Kategoriarkiv: tips

Vekemålet

Jepp, er blitt inspirert av ein kompis! Så inspirert at det er på grensa til å vere irriterande. Så eg tok idéen til mitt hjarte, og vi starta “Oppdrag Vekemålet (originalt kjent som “ukas mål”) før vi visste ordet av det. I vårt prosjekt er Limita og eg deltakarar, og vi skal kvar veke bli einige om eit mål som vi skal gjennomføre, begge to, eller kvar for oss. Om vi ikkje klarar å nå måla før veka er omme, må 200 spenn gå i ein pot som skal kunne brukast på noko bra når det er nok spenn i potten. Måla skal alltid vere konstruktive. Forhåpentlegvis kjem vi på så bra ting – at vi uansett type utfordring klarar å gjennomføre måla, sjølv om premien er fristande nok i seg sjølv. Denne veka kom vi fram til at vi må lage minst tre middagar som vi skal ete saman ved kjøkenbordet, noko som er særs sjeldan i vår travle kvardag.

Sidan det var haustfest i går, og vi begge to kunne beskrive oss som slitne, var det greit å lage ein enkel middag. (Mitt krav til middagslaging denne veka er forøvrig at om det tek under 15 minutt, eller er frå ein pose, så kan det ikkje kallast middag.) Eg tilbaud meg å lage vårt første måltid: Quesadillas med einerøykt laks, salat og guacamole. Det vart snydens, og vi åt meir enn vi burde. Burde vel ha laga heimelaga salsa, men “helga er ikkje berre burde, burde” – og det gjeld tysdagen óg, så den kom rett frå boks!

Er kjempenøgd med biletet, og ser at det har 100% forbetringspotensiale...

Alt ein treng er: wraps, einerøykt laks/ørret, creme fraiche, mozarella, salat (denne dagen: isbergsalat, spinat, raudlauk, tomat, avokado, mais, paprika, agurk og balsamico). Guacamole: avokado, kvitlauk, sitron, salt og pepar. Framgangsmåte: Gjer det du føler for. Berre pass på at du grillar quesadillasen på rist – slik at dei vert jamt sprøe, og lette å skjere opp etterpå. Tek ca. 20 minutt (og er difor innanfor middagsdefinisjonen!). I morgon skal Limita kokkelere til meg. Eg GLER meg.

Funfact: Avokado er eigentleg ei frukt og veks på tre, men sidan den ikkje er søt og ikkje innehelde fruktsyre, vert den behandla som ein grønnsak. Ikkje rart det i grunn, den er jo ein veldig grøn sak…

Nam Nam!

Faen, ting går meg så jævlig hus forbi for tida. Og no skal eg sørge for at det ikkje går deg hus forbi…  Crazy-B, DJ Need, DJ Pone og Little Mike kjem til Oslo! 24. september! Dei fire franske som gav turntabelism ei heilt ny meining for meg, Birdy Nam Nam! Å fyffaen kor eg gler meg.

Dj Need:

Dj Pone:

Lil Mike:

Crazy B:

…og saman vert dei:

jævlig feite.

Tips til daiting

Spel minigolf!

Latterlig morsomt, og om du ikkje har noko å snakke med daiten din om der, så er det lost case anyway!

Eg var på dait med min nye venn, Wenche, og heldigvis hadde vi masse å snakke om.

Minigolfen er ved Nybrua på løkka, og kostar 40 kroner. Billig og bra!

Hurra. :)

Birgit’s handyguide: Ny garderobe

Yes, eg fekk låne drill med Kristoffer og var klar til å ta tak på garderoben. Hadde slik som biletet ovanfor, men det er ingen vits når veggen er superskeiv og heile opplegget er klar for å velte over – og det berre er snakk om tid. Eg tok turen rundt i heile Oslo for å finne knaggar eg kunne bruke, eller oppheng, eller whatever som kunne fungere… Ingen hadde noko. Då vart det Ikea. Ingen hadde noko der heller. Men så fann eg hyllevinklar i hage-avdelinga. Dei kunne eg bruke!

Så… Tok til på denne veggen.

Skrudde opp ein vinkel…

Skrudde opp fleire vinklar…

Og vips: Ny garderobe! Pris: 210 kroner. 35 kroner stk!

Fornøgd? Ja. Lov til å bore hol i veggen? Veit ikkje. Tek vi standpunkt for det no? Nei.

Birgit’s handyguide: Korleis lage lampe (del 2)

Tidlegare i haust hadde eg ein handyguide om korleis ein laga lampe. Denne gongen er det ikkje like komplisert (evt. farleg), men vart likevel ein fin lampe. Eg fekk ikkje støt, og ingen vart skada under innstalasjonen.

Bruksanvisning kjem her:

1. Reis til Laos.

2. Kjøp rislampe forma som eit sylinder av pappaen til desse herlege ungane.

3. Gå på Granit på Grünerløkka og kjøp julelys av dei lite service-innstilte medarbeidarane der.

4. Gå på Ark på Grünerløkka og få dingsebomsa, som dei henge opp reklame med, av den fine, fine dama bak disken.

5. Heng dingsebomsane (plastikkdings og vaier) opp i taket. (Sørg for å nå opp i taket.)

6. Fest julelysa i dingsebomsen, og heng lampen over.

Tips til essayskriving

kopings1

  • Ikkje finn på unskyldningar for å sleppe unna (klesvask, oppvask, bytte på seng osv. Alt dette er typiske ting som verkar så masse, masse kjekkare når ein eigentleg må gjere andre ting).
  • Tenk at om du ser ei sky på himmelen kan det faktisk konnotere dårleg veir.
  • Skriv motivasjonslappar og la deg motivere.
  • Finn noko som engasjerer deg! (i dette høvet: Haldningskampanje av FRP)
  • Ikkje ver obs på at Ut i vår hage fins på NRK.no.
  • Ikkje tenk på at du har meir lyst til å gjere andre ting enn å skrive essay (skrive blogg derimot…).
  • Tenk at om ein (eller to) dag(ar) har du levert.
  • Sei klart og tydeleg i frå til Jon Blund at han har å vente til natta er på plass.
  • Ikkje la deg friste av Christopher sin latter – ein konsekvens av Flights of the Conchords.
  • Tenn stearinlys.
  • Set Thomas Dybdahl på playlista på Spotify.
  • Tenk at denne skrivinga er ei av dei hendingane i livet som er med på å forme deg frå å vere ein spire (rot?) til eit vakkert tre, som det som er under.

treet