Den er ferdig, og slik ser den ut:
Hurra!
Den er ferdig, og slik ser den ut:
Hurra!
Posta under Born To Blues, musikk, Takknemlig
Merkt born to blues, christopher sadorge, eksamen, music video, musikk, stop motion
Vi var i Sørkedalen for å ta restopptak. Og vi var nok heilt på jordet; det var pløygd! Pokker!
Team Born To Blues.
The leading star.
Bra shoot, kjapt og kaldt.
Posta under Born To Blues, Livet generelt
Merkt born to blues, eksamen, jordet, musikkvideo, sørkedalen
Posta under Born To Blues
Merkt born to blues, eksamen, herlig, musikkvideo, produksjon, sørkedalen, skogen
Vi er i gong med eksamensproduksjonen vår ved Medier og Kommunikasjon (2. år), HiO, og skal lage ein dokumentar om forbrukersamfunnet. I den anledning treng vi ein person som vi kan bruke som “raud tråd” der vi følgjer personen frå morgon til kveld og derifrå kan opplyse om ein anminneleg person sitt forbruk og vaner gjennom ein dag. Vi er enno i planleggingsfasen og alle detaljar er ikkje sett endå, men ser for oss ein dokumentar på ca. 10 minutt.
Kunne du vere interessert i å vere vår raude tråd? Vi er hyggelege (4 jenter) menneske med eit brennande engasjement for denne produksjonen, og har ingen midlar, men kan garantere ei positiv oppleving, kudos og ein liten påskjønnelse…
Filminga tek til i veke 17 og 18, og vi er fleksible med tidspunkt på dagane. Vi reknar med å filme deg 3 dagar, der vi kan veksle på dagfilming og kveldstid.
Er du den rette for oss, eller kjenner du nokon som ikkje har noko problem med å stille opp foran kamera? Ta kontakt på 9592 6447, eller send PM.
ALLE TIPS MOTTAS MED GLEDE!
På forhand tusen takk!
Posta under Jobbings, Livet generelt
Merkt dokumentar, eksamen, forbrukersamfunnet, frivillig, kudos, poerson
Wops. I dag starta eg på eksamen, det vil seie: såg over planleggaren min og fekk angst. Konsertar (Noah And The Whale, Casa Murilo, Faithless, besøkskurs, jobbing på Narvesen, Øya-møter, student-tv, jobbing på barneskulen, boka eg vil lese ferdig, get dancy, solskin, trening, sykkelturar i skog og mark, jobbsøking, Casa Murilo, 16. mai, 17. mai, og ein eksamensproduksjon til? Konklusjonen vart: Bli ferdig med eksamen fort som pokker. Så då starta eg, og no har eg (med insipirasjon frå May Britt) sett meg frist til 1.mai, så eg kan gjere alt det kjekke eg vil, vil, vil og fokusere på dokumentaren med senka skuldrar. Eg er oppe i 572 ord, og lurer på om eg klarar å knekke ut i overkant av 400 til før eg sovnar. Hm. Can I? YES WE CAN!
Klump
Posta under Livet generelt
Merkt 16.mai, 17.mai, casa murilo, eksamen, konserta, motivasjon, ting å gjere
Det var seint i natt, og tidleg opp – eksamen levert og gledens melding kom tikkande inn på telefonen i dag: Pakkelevering! Dvs: Vente på min nye iPod står på dagsorden i dag. Etter å ha vaska kåken, ommøblert rommet og sett på ein klesvask, ligg eg no i hengekøya og ser ut vindauget. Det er kjempefint veir ute, skulle nesten teke meg ein gåtur til Sognsvann – men sidan herligheten av eit appleprodukt kjem, så slappar eg heller av i hengekøya og leitar fram musikk som skal få seg ein ny heim. Dette er ikkje anna enn digg! Og seinare i dag vert det spinning. Også kjem Jon over, så skal Tiril, Jon og Sadorgen kose oss med taco og vin – også kjem Jannike! Også skal vi på Port O’Brien. På Parkteateret. Det blir fantastisk. Alle som ikkje har tenkt seg dit, det er ikkje for seint å ombestemme seg…!
Posta under Livet generelt, musikk
Merkt digg, eksamen, helg, konsert, musikk, parkteateret, port o'brien
å seie “nei, i kveld orkar eg ikkje trening” etter ein travel dag. Det er ok å seie neitakk til øl, sjølv om ein veldig gjerne skulle tatt eit par pils. Det er ok å utsette pensumlitteratur. Det er ok å ikkje skrive eksamensoppgåve. Det er ok å ikkje ete middag. Det er ok å ikkje ta telefonen når den ringjer. 
Det er ok å ligge i hengekøya. Det er ok å vere heilt aleine. Det er ok å ha det stille rundt seg. Det er ok å gjere ingen ting. Det er ok å ete knekkebrød med heimelaga plomesylte, og rørte blåbær. Det er ok å pakke seg inn i teppet. Det er ok å legge laptopen i fanget. Det er ok å setje på “Little miss Sunshine”. Det er ok å sovne, om det måtte skje.
Posta under Livet generelt
Merkt eksamen, hengekøye, little miss sunshine, pensumlesing, rørte blåbær, slappe av