Kategoriarkiv: vits

Vintersko

Har kosa meg max på by:Larm, men har likevel observert mote denne helga. Det har jo vore Oslo Fashion Week. Og i den anledning vil eg poste tidenes vintersko. Eg tør påstå at dei er styggare enn mine egne. 

Se og Hør på sitt beste

I dag etter trening (obs! sjølvskryt her: Step/Styrke, Mage/Rygg OG Afroaerobic! Wow, wow, wow!) var eg innom jobb for å hente blad som eg kunne kose meg med i hengekøya i kveld. Uncut, Q, Mojo, Cosmopolitan, Pondus, Kollektivet og andre godsaker fekk vere med i sekken. Då eg skulle betale for stratosen i kassa, kom eg over Se og Hør. Eg pleie som regel alltid å sjå på framsida, men denne gongen var det ei sak som fekk meg til å måtte lese, og sjå på bilete. Charterfeber-Hilde har fått seg kjæreste. Og han er 21 år! TJUEEIN! Hilde har ein son på 15 år, som gjorde saka ganske så lekker. Difor gir eg dykk herved gleda av å trekke på smilebanda.

Charter-Hilde og kjærasten.

Så bra for Oscar at han endeleg har fått seg ein leikekamerat!

Og dette gjeld sjølvsagt ikkje berre på sofaen!

Kven er kven? Ikkje godt å sei, men det står at det er Oscar som er på delfinen, så det er turtelduene på kvalen. Kjekt for dei. Og ikkje minst kjekt for oss.

Dagens Finn.no

Kona har stappet kommoden så full at skinnene har blitt ødelagte, men selve kommoden er av veldig bra kvalitet og har kostet nesten 4.000 kroner. Så skifter du ut skinnene på siden av skuffene får du en skikkelig kommode til en billig penge :-)

Porno til å dø av?

Vi har porno på jobben. Hurra tenker du sikkert, men dette er ikkje eit hurra-rop. Heller eit Ææææ, hjæælp! Skulle gå gjennom returhaugen også kom eg over forsida som er vist nedunder. Biletet vekker oppsikt nok i seg sjølv (ser jo ut som om han skal daude, og dama er dritskummel), men så kjem overskrifta som fulgte med til biletet også; “Bundet kjærlighet”. Herregud. Kva meinast med det? Eg vart skremt til å ikkje ville sjå kva det eigentleg handla om. Kan kjærlighet bli meir bunden enn at dama får lov til å kvele mannen med puppane?!?! Berre eit spørsmål kasta ut i natta…

porno

Eg har sjekka skattelista!

chucknorris

Whoops…!

Må fortelle det no medan det enno er eit friskt minne. Hadde ein koseleg kveld med Hagen, Stein Inge, Stig, Lisa Mari, Magnus og Christopher i kveld (taco, god drikke og “Minutt Mesterne”), topp stemning. Litt seinare bar det ut på Løkka for ølkrana og det sosiale samværet. Tidleg kveld, men kjempekos. Vi skiltes rett ovanfor Fru Hagen, dei gjekk opp mot Birkelunden og eg gjekk ned mot Schousplass. Hoi Hoi!

På veg forbi køen til Fru Hagen var det spesielt kul musikk på playlisten (Beck – Get Real Paid), så eg hadde absolutt ikkje dårleg tid på veg heim. I køen la eg merke til ei høg jente i svart kåpe med lyse, gjennomsiktige strømpebukser og pumps. Det fekk meg til å stusse, og eg stoppa og og vips: Eg fekk sjå alt eg ikkje hadde bedt om å sjå. To stk. rumpeballar og ein altfor trang tanga. Naturlegvis stogga eg opp for å sjå om nokon gjorde noko for å dekke til henne, eller i det minste advare om at det ho eventuelt hadde på seg hadde sklidd altfor langt opp og at ho no blotta seg for omlag heile nedre Grünerløkka.

– Eh, unskyld? Men du? Eg tenkte berre å seie i frå, om du ikkje var klar over det, at… Heile rompa di syne mellom splitten i kåpa di!

– Ja? Jeg har jo på meg skjørt…

– Nei, alså, eg meina… Eg ser tangaen din? Og rompa di…

Jenta snur hovudet rundt og vert obs på den nakne rompa gjennom strømpebuksa. Ho vert stor i augene og får eit lite anfall panikk, ein sjuk type latter. Eg blir ståande og måpe, og veit ikkje heilt kva eg skal gjere. Venninnene hennar er inne i lokalet, ingen ho kjenner er utanfor – og eg, er i ferd med å knekke i hop med tidenes latterkrampe. Etter litt retting på kåpa, og eit par ring til venninnene som skulle kome ut og hjelpe henne, fortalde ho at ho antaglegvis hadde mista skjørtet sist gong ho var på do, på Café 33… Altså, eit godt stykke lenger oppe i gata. Er det mogleg!?!?

Well…

Eg gjekk heim, med latteren langt oppe i halsen heile vegen heim, og sat endå meir pris på at mitt vesen ikkje var ukontrollert full, men heller takknemlig for at mi nye seng skulle bli min neste destinasjon.

God natt, fylleangst! Eg veit i alle fall om éin person som kjem til å ha ein angstfull dag i morgon – and that person is not me;)

HAHAHAHAHHAHA

Mona og Mikkel: Gevir

monamikkel

gevir………

Flott start på dagen

Stå opp tidleg, ha norskundervisning for 6. klasse, skriv på blackboarden…

blackboard

…og finn ut at det er sprittusj du har dekorert heile tavla med.