Stikkordarkiv: glede

Pakkar til Coachella

Høyrer på Wild Beasts og pakkar sekken. Har med meir bagasje enn eg pleier.  Finkjolar, stiletthelar, sandalar, shortsar, bikini, skjorter, solbriller, jeans og alt mogleg stasj eg ellers ikkje ville drege med på ein backpackertur, om det ikkje hadde vore for at vi denne gongen skal bu på hotell og har bil som transportmiddel og dermed ikkje treng å risikere å bli kleslei. Vi har ordna “alt” (les: Visum, Hotell i Palm Springs og bil) i forkant, så førebudd har vi aldri vore på ei reise før, trass vi berre skal vere vekke ei veke… Det er nesten for godt til å vere sant. Det er mogleg vi sjekkar inn på Flamingo i Vegas, for å følgje Hunter S. Thompson sine fotspor, men etter å ha sjekka ut moglegheitene i Vegas innsåg vi at der er så mange deilige valmoglegheiter at det må vi ta på gefühlen når vi kjem dit. Til dømes dette…

 

 

Reiseklar

I september rykte det veldig i reisefoten til Limita, og eg kjende sjølvsagt på det same. “No er det på tide å planlegge reise. Eg vil attende”. Ho refererte til turen vi hadde til Marokko. Vi ville begge tilbake, men hadde og høyrt rykter om fantastiske buldremoglegheiter i Hampi, i India. Det vart India. Vi reiser i morgon. 

Planen er å lande i Mumbai i god tid til å rekke flyet vidare til Goa, slik at vi kan sove, feire nyåret og ete mat som smakar over gjennomsnittet godt. Vi har ingen andre planar enn å kome oss sørover til Kerala, og vidare til Hampi for å buldre og ligge i hengekøye og lese bok. Om lag tre veker har vi til disposisjon. Det einaste som er heilt sikkert er at Limita har fått seg ny nakkepute som har pornostoff og som ein ikkje heilt kan sjå om det er håret til Limita, eller puta når ho brukar den. Difor bilete. 

Dette vert nok siste turen Thunder-skoa mine får vere med på, og eg kjenner at eg gler meg til å erstatte dei i eit par ikkje-luktande med grep over heile tåa. Uvisst om vi har nok kalk, men det rakk eg ikkje å ordne, då eg prioriterte reise- og skjønnlitteratur. 

På grunn av hektiske dagar, Dagmar og andre distraksjonar har eg ikkje hatt riktig anledning til å gle meg. No gjer eg det. MAX. Les reiseguide, høyrer på reisemusikk og ler nok til at Limita må springe på do og spytte ut vatnet ho nettopp tok ein slurk av. Turen har allereie starta med andre ord. Namaste!

Miljøforandring

Vi er snart heilt på plass i den nye heimen. Og det kjenns godt. Særs godt.

Sjølvportrett

No ser eg omlag slik ut.


 

Happiness

Ferdigpakka

Klar!

Hengekøye!

GLEDE i heimen. Pappa og Mamma-Sadoss (også kalla Sadorge for den kompliserte sjel) var på besøk i helga. Og ved den anledning var Pappa-Sadoss ein liten helgen i seg sjølv. Hengekøye er på plass i stova! Endeleg. No blir det digg chillings framover. Og om du vil kome og knusle i den, velkomen skal du vera!

pappasadoss

Pappa-Sadoss

Vi skal sjå Melody Club!!

Hurra, denne songen kan vi også få danse til live…! :)

14. mai er den store dagen, og gleda er stor. Bli med oss!! Her skal det dansast:)