
Haha, ja, du tenker vel det er deligutten det er snakk om no, men det er det ikkje. Sjølv om det like godt kunne vore det (han blir jo finare og finare for kvar dag som går). Men no er det snakk om andre herligheter Sverige har bidratt med. Svenskane har fått meg til å le så mykje at eg grine på same tid, opptil fleire gonger! “Smala Sussie” for eksempel, ein fantastisk film som eg meiner bør stå på topp 10-lista av filmar ein bør sjå før ein dør. Den er så sjukt morsom! “Kopps” også. Og “Jalla Jalla!”. Og “Gamle menn i nye biler”. Og “Ridskolan”. Haha.
Også har vi jo Bob Hund, som no inspirerte meg til å skrive dette innlegget etter å ha høyrt “Tinnitus i hjärtat” om igjen og om igjen og om igjen… Og apropos om igjen og om igjen og om igjen, så er Joakim och Joel svenske – og “Mer av dej” er den låta eg har høyrt mest på i løp av forigge månad. Og musikkvidoen er knallmorsom! Og Melody Club – som får deg til å ville danse natta lang. Og The Hives. Mando Diao. Og søndagsmusikken, Bo Kaspers. The Hellacopters, Soundtrack of our lives. Robyn som laga superknas musikk i lag med Røyksopp. José Gonzales. Johnossi. The Knife.
Tuva Novotny.
Håkki.H&M.GinaTrikot.
Og Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Ronja Røverdatter, Madicken og Lotta i Bråkmakargatan. Astrid Lindgren generelt.
Og i Sverige ligg vakre Dalarna. Der Siljan er, og Anna – den vakraste svenske jenta eg veit om, er født.
Treng eg å nevne IKEA? Runde knekkebrød? Falukorv? Smørgåstårta? Polarbrød…
Ja, og deligutten då.
Thank you, Sweden.








Ait. Då er det i gong. Mai. Vår, lekisa i mindre klede, sol, jobbings, semesteroppgåver, eksamen, morsomheiter med Øya-crewet, Melody Club-konsert, bondetaus-aktivitetar og kosings med Christopher og Stig sånt… Ja, også flyttings. Og talet 22. Mai er ein hektisk månad. 




