Skulle berre hatt éin dag til på Café Sara.
Ny luft i dekka og smørte kjeder. No syklar eg fram og tilbake på Grünerløkka i solskinet.
Våren er så veldig, veldig her.
Posta under Takknemlig
Merkt grunerløkka, luft i dekk, olje, smørte kjeder, våren er her, vårfeeling
Å vere glad stort sett heile tida er for godt til å vere sant, så i dag fekk eg min dose kjipheit. Det var ein naskar, som gjorde seg tjuv for 6-7 stk boksar påskeegg. Eg sprang etter han og tok tak i armen som han heldt påskeegga med. Før eg visste ordet av det slo han til meg, “midt på tygga”. Han velta over eit parti med blomster og vart liggande ei lita stund før han kom seg på beina igen. Eg stod i Grünerløkka si mest travle gate med to hender som fylte seg opp med blod, med kanskje over ti tilskodarar. Mannen med påskeegga gjekk sakte nedover gata, og tilskodarane stod igjen og såg på meg; “SLO HAN DEG?” To påskeegg fall i bakken, og mannen, tydeleg berusa, snudde seg og plukka dei opp igjen og plasserte dei fint i boksen dei datt ut av. Ingen ting vart gjort, og eg, med tårer i augene og blodet fossande, hadde ikkje aning om korleis eg skulle forholde meg til dette. Eg har aldri vore så satt ut i heile mitt liv.”Slo han deg, du?” Det var for mykje blod til å la vere å svelgje unna, og eg måtte sjølvsagt kaste opp. Medan mannen som gjorde seg til tjuv på grunn av påskeegg, og valdsmann på grunn av påskeegg, slentra langs Thorvald Meyersgate, sprang eg til nermaste toalett og kasta opp til det ikkje var meir igjen å hente.
Eg fattar framleis ikkje kvifor ingen ting vart gjort. Av alle dei som stod og såg på, og som ivrig deltok i seansen med sin tilstedeverelse, var alt dei gjorde var å spørre meg om han hadde slått meg, noko så han så tydelegvis hadde gjort.
FAEN.
Må fortelle det no medan det enno er eit friskt minne. Hadde ein koseleg kveld med Hagen, Stein Inge, Stig, Lisa Mari, Magnus og Christopher i kveld (taco, god drikke og “Minutt Mesterne”), topp stemning. Litt seinare bar det ut på Løkka for ølkrana og det sosiale samværet. Tidleg kveld, men kjempekos. Vi skiltes rett ovanfor Fru Hagen, dei gjekk opp mot Birkelunden og eg gjekk ned mot Schousplass. Hoi Hoi!
På veg forbi køen til Fru Hagen var det spesielt kul musikk på playlisten (Beck – Get Real Paid), så eg hadde absolutt ikkje dårleg tid på veg heim. I køen la eg merke til ei høg jente i svart kåpe med lyse, gjennomsiktige strømpebukser og pumps. Det fekk meg til å stusse, og eg stoppa og og vips: Eg fekk sjå alt eg ikkje hadde bedt om å sjå. To stk. rumpeballar og ein altfor trang tanga. Naturlegvis stogga eg opp for å sjå om nokon gjorde noko for å dekke til henne, eller i det minste advare om at det ho eventuelt hadde på seg hadde sklidd altfor langt opp og at ho no blotta seg for omlag heile nedre Grünerløkka.
– Eh, unskyld? Men du? Eg tenkte berre å seie i frå, om du ikkje var klar over det, at… Heile rompa di syne mellom splitten i kåpa di!
– Ja? Jeg har jo på meg skjørt…
– Nei, alså, eg meina… Eg ser tangaen din? Og rompa di…
Jenta snur hovudet rundt og vert obs på den nakne rompa gjennom strømpebuksa. Ho vert stor i augene og får eit lite anfall panikk, ein sjuk type latter. Eg blir ståande og måpe, og veit ikkje heilt kva eg skal gjere. Venninnene hennar er inne i lokalet, ingen ho kjenner er utanfor – og eg, er i ferd med å knekke i hop med tidenes latterkrampe. Etter litt retting på kåpa, og eit par ring til venninnene som skulle kome ut og hjelpe henne, fortalde ho at ho antaglegvis hadde mista skjørtet sist gong ho var på do, på Café 33… Altså, eit godt stykke lenger oppe i gata. Er det mogleg!?!?
Well…
Eg gjekk heim, med latteren langt oppe i halsen heile vegen heim, og sat endå meir pris på at mitt vesen ikkje var ukontrollert full, men heller takknemlig for at mi nye seng skulle bli min neste destinasjon.
God natt, fylleangst! Eg veit i alle fall om éin person som kjem til å ha ein angstfull dag i morgon – and that person is not me;)
HAHAHAHAHHAHA

I går var Lisa Mari, Christopher og eg på “den lille kokosbollefabrikken”. Den ligg i enden av Thorvald Meyersgate og er kjempekoslig. Kaffien er billig og smakar veldig godt. Bollane er snydens (men det helde med ein!)
Lisa Mari kosar seg med bollen sin.

Christopher is into brown sugar.


Eg sat i senga og skreiv oppgåve då eg høyrde lyden, lyden av summing, lyden av det eg aldri hadde tenkt på som faenskap før, men som absolutt var det no. Det var lyden av ein svær doning, på størrelse med halve lisjefingeren min. – Djises! Ubraut eg. Han hadde kome seg gjennom vindauget som så vidt stod på gløtt, og no summa han over håret mitt. Først tenkte eg at det er no berre ein kveps, men så kom panikken. DET ER EIN SVÆR KVEPS! Og det slo meg at eg hadde absolutt mykje hud som han kunne sikte inn som mål for skotet han ville sette i meg. Kroppen min passerte i revy og analysa av kva kroppsdel eg helst ville ha foretrukke at han skulle ha stukke meg på var kjapp. Truse og BH vart på kun kort tid omforma til joggebukse, sokkar, gensar og angst. Kvepsen for mot vindauget fleire gonger, og eg ergra meg over at eg ikkje hadde sete vindauget på meir gløtt, då hadde han kunne ved fleire anledningar floge avgarde – ut på Grünerløkka, og eg kunne puste letta ut. Men nei, den hadde dårlegare retningssans enn nokon andre eg kjenner. Den kom mot meg fleire gonger, og eg vart totalt forvirra. Prøvde å la vere å sjå på den, for å unngå at vi skulle oppnå augekontakt, i tilfelle det ville provosere den. Men det var vanskeleg å la vere å sjå på den, for eg ville jo vite kva den var, så eg heile tida hadde kontroll over posisjonane. Til slutt slo den seg til ro på vindauget, og eg tok fram ‘Neil Young’ si plate, ‘Comes A Time’ og brukte den til å skyve kvepsen mot det største vindauget. Den lot seg lokke av platecoveret og forsvann etter litt ut vindauget, ut på løkka, på jakt etter nye eventyr. Puh!


Posta under Livet generelt
Merkt angst, comes a time, grunerløkka, kveps, neil young, panikk, stikke
No har det klikka fullstendig for meg. Eg har forelska meg i ein boks. Trudde ikkje det var mogleg, men var i grunn på tide å bli forelska. Det er jo vår, og ein skal vere våryr om våren. Så no er eg altså det. Våryr og kjær. In this box:


Til alle dåkke som ser kor fin den er, og tenkjer “endeleg har Birgit funne kjærleiken”, men på same tid ser at prislappen er forstørra og legg i hop to og to og konkluderer med at denne boksen har ho sjølvsagt ikkje råd til, så kan eg informere om at det er snart bursdag her i garden, og butikken heiter Sjarm og ligg i Markveien.
Ellers hadde Sjarm fleire flotte boksar som gav meg boksesjuka.


Posta under Livet generelt
Merkt boksen i mitt liv, bokser, grunerløkka, kjærleik, markveien, oslo, Sjarm