Endeleg tilbake i squashmodus. Freakkin’ fantastic!

Limita med den sjukaste uttyingsøvelsen eg nokon gong har sett.
Sjuuuuukt digge sko. Suddenly everything is right.
Skulle prøve meg i veggen for første gong etter squashen. Det gjekk rimeleg dårleg. Høgrearma var heilt utkøyrt, og innsåg etter litt topptau og buldring at dette måtte bli ein sjå-på-Limita dag. Brukte den vel og flittig på å ta bilete, og prøve å lære meg teksten på 2080.




Yeah Yeah we can all grab at the chance and be handsome farmers,
Yeah you can have twenty one sons and be blood when they marry my daughters,
And the pain that we left at the station will stay in a jar behind us.
We can pickle the pain into blue ribbon winners at county contests.
…etter ein time øving er det så vidt eg får det til. Fantastisk låt.
(Blogotheque si innspeling i Paris.)
Merkt 2080, buldring, klatreverket, klatring, musikk, vanskelege lyrics, yeasayer
Når eg høyrer folk snakke om kor kjekke ulike sportar er, så tenkjer eg ofte “blablabla”, det er sikkert heilt ok, og ikkje noko meir enn det. Men når det kjem til squash har det vore “blablabla” all over the place, og til slutt så måtte eg gi etter og prøve. Pontus tok med meg, forklarte reglar, high-fiva på min første gyldige serv, skraut litt her og der, lo der det høva seg, - og var gentleman nok til å haldt kjeft der han burde. No er eg heilt øsa, og kan ikkje vente til neste gong eg får spele. Racket og nye sko står på øverste rad i prioriteringslita. Nok ein sport eg aldri kjem til å bli god i, men som eg syns er heilt topp! Feitt!
Posta under Travelling, trening
Merkt africa, afrika, fjellklatring, klatremekka, klatring, maroc, marocco, marokko, reising, rock climbing, todra gorge
Aaaaah, ENDELEG tilbake i klatreveggen. Har ikkje klatra sidan juli då vi var på Beachen i Stryn.
Gary og eg var å klatra på Klatreverket i går. Midt på dagen var det nermast ingen menneske der, og vi kunne klatre alle rutene vi ville. Dødsdigg å kjenne på kor tungt det er, og vite at etter ei stund er kroppen og teknikken blitt mykje betre.
Slitne føter etter ei lang økt i trange sko.
Mål før desember: Klatre minst to gonger i veka, og naile ein 7′er. .
Posta under Livet generelt, trening
Merkt gary, klatre, klatrevegg, klatreverket, Thorshov, trening
I dag var ein av dei dagane som går unna, og er så jævlig bra at ein kan lure på kvifor. Hadde ei artig stund med to klassevenninner der vi skreiv manus på tidenes artigaste høyrespel. Eg gler meg til å produsere, mikse og le så magen verker. Spekuativ fiksjon, vi har dei lausaste taumane og den herlege fantasien. Ein fantastisk kombo! Etter skulen såg eg på ei oppgåve eg snart skal skrive, også var det middag, også var det tid for trening i lag med Hagen.
Spinning, og mage/rygg. Herleg! Var klar som eit egg då vi skulle starte. Så starta vi, med 45 sekund MAX TEMPO, 30 sekund ståande, MAX TEMPO, og oh my god. Det var galskap å gi så full gass. Det var galskap å trakke i veg. Det var galskap å vite, at etter dei 3 hardaste minutta på lenge, hadde eg berre 72 igjen… Eg kunne ikkje anna enn å smile. Det enda opp med at produserte endorfiner som garantert var mynta på eit par som skulle bli nyforelska og gå på speed, og klarte ikkje slutte å smile. Instruktøren påpeika det fleire gonger, og eg vart flau. Så måtte eg smile endå meir. “Hu der, hu smiler bare mer og mer hu!” På siste låta såg eg at han tok meg i å smile det breidaste smilet eg nokon gong har hatt. Då hadde eg trakka ALT eg hadde, for å seinare innsjå at finalelåta stod igjen.
Trapperekord: 27 sekund med sekk.
No er det tid for senga… Tidlig opp i morgon, trening og oppgåveskriving. Også får ein sjå kva fredagen bringer…
Det her vil i alle fall søndagen bringe:
Så herlig, morsomt og dårlig/kult. Can’t wait!

Det er annan kvar torsdag – Jan Henning-torsdag. Lisa Mari er på plass, og Trine har sin jomfrutur med Jan Henning spinning. Opp klokka 06, puls på 95 fire gonger før 07:30. Det er max guff,og Jan Henning pusha på som “aldri før”. Eg lar meg nok ein gong overraske over kor sadistisk eg er som smiler meg gjennom ein times økt med eit helvetes kjør. Det er knall musikk og beina går av seg sjølv, sjølv om pusten heng langt etter. Av og til får ein kjensla av å dø, og bilete frå barndomen dukkar opp, men så ropar Jan Henning, at no er det berre ti sekund igjen av denne låta – så det er berre å gje alt! Musikken får deg til å gi 100% på kvar einaste låt, med ei god blanding av gamle slagarar og musikk som får deg til å trø for harde livet. Og når du er så sliten at du ikkje har trua på at det fins meir å gi frå skrotten, så køyrer Jan Henning i gong med Arctic Monkeys – I bet that you look good on the dancefloor, og plutselig ein meir enn nokon ville trudd var mogleg.
Då vi var ferdige, og alle hadde fått samla pusten i ei roleg uttøying, var Trine sitt einaste ord: Fantastisk. Og det var det det var. Fantastisk. Ho hadde tydelegvis skjønt kvifor vi snakka så varmt om Jan Henning sine timar, dei er rett og slett fantastiske. Til vår store skuffelse kunne han meddele at dette var siste torsdagsspinningen, og vi sjåast igjen i august. Herregud. August er jammen lenge til! Vi får krysse fingrane for at han kjem innom før det. Oxigeno vert ikkje det same utan han. Det gjenstår vel egentlig berre å seie; God sommar til Jan Henning! Vi kjem til å sakne han! Og ikkje minst, så angrar vi på dei torsdagane vi har gått glipp av når han har stått for trøkket… Om eg skal ha eit mål for hausten, så vert det: Ikkje gå glipp av Jan Henning-spinnings ever again (med vesentlege unntak åff kårs – død, utanlands/by-reise, spysjuka og svartedauden).


Posta under trening