Stikkordarkiv: film

Noregs pinlegaste?

Er tom for ord.

Gazas tårer

Var på Gazas tårer i går med ein kompis. Tormod (bror) sa at eg strengt tatt ikkje måtte sjå filmen då eg allereie har “den rette haldninga” når det kjem til krig. Eg måtte sjå den likevel. Etter filmen vart eg sittande i stolen til alle i salen var ute. Då reiste kompisen seg opp, og vi gjekk. Det tok lang tid før vi sa noko, og einaste orda vi fekk ut var: “Dette var eit hardt slag i magen.”

Filmen gjev ofra verdigheit, og  gjev oss ei djupare forståing for kva som eigentleg foregår i Gaza – ei røynd som ofte vert distansert. Filmen viser korleis dei uskuldige små barna vert skotne på kloss hald, men likevel ser dei andre framover til ei tid der dei kan opptre som juristar og legar for å stille Israel til retten, og hjelpe andre som har opplevd helvetet i Gaza.

Å skru av ein film…

…før den er ferdig, det kjenns ganske provoserande. Eg hadde høge forventningar, retten og sletten fordi Rickey Gervais stod for manus og regi. Men herre, det var rett og slett flaut å sjå på, and that’s not in a good way. Dagens tips: Ikkje sjå The Invention of Lying! It’s not worth your time.

Nope, not funny!

Stop Motion: Human Tetris

Ja, er hekta på Stop Motion. SJÅ PÅ DENNE!

I’ts fuckin amazing.

Love is a burning thing

I går var det ein veldig slakk dag etter jobb. Nachos, film, godteri, cola, godt lag og alt som skal til for å ha ein dagen derpå som er komplett. Til mi store glede var  “Walk the line” på menyen. Kvifor eg ikkje har sett den før no? I have no idea! Men den er flott! Reese Witherspoon har ikkje akkurat hatt det beste repertoaret, men her brillierar ho saman med Joaquin Phoenix. Eg kjøpe alt! Elvis som tilbyr Johnny Cash paprika-chips backstage er priceless. Og kven hadde trudd at Witherspoon kunne synge? Om du er like treig som meg, og ikkje har somla deg til å sjå den enno, så ville eg gjort det no! Den er top notch. Kanskje du burde bruke valentinskvelden med ein sjarmis i armkroken og Reese Witherspoon og Joaquin Phoenix på skjermen? I would, hadde det ikkje vore for at eg straks skal avgarde for å sjå mannen i mitt liv på Parkteateret.

Og det er jo morsdag  -  så mamma, gratulerer med morsdagen kjære maen! – Takk for at eg vart til!

Om Hitler hadde vore i live…

…og Oasis er oppløyst.

(men ignorer sjølve tala, den henge ikkje på greip)

Guten med pannekakene

Å få lage mat til Hans Ulrik er kjekt. Ikkje minst når han klara å knekke i seg FIRE pannekaker.

SÅ SJUKT REDD

filmen

…har eg ALDRI blitt før av ein film. Vi skulle sjå The Orphanage , noko som skulle vere ein heilt vanleg skrekkfilm. På imdb.com fekk den 7.7 stjerner – av ti moglege, nice til å vere skrekkfilm, hæ? Og jaggu sa eg smør! Den var så sjukt skummel!

Denne spanske perla handla om ei dame som vaks opp på ein barneheim, som ho seinare flytta tilbake til saman med mannen sin, og sonen sin Simon for å starte ein ny barneheim. Simon forsvinne ein dag, og historia går ut på leitinga etter han – og måten han vert funnen på. Eg hugsar å ha lest ein stad at då filmen hadde premiere 20. mai 2007 på Cannes Film Festival, og når den var ferdig, så reiste publikum seg og applauderte i ti minutt! Og det skal eg berre seie, å kunne stå i ro og applaudere i ti minutt etter denne filmen er bra jobba. Eg var som eit slakt. Måtte bruke lang tid på å få igjen pusten, eg holdt den i over ein og ein halv time! Var svimmel og kroppen skreik etter oksygen! Skjelven og ekkel.

Ein gong kvopp eg så sjukt at eg fekk fysisk vondt i alle dei ti fingertuppane mine.

Så, folkens. Om du har lyst på gåsehud så det helde, angst, oksygenmangel, skjelvingar, frykt, så er dette filmen du bør sjå. Gode skodespelarar, bra historie (som ikkje blir fylt med dritt for å auke spenninga, men lar fantasien din jobbe som ein helt for å skremme livet av deg), fine bilder, levande lydeffekter på spasnk. Trur neppe eg tørr å sjå den igjen!

Tenk at det går an å få ein puls på 98 av redsel, på grunnlag av noko som skjer inne i ein tv-skjerm!

Konklusjon:

På skrekkfilmskalaen får den 6 av 6.