Kategoriarkiv: Vekemålet

Oppdrag vekemålet: Flyttelasset

“Yte noko av seg sjølv til eit veldedig formål.”

Måndag var eg i gong. Halv elleve møtte eg Anders for å hjelpe han med flyttelasset. Sidan eg har den uheldige kombinasjonen lappen og mangel på frykt, skulle eg vere sjåfør. Køyre ein gamal Dodge van. Berre eit par lass.

Det gjekk ikkje slik. Denne bilen var automatgir, og ved lenger stopp (les: raudt lys) måtte ein både bremse og gasse på same tid, slik at batteriet ikkje skulle døy. For om turtalet var låg over lenger tid, då døydde han. Heilt uavhengig av kvar han var. Og då måtte eg ut og starte han, med startkablar eg vart godt kjend med.

Dette gjekk greit heilt fram til klokka var halv fem, maksimal rushtid og på veg for å hente nest siste lasset. Vi stod ved Kiellandsplass, i krysset ved Waldemar Tranes gate og Maridalsveien, rett ovanfor Gutta fra Calcutta ville han ikkje meir.  Vi stod i vegen for bussane, og fekk ikkje flytt han. Ut med startkablar, bilen i gong, og i det eg sette han i Drive, stoppa han igjen. Bussjåførane var sinte, vi stod i vegen for innkøyring til busslomma. Vi prøvde igjen, fekk bilen i gong, men med ein gong den vart sett i gir slo han seg glatt av. Det enda opp med at vi måtte sette han i nøytral, rulle nedover vegen, rope på dei som hadde tenkt å krysse gata og fortelje at det kanskje ikkje var så lurt, for så å trille nedover Maridalsveien heilt til vi brått måtte snu over til venstre då det var kø ved lyskrysset nede ved Arkitekthøgskulen, og bremsene streika. Det var ikkje så lett å svinge, då rattet hadde plysjtrekk og trekket for rundt og rundt, i staden for rattet.  
Det var eit sjukt styr. Bilen måtte skubbast til ein parkeringsplass der han kunne stå til Falken kom. I mellomtida stakk vi til Ensjø og henta ein ny bil. Toyota Hiace. Lett å køyre, men ikkje heilt greit etter  å ha blitt vand med å gasse og bremse på same tid. Likevel, eit sjarmtroll av ein bil.

Bilen hadde gps! 
(Gris på snor)

Då vi endeleg var ferdige og leverte bilen til sin rette eigar, var vi klare for ei velfortent pils, tok vi taxi strake vegen til Parkteatret der det var personalfest. Vi var begge lukkelege for at eventyrer endeleg var over, og at Anders endeleg var på plass i si nye leilighet.

Eit par lass vart til 11 timar, og eg ytte meir enn planlagt av meg sjølv til eit veldedig formål: Anders. Å flytte er det verste eg veit, men å kunne hjelpe andre slik at prosessen skal kunne gå så smertefritt for den det geld, det er ei sann glede. Og ikkje minst hjelp som vert sett pris på! No gjekk ikkje dette smertefritt, men derimot vart det ei oppleving eg seint kjem til å gløyme.

Oppdrag vekemålet: FAIL

Herregud. Vi er ikkje nok saman til å kunne få til éin middag i lag før siste dagen i veka, og når vi først skal lage den har vi ikkje klart å tenke på det i god nok tid til å utrette ein siste den av vekemålet: Fiskegrateng frå skratch. Fisken skal jo for pokker tine først! AH. GOD DAMMIT. Limita faila mest, ho kom seg ikkje i veggen, men vart med på squashen, så ho må spytte inn 200 spenn i potten. Eg faila berre på sistnevnte, og sidan dette var ei kollektiv failing slepp eg unna med 100 spenn.

Då må vi flytte fiskegratengen over til neste veke, og legge til eit nytt mål i tillegg. Limita var flink å setje utforminga for neste veke sitt mål: Yte noko av seg sjølv til eit veldedig formål. Spenn er ikkje godkjent, eller levering av kle til Fretex. Vi må YTE. (Besøksvennen min tel vel å merke ikkje, dette må vere utanfor dei vanlege rutinene.)

Tips vert motteke med glede!

Oppdrag vekemålet: Klatring og frukost

2012 har gått så fort at vi ikkje har rukke å ta til på vekemåla enno, men for to veker sidan kom vi endeleg i gong! Denne veka gjekk uhorveleg fort også, det var meininga at vi skulle klare å karve oss saman minst to gonger for å klatre på Klatreverket, men plutseleg var veka over. Vi klarte berre å møtast ein gong til slike aktivitetar, og enda opp med:

Vi hadde vel å merke planlagt å klatre søndagen, men sidan eg omlag ikkje kunne gå etter Holmenkollrennet, var det ikkje sjans. Dessutan var Limita så sliten at ho ikkje kom seg opp av senga heller. 200 kroner fattigare begge to.

Forrige vekemål var eit mål vi måtte sette oss av den grunn at det var så hektiske dagar som kom oss i møte at vi måtte vere førebudd. Snowboard VM stod for tur, og vi skulle arbeide frå tidleg morgon til halvtidleg kveld. Og utan mat og drikke dug nok helten ikkje. Ingen av oss er flinke til å ete frukost, så denne veka var det ein god start på dagen – kvar dag, som skulle til for å oppnå godkjent på vekemålet. Det gjekk ikkje ein dag utan at vi åt frukost før vi tok til på dagens aktivitetar. Tommel opp for begge to, og lat oss håpe at vi klarar å skjerpe oss litt på denne vanen. Vi kan ikkje fortsette med å hoppe over frukosten, vi må fortsette denne trenden!

 

Oppdrag vekemålet: Poesi på puta

Dikt kvar dag, f.o.m mandag t.o.m torsdag. Dette var litt av eit kniseprosjekt, og herre så kjekt vi hadde det. Vi skal nok ikkje slutte med den slags kreativitet, men kvar dag vert nok litt i meste laget.

Poesi på puta

Litt mindre vulgært i går frå Limita si side. Veldig kjekt dikt. Mitt kan av ulike orsaker ikkje publiserast på nettet.

Dag to vel gjennomført.

 

Oppdrag vekemålet: Poesi på puta

Denne veka skal vi utfordre den kreative delen. Tulle litt og skrive dikt. Fra og med mandag, til og med torsdag skal vi dikte til kvarandre, og ha overlevert det før midnatt. Limita var så ivrig at ho nesten ikkje kunne vente med å overlevere godsakene, og eg vart sjarmert berre av å høyre ho prate om diktentusiasmen hennar. Og betre vart det då eg las det. Då lo eg. Godt.
Eg starta med eit tradisjonelt dikt. Som fortalde om dagen min, med enderim.
Poesi på puta der altså.

Norskrapversjonsdikt. Imponerte meg ass. Og fekk meg til å rappe.


Insa'Allah!

Oppdrag vekemålet, det er boka mi: Approved

Veka er gått, og sjølv om vi ikkje kom i gong før onsdag har vi begge to lest boka vi skulle lese. Limita las Poplulærmusikk frå Vittula, og sa at ho slappa av for første gong på lenge. – Boka var veldig hyggeleg, og berre dei to første sidene gjer boka verdt å lese, seier Limita Lunde. Topp stemning det altså.

Fear and Loathing in Las Vegas gjekk unna, Gunnar. Fantastisk å kunne ha Johnny Depp sin karakter frå filmen i bakhovudet også. Boka handla om forfattaren (Hunter S. Thompson) sine to turar til Las Vegas saman med advokaten sin, og uendeleg med  LSD, ether, kokain, alkohol, mescaline, og cannabis.

For min del er peaken i boka når advokaten ligg i badekaret og insisterar på å få radioen kasta i badekaret når Jefferson Airplane sin White Rabbit når sitt klimaks, ellers er siste delen i boka perfekt. Den oppsummerer heile turen på ein deilig måte. Eg vel difor å dele den med dykk:

(…) Since I was already here, I thought I might as well pick up a vicious dog. But first, something for my nerves. Immediately after the plane landed I rushed up the corridor to the airport drugstore and asked the clerk for a box of amyls. She began to fidget and shake her head. “Oh, no,” she said finally. “I can’t sell those things things except by prescription.”

“I know,” I said. “But you see, I’m a doctor. I don’t need a prescription.” She was still fidgeting. “Well . . . you’ll have to show me some I.D.,” she moaned. “Of course”. I jerked out my wallet and let her see the police badge while I flipped through the deck until I located my Ecclesiastical Discount Card – which identifies me as a Doctor of Divinity, a certified minister of the Church of the New  Truth.

She inspected it carefully, then handed it back. I sensed a new respect in her manner. Her eyes grew warm. She seemed to want to touch me. “I hope you’ll forgive me, Doctor,” she said with a fine smile. “But I had to ask. We got some real freaks in this place. All kinds of dangerous addicts. You’d never believe it.”

“Dont worry,” I said. “I understand perfectly. But I have a bad heart and I hope –”

“Certainly!” she exclaimed – and within seconds she was back with a dozen amyls. I paid without quibbling about the ecclesiastical discount. Thn I opened the box and cracked one under my nose immediately, while she watched.

“Just be thankful your heart is young and strong,” I said. “If I were you I would never… Ah.. Holy shit! What? Yes, you’ll have to excuse me now; I feel it coming on!” I turned away and reeked off in the general direction of the bar.  (…)

 

We were somewhere around Barstow on the edge of the desert when the drugs began to take hold

Ny veke, nytt oppdrag: Kjøpe ei bok som vi meiner den andre vil like  / ha godt av å lese – og lese boka ein har fått av den andre innan veka er omme.

Var innom Tronsmo for å finne den perfekte boka til Limita. Først spurde eg om tips, kanskje dama bak disken kunne kome med nokre gode forslag, men det viste seg at ho hadde ete mykje meksikansk sopp, så tipsa ho kom med var heilt på tur. Då eg til dømes spurde om ho visste om ei bok som kunne få ein til å le slik at det er fare for at snørr/slev kjem ut av opne holrom – gav ho meg tips om “the boy with the striped pyjamas”, som kanskje er noko av det mest deprimerande eg veit om. Håpar ho ikkje var tilsett, men berre ei tilfeldig som stunta litt ved å stikke innom, og late som om ho stod i kassa.

Etter å ha funne Populærmusikk fra Vittula (som eg har høyrt berre gjeve ord om), vart valet enkelt. Har lenge hatt lyst til å lese den sjølv, og kunne tenkje meg at det same gjaldt Limita, så den fekk vere med heim, innpakka i gullpapir med sløyfe på. Den vart motteke med glede, og ja, ho hadde også lenge hatt lyst til å lese den. Bingo!

Limita klarte ikkje å begrense seg til éi bok, så ho kjøpte like godt to. Eg treng vel å merke ikkje lese begge før veka er omme, men har ein plan om å lese begge to innan kun kort tid. Takk til deg, Lunde! 

No spørs det om Limita klarar å fullføre, då ho har særs mykje arbeid denne veka, men eg set ein knapp på at i alle fall eg klarar å lese den eine. Eg har i alle fall nok fritid til at det i teorien skulle gå ganske glatt. Er godt i gong med Fear and Loathing in Las Vegas, og når den første setninga er “We were somewhere around Barstow on the edge of the desert when the drugs began to take hold”, seier det seg sjølv at dette er god underhaldning. Eg gler meg til å fullføre.