta på den perfekte blåmandag

Endeleg

Etter masse smågodt, chips og Perspektiver på entreprenørskap, var det dags for å få system i kaoset.

 

 

Stine signerte… Og vóila. JULEFERIE! No vert det ikkje høgskulen på lenge, lenge… Over ein månad er satt av til gledens dagar. Det er så deilig, eg har ikkje ord.

Luskelusk

Lykkeleg i knuslen.

Tusen takk, Stine!

<3

Takk til Stine!

Wooh, pakke i posten!

Sjekka posten i dag tidleg – og der var det jammen komen ein pakke frå Madrid! Min kjæraste couchsurfer Liz hadde sendt meg ei lita overrasking frå Spania. Og glad vart eg! :)  

Inni denne pakken viste det seg å vere to elskbare pepar og saltbøsser! Som knuslar!

“Hope them bring you plenty of smiles each time you or anyone sees them, they tend to have that effect on people.”

Fungerer på meg ass.

Thank you Liz! 

Sjølvportrett

No ser eg omlag slik ut.


 

Born To Blues: The Music Video

Den er ferdig, og slik ser den ut:

Hurra!