Stikkordarkiv: Åse Maria

Glede i Korketrekkeren

Haustsøndag

Denne helga har vore stappa med jobbings, Twin Peaks og godt lag. I dag gjekk eg ein runde for tv-aksjonen, noko som var særs bra. Alle som åpna dørene var glade for å sjå oss, gjevargleda var stor! Godt å sjå at folk ventar på at ein skal dukke opp, og ikkje minst godt å kunne bidra til ei god sak. Og så er det godt å bli litt kjend med by’n i godt selskap der praten aldri går tom.

(biletet er frå Bygdøy teke nokre helgar sidan.)

Lyset ute var fantastisk, og hausten er i ferd med å gå over til vinter – men fargane er likevel vakre som få. Hausten er nok mi favoritt-tid visuelt sett.

Etter omlag tre timar bed bøssebering tok turen til den vesle familien. Der diska Åse Maria opp med deilig heimelaga loff med chèvre, nøtter og honning. Og ikkje nok med det! Sjokoladekake stod også på menyen.

Vi såg filmen 500 days of summer, og det som peikte seg ut i den var eit usedvanleg bra soundtrack: The Smiths, Wolfmother, Regina Spector, Feist, Doves og Black Lips for å nevne nokon.

Sidan eg ikkje har nokre bilete frå bøsseberinga, legg eg ved eit blinkskot frå Fretex forrige helg. Hans Ulrik fekk velje og vrake i heile butikken… han valde å prøve denne:

Fin i forma;)

Takk for 2009, alle og ein kvar!

As always, må eg køyre i gong med årskavalkade! HÆ? Same presidure as every year, James!

Januar:

Som vanleg alltid hardt å starte skulen etter ei knallflott jul! Hagen budde hos oss i Kirkegårdsgata 7, det var knas. Mamma sendte pepperkakehus med ho tilbake til Oslo, noko som var gull verdt! Livet gjekk som smurt på Oxigeno, og det var kos å gå over Akerselva og sjå på endene kvar morgon. Stigen, Lisa Mari og eg var på Oasis-konsert i spektrum, ei oppleving som fall i smak sjølv om gutta (as always) var passe sure. Månaden gjekk fort, og som alltid, før eg visste ordet av det, var det allereie februar!

Februar

I februar stod jobbsøking høgt prioritert. Var innom mykje snusk, før eg enda opp med kassajobben i Narvesen. Eg fekk pakke i posten med Stian, og vart sjølvsagt veldig glad! For ein hunk! Oslo gjekk frå vinter til vår og tilbake til vinter igjen på kun kort tid, og Christopher reiste i frå meg, til fordel for India. Eg vaska kåken og fann denne tingen som skapte eit stort mysterium. Februar var også månaden eg tok daiting til eit nytt nivå, og hadde ein aldeles utmerka dait med meg sjølv: snydens middag og Kaiser Chiefs som imponerte på Sentrum Scene! Dette kan eg per dags dato anbefale. I februar fann eg også ei banan frå 2008. Det var ikkje til å anbefale. Studietida mi var for det meste på Qba der dei serverte meg god mat, og sørga for å halde meg våken med ein kaffikopp i ny og ne. 20. februar rocka Hagen og eg på AC/DC-konsert, og hadde ei kule eg seint vil gløyme, før vi dagen derpå satt oss på toget til Bergen. Hagen vel å merke i ein kupé langt vekke frå kupéen til meg og Stig, der ho satt saman med ei feit, illeluktande dame som hadde fuktige sokkar som ho valde å ta av seg på toget for å “tørke beina”. Ellers beviste nok ein gong Sørlandschips at dei er god på det dei driv med, ved å sende meg ei flott kasse som eg kunne knaske på. Årets første eksamen var overstått, eg vart kalla hore i parken, Bloc Party var rå på Sentrum Scene, ein pakke låg utanfor døra vår, som viste seg å vere eit kunstprosjekt (og resultatet kan du forøvrig sjå her), Tiril og eg hadde flotte dagar på Sognsvann, og vinteren var generelt slik den burde vere: kvikklunsj og kald. Til å vere årets kortaste månad, må eg innrømme at denne månaden her inneheldt veldig mykje bra – og ein skulle nesten tru eg hadde “juksa litt” for å få plass til alt.

Mars starta med ei “einaste lang orgasme”, før mamma kom på besøk (haha, veldig artig å setje dei to setningane saman) og hadde storhelg med oss “ungane”. Eg fekk lov til å skrive for endelighelg.no mot gratis konsertbillettar, såg på svanene og fekk meg nye spinningsko og kjøpte billett til Rockwerchter. Denne månaden var også bananrelatert, men denne gongen fann eg noko eg trudde var verdas lengste banan. Det var søndagstur med Stig, noko som også førte til at søndag vart kåra til min favorittdag. Dette har enno ikkje endra seg. Eg vart sjølverklært liftekspert, middagsgjest hos Stig,  og såg det flottaste fyrverkeriet nokon gong. Anne Mari og eg var på The Vineyards-konsert, og oppdaga ein ny favoritt: Stricken City. Hans Ulrik var liten og søt,og det var ingen ting som var meir stas enn å vere barnevakt-tante. 29. mars hadde eg mitt første intervju, og fann ut at Heroes and Zeros var like kjekke som dei var flinke (les intervjuet her om du vil). Lisa Mari og eg var på Franz Ferdinand-konsert, og til vår store glede oppdaga vi oppvarmingsbandet Kissogram. Nok ein gong fekk eg pakke i posten.

I april sakna eg Skofus, budde i leiligheta til Hans Magnus under eksamensperioden, og kosa meg på Oxigeno. Eg var ein kort tur til Stryn i påska, og påskedepresjonen (grunna jobb på Narvesen og mangel på folk på Grünerløkka) vart redda av dei kjære påskeegga. 11. april såg eg ein seriøst stor hundebæsj, Christopher kom heim og eg vart dritglad. April var forøvrig den månaden eg fann ut kva eg verkeleg er god til, og kunne glatt ha meldt meg på Norske Talenter med å reinske egg. Eg fann boksen i mitt liv, og avslutta månaden med å forelske meg i deliguten.

Mai, du skjønne milde kom som eit skot. Flott veir og bryllaup på Nedreberg, før realiteten med eksamenshelvete slo inn igjen. Eg vart spelegal, lærte å lage mitt første origamihjarte, Tiril, Stig og Christopher var følgjet mitt på Melody Club, 17. mai vart feira i bunad og godt selskap, utelivet baserte seg på Internasjonalen med Dr.Nordahl og ringdans, Christopher og eg tok turen til Stryn for å passe garden. Dette var herlege dagar med Skofus-pels i nasa! Mai var einaste månaden eg klipte håret i 2009 (note to myself: gjer det OFTARE FFS!).  Eg hadde bursdag, som vart feira i parken rett før det vart juni.

Juni

Bysykkelen vart stjelt. Eksamen over, og eksamensfilmen min gav meg gratis champagne. Eg såg ei morsom reklame, Norwegian Wood introduserte meg for Nick Cave and The Bad Seeds FOR REAL, og vi forelska oss.  Eg var Oslolos, heimlaus – og kunne difor bu hos favorittfamilien, og sjå på Hans Ulrik ete pannekaker. Familien tok meg med til Horten, noko som vart ei storarta helg. Juni var månaden der Christopher og eg endeleg fann oss ein heim, på sjølvaste bursdagen hans!

Juli

Feit festival i Belgia, gode dagar i Stryn, kjekke dagar med frivillig arbeid på Malakoff, leiligheta var max kaos, og eg vart hekta på The Pink Robots sin superhit: Curly. Ei ny spalte kom opp i bloggen min: La meg introdusere deg til 90-talet. Juli gjekk fort, og var prega av øl, strålande sol og menneske eg er glad i.

August

Tidleg i august møtte eg hylla i mitt liv, eg stortrivst på Øyafestivalen i innslepp, og laga meg ein fin lampe.
Ellers gjekk august med på å nyte parklivet, ete kokosbollar og danse til morgonen kom på Internasjonalen, før Høgskulen i Oslo skulle bli min nye hang-out.

September

Klassen var på tur til Tjøme. Bollapin dukka plutseleg opp, og kjærleiken var tilbake i livet mitt. Eg skreiv med sprittusj på tavla i 6. klasse, vi fekk internett, og eg vart erklært superpølse på Narvesen. Denne kortfilmen sjarmerte meg, stratos kom i posten, og Sadossen og eg kosa oss på Teknisk Museum. Kino på Operataket, besøk av mamma (som kjøpte meg seng!), og rundballar dekorterte parken. Leiligheta tok form, og oktober kom som kjerringa på julekvelden.

Oktober


Oktober starta med ei jente som gløymte igjen skjørtet sitt på Café 33. Nok ein bananrelatert månad, denne gongen med Stig. Haustmånaden behandla Sognsvann akkurat som den burde. Eg stod ofte tidleg opp for å fare på spinning, og jobbinga på Tonsenhagen barneskule vart kjekkare og kjekkare. 18. oktober gjekk vi bøsseberarar og samle inn masse gryn. Denne månaden tok heilt av emosjonelt-messig: eg snakka (ei viss form for samtale) med Massive Attack! Konserten var heilt sjukt bra – og var nok eit av mitt livs største opplevingar musikalsk set. Jannike sendte meg pakke i posten, og gjorde meg veldig, veldig glad. Svolværpostei.
Eg fekk også pakke i posten frå Brynhild, som bidrog til usunne tenner ganske lenge.

November


Mamma og pappa hadde 43-årsdag. Eg oppdaga skikkelig, skikkelig grotesk porno (evt. morsom). Jon Kåre var i by’n, og vi var på Muse, ein veldig kul konsert. Hengekøya kom på plass, eksamensfilmen vart laga – og vi hadde det artig på set! Eivind var med på jakkeshopping, Prodigykonsert, og gav meg den kulaste tightsen ever til førjulspresang! Gilbert hadde eige radioprogram som var maaax glatten kult! Eg oppdaga krabbepostei, og hadde ei kjempeoppleving på JJ-konsert. Golden Silvers fekk meg avhengig, eg vart fascinert av kråker, Jannike var på besøk første søndag i advent og vi tente sjølvsagt adventsstaken.

Desember


Stressveker med eksamensproduksjon, ekstrajobb og anna stasj, men likevel latter og glede – i f.eks denne finn.no annonsa. Ina-Mari var på besøk, godt med spoonings, og ikkje minst deilig mat. Eg var handy og laga ein ny lampe og garderobe, pynta meg i lag med Christopher og køyrte på med julebord med Øyafestivalen. Birken Brukt åpna i Thorvaldmeyersgate, og Hans Ulrik inviterte til lucia-feiring i barnehagen. Nordfjordekspressen var god å ha til Stryn, for å feire jul der i godt lag.  Storarta julebord med alle jentene, spel og anna fanteri i tunet, og før desember var over rakk vi jammen å reise til Zanzibar også, og eg nok ein gong kan seie med handa på hjartet at dette har jammen vore eit fint år.

TAKK FOR 2009, ALLE SAMAN!

Luciafeiring med den vesle familien

På fredag var eg så heldig å få bli med den vesle familien i barnehagen. Der feira vi Lucia.

Dagane har gått i eitt sidan denne dagen, men tenkte likevel å dele bileta, for det var veldig koseleg. Nemleg.

Hans Ulrik hadde laga pakke til Tormod og Åse Maria. Slik ein flinke kar!

Kakemann! Den var flot!

Også fekk dei hjarte på pinne.

Fin dag

Det beste ved å stå opp morgonar som i dag er når det er kaldt og mørkt ute. Det er stille i gata og Karlsvogna er klårare enn nokon gong. Einaste som er ute er avismannen med tralla si, og eit kjærestepar som ikkje vil forlate kvarandre ved utgangsdøra. Innan ein og ein halv time har Oslo vakna til live, og sola har stått opp over Telthusbakken. Den harde spinningtimen er over, ei kosleg stund i badestova er nytt, frukosten er eten, også på veg til skulen for ein kort skuledag. Deretter ventar Hans Ulrik på meg i barnehagen og ønskjer meg velkomne med opne armar og smilet som smeltar meg fullstendig. Også kan vi nyte solskinsdagen i Frognerparken og sjå på hundane og endene og turistane som fotograferer seg foran sinnataggen. Også er det fiskekaker på menyen, og Åse Maria kjem heim og steller i stand med dei beste bollane i verda og får meg til å ville bli som ho. Kakaoen er så god at den gjev kroppsvarme nok til å ikkje frykte tanken på å gå ut døra for å ta fatt på heimreisa. På bussen ler eg og smiler i selskap med Ina-Mari på telefonen som eg har fått låne med Maria (tusen takk!). Heime venta Christopher som alltid er god å kome heim til. Pledd og Weeds på skjermen, også ein episode av Californication før det ber til sengs igjen, og ein ny dag atter ventar.

telthusbakken

miabirgit

frogner

hansulrik

O’ooooooh Horten

Eg fekk ei helg i Horten. Du verda! Då eg kom heim til Åse Maria sin heim, og såg kor flott det var der, vart eg mållaus. Vakkert var det. Eg trur eg ikkje har snakka så lite på lenge. Tom for ord, men auge store. Dagen etter var det også slik. Frå morgon til kveld banka hjartet mitt litt ekstra, rett og slett fordi auga var vitne til vakre ting. Blant anna dette:

havn

sykkeltur

hansulrik

fjord

solbriller

tormodhortensolnedgong

kake

… Og takk til desse to, opphavet til (for?) at eg får oppleve slike dagar: paret

Fagre Stryn

I helga som var, var heile familien samla i Fagre Stryn. Det var tid for bryllaup!
Hans Magnus leigde stor bil, og vi fylte bilen opp med Hans Ulrik, Tormod, Åse Maria, Janet og meg. Det var strålande sol og kjærleik i lufta. Og oh my god kor den kjensla av “åh så vakkert her er” dukka opp etter å ha vakna utkvilt heime på garden! Som om å bli fødd på ny;)

Bryllaupet tok stad fredag 1. mai, ein ven dag for giftemål! Vi var i kyrkja i Hornindal, der mamma og pappa var forlovarar. Dei gjorde ein fram i frå jobb! (Det gjorde forøvrig brura og brudgommen også) Mat konsumert i Stova, og dans i skulehuset. Åse Maria og eg var så heldige å få ha på oss farmor sine gamle kjolar. Og Åse Maria og Tormod tok på seg hovudansvaret for danseunderhaldninga. Dei fekk det til å gå opp for meg for eit flott par dei er, eg kan ikkje tenke meg ein betre match. (Og det ser vi vel beviset på under her også? Hans Ulrik er ingen dårlig combo!)

Hans Ulrik som Shell-gut.

hansulrik

Utsikta frå heimen – inn mot Olden, der Jannik bur!

utsikt

Skofus. Do I need to say more?

skofus

Lykke på kyrkjetrappa.

brudetrappa

Åse Maria som dansar ein “sosialistisk dans” i kjolen til farmor.

aase

Eg i den vakre kjolen til farmor. Har aldri hatt på meg noko så stasleg før.

farmorkjole

Tommelen opp!

Eg hadde gleda meg lenge til i kveld. Kvalitetstid med strikjen. Åse Maria hadde diska opp med gryterett, ris, salat og snydens brød. Med Hans Ulrik på fanget kunne eg ikkje hatt eit betre herremåltid. Han knaska fint på eplebiten sin, og eg på maten min. Ein gong inn i mellom såg vi bekreftande mot kvarandre at begge måltida smaka. Hans Ulrik var i hundre heile kvelden. Han dansa til ‘Korslaget’ til han ikkje hadde balanse meir og måtte gje etter for tyngdekrafta. Vi laga ein song der eg hadde rappe-rytmer og han spelte på mini-xylofon. Vi hadde ein liten photoshoot også, og tok oss den friheit og pimpa den nye macbooken til Tormod. Så slik ser skrivebordet hans ut no:

hansulrik1Tommelen opp!

 

Etter dette laga vi ei stor togbane og leika med den. Så vanvittig kosleg det er å ha ein slik skapning på fanget mitt, som smiler og ler, og kosar seg når ambulansen og brannbilen køyrer så fort at dei skeiar ut frå skinnene. Tannpussen gjekk glatt unna, puss puss, så får du ein suss. Før Jon Blund kom, og Hans Ulrik var framme i Mofseland fekk eg utfordra stemma på ‘Hvem kan segla för utan vind’, utrulig kor vanskeleg det er å synge seint!!

Å sitte barnevakt er verkeleg noko eg kosar meg med… Tommelen opp!