Stikkordarkiv: Hagen

Kanotur

Var på kanotur på Hornindalsvatnet med Iselin og Hagen i kveld. INT arrangerte. Herlege greier.

 

 

Mykje latter og glede – og heldige med veret! Ikkje ein einaste regndråpe!

 Ein av oss vart likevel søkkvåte…

 

Hardkjør…

I dag var ein av dei dagane som går unna, og er så jævlig bra at ein kan lure på kvifor. Hadde ei artig stund med to klassevenninner der vi skreiv manus på tidenes artigaste høyrespel. Eg gler meg til å produsere, mikse og le så magen verker. Spekuativ fiksjon, vi har dei lausaste taumane og den herlege fantasien. Ein fantastisk kombo! Etter skulen såg eg på ei oppgåve eg snart skal skrive, også var det middag, også var det tid for trening i lag med Hagen.

Spinning, og mage/rygg. Herleg! Var klar som eit egg då vi skulle starte. Så starta vi, med 45 sekund MAX TEMPO, 30 sekund ståande, MAX TEMPO, og oh my god.  Det var galskap å gi så full gass. Det var galskap å trakke i veg. Det var galskap å vite, at etter dei 3 hardaste minutta på lenge, hadde eg berre 72 igjen… Eg kunne ikkje anna enn å smile. Det enda opp med at produserte endorfiner som garantert var mynta på eit par som skulle bli nyforelska og gå på speed, og klarte ikkje slutte å smile. Instruktøren påpeika det fleire gonger, og eg vart flau. Så måtte eg smile endå meir. “Hu der, hu smiler bare mer og mer hu!” På siste låta såg eg at han tok meg i å smile det breidaste smilet eg nokon gong har hatt. Då hadde eg trakka ALT eg hadde, for å seinare innsjå at finalelåta stod igjen.

Trapperekord: 27 sekund med sekk.

No er det tid for senga… Tidlig opp i morgon, trening og oppgåveskriving. Også får ein sjå kva fredagen bringer…

Det her vil i alle fall søndagen bringe:

Så herlig, morsomt og dårlig/kult. Can’t wait!

Takk for 2009, alle og ein kvar!

As always, må eg køyre i gong med årskavalkade! HÆ? Same presidure as every year, James!

Januar:

Som vanleg alltid hardt å starte skulen etter ei knallflott jul! Hagen budde hos oss i Kirkegårdsgata 7, det var knas. Mamma sendte pepperkakehus med ho tilbake til Oslo, noko som var gull verdt! Livet gjekk som smurt på Oxigeno, og det var kos å gå over Akerselva og sjå på endene kvar morgon. Stigen, Lisa Mari og eg var på Oasis-konsert i spektrum, ei oppleving som fall i smak sjølv om gutta (as always) var passe sure. Månaden gjekk fort, og som alltid, før eg visste ordet av det, var det allereie februar!

Februar

I februar stod jobbsøking høgt prioritert. Var innom mykje snusk, før eg enda opp med kassajobben i Narvesen. Eg fekk pakke i posten med Stian, og vart sjølvsagt veldig glad! For ein hunk! Oslo gjekk frå vinter til vår og tilbake til vinter igjen på kun kort tid, og Christopher reiste i frå meg, til fordel for India. Eg vaska kåken og fann denne tingen som skapte eit stort mysterium. Februar var også månaden eg tok daiting til eit nytt nivå, og hadde ein aldeles utmerka dait med meg sjølv: snydens middag og Kaiser Chiefs som imponerte på Sentrum Scene! Dette kan eg per dags dato anbefale. I februar fann eg også ei banan frå 2008. Det var ikkje til å anbefale. Studietida mi var for det meste på Qba der dei serverte meg god mat, og sørga for å halde meg våken med ein kaffikopp i ny og ne. 20. februar rocka Hagen og eg på AC/DC-konsert, og hadde ei kule eg seint vil gløyme, før vi dagen derpå satt oss på toget til Bergen. Hagen vel å merke i ein kupé langt vekke frå kupéen til meg og Stig, der ho satt saman med ei feit, illeluktande dame som hadde fuktige sokkar som ho valde å ta av seg på toget for å “tørke beina”. Ellers beviste nok ein gong Sørlandschips at dei er god på det dei driv med, ved å sende meg ei flott kasse som eg kunne knaske på. Årets første eksamen var overstått, eg vart kalla hore i parken, Bloc Party var rå på Sentrum Scene, ein pakke låg utanfor døra vår, som viste seg å vere eit kunstprosjekt (og resultatet kan du forøvrig sjå her), Tiril og eg hadde flotte dagar på Sognsvann, og vinteren var generelt slik den burde vere: kvikklunsj og kald. Til å vere årets kortaste månad, må eg innrømme at denne månaden her inneheldt veldig mykje bra – og ein skulle nesten tru eg hadde “juksa litt” for å få plass til alt.

Mars starta med ei “einaste lang orgasme”, før mamma kom på besøk (haha, veldig artig å setje dei to setningane saman) og hadde storhelg med oss “ungane”. Eg fekk lov til å skrive for endelighelg.no mot gratis konsertbillettar, såg på svanene og fekk meg nye spinningsko og kjøpte billett til Rockwerchter. Denne månaden var også bananrelatert, men denne gongen fann eg noko eg trudde var verdas lengste banan. Det var søndagstur med Stig, noko som også førte til at søndag vart kåra til min favorittdag. Dette har enno ikkje endra seg. Eg vart sjølverklært liftekspert, middagsgjest hos Stig,  og såg det flottaste fyrverkeriet nokon gong. Anne Mari og eg var på The Vineyards-konsert, og oppdaga ein ny favoritt: Stricken City. Hans Ulrik var liten og søt,og det var ingen ting som var meir stas enn å vere barnevakt-tante. 29. mars hadde eg mitt første intervju, og fann ut at Heroes and Zeros var like kjekke som dei var flinke (les intervjuet her om du vil). Lisa Mari og eg var på Franz Ferdinand-konsert, og til vår store glede oppdaga vi oppvarmingsbandet Kissogram. Nok ein gong fekk eg pakke i posten.

I april sakna eg Skofus, budde i leiligheta til Hans Magnus under eksamensperioden, og kosa meg på Oxigeno. Eg var ein kort tur til Stryn i påska, og påskedepresjonen (grunna jobb på Narvesen og mangel på folk på Grünerløkka) vart redda av dei kjære påskeegga. 11. april såg eg ein seriøst stor hundebæsj, Christopher kom heim og eg vart dritglad. April var forøvrig den månaden eg fann ut kva eg verkeleg er god til, og kunne glatt ha meldt meg på Norske Talenter med å reinske egg. Eg fann boksen i mitt liv, og avslutta månaden med å forelske meg i deliguten.

Mai, du skjønne milde kom som eit skot. Flott veir og bryllaup på Nedreberg, før realiteten med eksamenshelvete slo inn igjen. Eg vart spelegal, lærte å lage mitt første origamihjarte, Tiril, Stig og Christopher var følgjet mitt på Melody Club, 17. mai vart feira i bunad og godt selskap, utelivet baserte seg på Internasjonalen med Dr.Nordahl og ringdans, Christopher og eg tok turen til Stryn for å passe garden. Dette var herlege dagar med Skofus-pels i nasa! Mai var einaste månaden eg klipte håret i 2009 (note to myself: gjer det OFTARE FFS!).  Eg hadde bursdag, som vart feira i parken rett før det vart juni.

Juni

Bysykkelen vart stjelt. Eksamen over, og eksamensfilmen min gav meg gratis champagne. Eg såg ei morsom reklame, Norwegian Wood introduserte meg for Nick Cave and The Bad Seeds FOR REAL, og vi forelska oss.  Eg var Oslolos, heimlaus – og kunne difor bu hos favorittfamilien, og sjå på Hans Ulrik ete pannekaker. Familien tok meg med til Horten, noko som vart ei storarta helg. Juni var månaden der Christopher og eg endeleg fann oss ein heim, på sjølvaste bursdagen hans!

Juli

Feit festival i Belgia, gode dagar i Stryn, kjekke dagar med frivillig arbeid på Malakoff, leiligheta var max kaos, og eg vart hekta på The Pink Robots sin superhit: Curly. Ei ny spalte kom opp i bloggen min: La meg introdusere deg til 90-talet. Juli gjekk fort, og var prega av øl, strålande sol og menneske eg er glad i.

August

Tidleg i august møtte eg hylla i mitt liv, eg stortrivst på Øyafestivalen i innslepp, og laga meg ein fin lampe.
Ellers gjekk august med på å nyte parklivet, ete kokosbollar og danse til morgonen kom på Internasjonalen, før Høgskulen i Oslo skulle bli min nye hang-out.

September

Klassen var på tur til Tjøme. Bollapin dukka plutseleg opp, og kjærleiken var tilbake i livet mitt. Eg skreiv med sprittusj på tavla i 6. klasse, vi fekk internett, og eg vart erklært superpølse på Narvesen. Denne kortfilmen sjarmerte meg, stratos kom i posten, og Sadossen og eg kosa oss på Teknisk Museum. Kino på Operataket, besøk av mamma (som kjøpte meg seng!), og rundballar dekorterte parken. Leiligheta tok form, og oktober kom som kjerringa på julekvelden.

Oktober


Oktober starta med ei jente som gløymte igjen skjørtet sitt på Café 33. Nok ein bananrelatert månad, denne gongen med Stig. Haustmånaden behandla Sognsvann akkurat som den burde. Eg stod ofte tidleg opp for å fare på spinning, og jobbinga på Tonsenhagen barneskule vart kjekkare og kjekkare. 18. oktober gjekk vi bøsseberarar og samle inn masse gryn. Denne månaden tok heilt av emosjonelt-messig: eg snakka (ei viss form for samtale) med Massive Attack! Konserten var heilt sjukt bra – og var nok eit av mitt livs største opplevingar musikalsk set. Jannike sendte meg pakke i posten, og gjorde meg veldig, veldig glad. Svolværpostei.
Eg fekk også pakke i posten frå Brynhild, som bidrog til usunne tenner ganske lenge.

November


Mamma og pappa hadde 43-årsdag. Eg oppdaga skikkelig, skikkelig grotesk porno (evt. morsom). Jon Kåre var i by’n, og vi var på Muse, ein veldig kul konsert. Hengekøya kom på plass, eksamensfilmen vart laga – og vi hadde det artig på set! Eivind var med på jakkeshopping, Prodigykonsert, og gav meg den kulaste tightsen ever til førjulspresang! Gilbert hadde eige radioprogram som var maaax glatten kult! Eg oppdaga krabbepostei, og hadde ei kjempeoppleving på JJ-konsert. Golden Silvers fekk meg avhengig, eg vart fascinert av kråker, Jannike var på besøk første søndag i advent og vi tente sjølvsagt adventsstaken.

Desember


Stressveker med eksamensproduksjon, ekstrajobb og anna stasj, men likevel latter og glede – i f.eks denne finn.no annonsa. Ina-Mari var på besøk, godt med spoonings, og ikkje minst deilig mat. Eg var handy og laga ein ny lampe og garderobe, pynta meg i lag med Christopher og køyrte på med julebord med Øyafestivalen. Birken Brukt åpna i Thorvaldmeyersgate, og Hans Ulrik inviterte til lucia-feiring i barnehagen. Nordfjordekspressen var god å ha til Stryn, for å feire jul der i godt lag.  Storarta julebord med alle jentene, spel og anna fanteri i tunet, og før desember var over rakk vi jammen å reise til Zanzibar også, og eg nok ein gong kan seie med handa på hjartet at dette har jammen vore eit fint år.

TAKK FOR 2009, ALLE SAMAN!

It’s just another one of those glory days

senga

It’s just another one of those glory days
Jump out your bed
Shake your head
Clear the haze
Step out your house
And prepared to be amazed
It’s just another one of those
Just another one of those
Just another one of those glory days

copy

- I dag er ein av desse dagane. Ein av dei som er skikkelig, skikkelig bra. Spinning halv sju (Jan Henning står for endorfintilskot!), frukost, dusj, vaske bad, rydde rom, sortere vinterjakker, skifte på senga, sjå snøkavet leike seg like magisk som posen i American Beauty. Danse til nostalgien ‘Houses of the holy’.   Sitte på Qba med Christine, lese bloggar, drikke latte, Bon Iver, ha god tid og nyte livet. Glede seg til audition vi skal ha seinare i dag – til eksamensfilmen vår. Og kanskje til og med sjå ein film etter arbeidet med eksamensfilmen før eg kan hoppe i senga i det rydda rommet, og den nypålagte senga.

It’s just another one of those glory days!

Eg lengtar tilbake

I dag er det eksamenslesingsdagen. Det resulterar i nostalgi. Eg lengtar tilbake til:

  • Togturen med Stig der eg vann i bondesjakk og han absolutt ikkje vann

best2

  • Stig sine kunstverk som fekk han til å sjå ut som støttekontakta mi.

paveg

  • Å leve lenge på at eg klarte å teikne den finaste rundingen.

beste

  • Å sjå på Stig kødde seg med Hagen og tvinge i ho dessert.

fridays

  • Vakraste Ina-Mari.ina-mari
  • Colgate-Joacim som fortel vitsar som ikkje høve seg på trykk, men får deg til å le til du ikkje orkar meir.

jioacim

  • What’s not to miss?! Stramare kara skal ein leite lenge etter.

karane

  • PIPELUSKEN. Åh, Jannik! Søta, søta, søta.

stigjannik2

  • Morsomme Jon Kåre som sjarmerte meg i senk.jk2

Og for dåkke som kjem innom og finne det her totalt uvesentleg, kan eg meddele…

…dagens vits:

Det var to tannstikkarar som var ute og tusla langs vegen etter skuletid. Det regna og dei var sugne på å kome seg fort heim. Litt lenger framme i vegen la den eine tannstikkaren merke til eit pinnsvin som for avgarde. Då utbraut han: Åh, pokker!! Eg visste ikkje at bussen skulle gå no!!

Dei beste konsertane så langt…

kissChristopher fekk spørsmålet i går om kva konsertar som var av dei beste han hadde vore på. Det fekk meg til å tenkje. Han svarte blandt anna Sigur Ros på Øya (noko eg så gjerne skulle ha sett) og Bloc Party på Island. Eg kom til å tenkje på dette, om eg skulle valgt ut fem konsertminner – kven ville ha blitt topp fem? Eg har valt ut fem. Som er på TOPPEN.


motorheadMotorhead…

…i Rio De Janeiro, mai 2006. Hagen og eg avslutta vår to månadar lange reise i Mellom-og Sør-Amerika med eit par veker i Brasil. Vi budde på eit kult hostell i favelaen i Rio. Han som dreiv hostellet, Matias, tipsa oss om at Motorhead skulle ha konsert, og om vi ville kunne vi vere med. Sjølvsagt ville vi det! Hagen hadde ikkje høyrt dei før, bortsett frå Ace of Spades, og visste ikkje heilt om ho skulle glede seg eller ikkje. Eg visste det var kul musikk og at ho kunne like det, men VELDIG usikker på kva vi kunne forvente. Gjengen vi var med kunne definere crazyness, og brasilianera var ikkje akkurat kjendt for å vere rolege folk i konsertsamanheng. Då vi kom inn var det action. Dei rocka. Og rocka. Og rocka. Og publikum sloss. Dei sloss seg til blods. Av 7000 tilskodarar, var kanskje 6500 i slosskamp.  Framfor scena var det eit uendeleg kaos av mennesker som banka kvarandre, og Motorhead lot seg underholde. Det gjorde for så vidt vi også. Men så skjedde det noko magisk. Lucas Fox køyrte i gong ein heidundrandes trommesolo. Samtlege slosskjempar stoppa opp og retta blikket mot scena. Samtlege i salen gapa. Christine og eg såg på kvarandre og kunne ikkje la vere å gape vi heller. Den var rett og slett heilt rå. Sjølv om karane var gamle, var det jammen futt i Rio De Janeiro den natta. Og avslutninga, Ace of Spades, løfta taket. Komisk var det jo også, at etter konserten måtte vi innom legevakta for å hente ein av dei vi reiste dit med. Også åt vi popcorn.

Roger Waters…

…performing Dark side of the moon, Roskilde 2006. Dette var avslutninga på Roskilde 2006. Ei fantastisk veke med urinstøv og Jannike, og ikkje minst mange, mange, MANGE herlege konsertar. Ei betre avslutning kunne vi neppe ha bedt om. Eg kan ikkje beskrive den. Men den fekk meg til å ringe pappa under heile “Wish you were here”. Og tårene trilla på begge to.  Og muligens på dei 70.000 andre som var der også. Konserten kan beskrivast med nokon stikkord, det blir for tamt å prøve å gjenfortelle. Fantastisk. Rørande. Eksepsjonelt. Once in a life time experience. Gledesrus. Gripande. Vi kunne ikkje ha vore meir fornøgde etter ein travel, men super festival, då vi sette oss i bussen for å køyre i 26 timar heim til Stryn.

Tom McRae…

…på Ole Bulls scene i Bergen hausten 2007. Jannike var min ledsager. Vi tok ein snack på McDonalds før kvelden kom. Kjøpte oss nokon øl når vi kom fram og sat oss ned og venta i spenning. Når mannen sjølv kom på scena var det som om heile salen vart fylt med kjærleik, magi og dei venaste tonar. Det var så vakkert at det var som eit slag i trynet. Du veit den følelsen du får når du rett og slett blir eksponert for noko som er så rørande at du smiler og grin på same tid? Sånn var det. Stort sett heile konserten. Med Jannike ved mi side kunne eg ikkje hatt nokon betre å dele den gleda med. Konserten var rett og slett magisk. Tom McRae var fantastisk. Ubeskriveleg. Eg får gåsehud når eg tenkjer tilbake på det.

Basement Jaxx…

…på Roskilde 2007. Roskilde 2007 var fantastisk. Alle konsertane var heilt konge, bortsett frå Red Hot Chili Peppers som var så dårleg at det ikkje var sjans i havet at eg orka å høyre ferdig. Men Basement Jaxx var den sjukaste konserten nokon gong. Den tok rett og slett fullstendig av. Og etter ei veke med gjørme, augebetennelse og urinvegsinfeksjon var det som om alle bekymringar forsvann under konserten. Sjølv om eg fekk ei melding med Heidi under dei første låtane der det stod “teltet vårt har kollapsa” og klokka var midnatt, så smilte eg frå øyre til øyre. Eg hadde mista alle dei eg hang med, visste ikkje kvar nokon var – men ein ting var sikkert og visst. Basement Jaxx fekk meg til å hoppe opp og ned av glede, og hyle og synge, juble og klappe som om det var det siste eg skulle ha gjørt før eg gjekk av dage. På slutten av konserten dukka Eirik opp (som vi delte camp med), og vi klemte kvarandre medan vi var verdas lukkelege mennesker. Basement Jaxx toppa heile driden. HEILE DRIDEN!! basementjaxx

The Presets…

…på Parkteateret i haust. The Presets var i 2008 for meg det som gav meg størst inntrykk musikalsk sett. Ina-Mari og eg i campervanen, køyrte rundt på highwayen i mars – og plutseleg kom den kulaste låta eg nokon gong hadde høyrt. “Shut down by my people”. Den var rett og slett så kul at sjåføren vart ein trussel for trafikken fordi kroppen rett og slett ikkje kunne la vere å danse. Det var heilt sjukt. Vi høyrte den eit par gonger, og fekk aldri med oss kven det var som var rota til denne galskapen. Og det plaga oss. Vi huska berre “du du du du du”, og dansen vi laga når vi høyrde rytmene. Det var først i sommarferien ein kar frå New Zealand kunne meddele at det var the Presets som var mennene bak. Veka etter fann eg ut at dei skulle spele på Parkteateret. Eg var flytta til Oslo, hadde godt selskap i Hagen og Christopher, og Gilbert og Thomas stakk innom også. Det var konsert-øl og smil frå øyre til øyre. Eg kan ikkje hugse å ha  stått i ro i eit sekund under konserten. Birgit var snudd om til danse-til-du-dør-Birgit. Dei leverte. Og eg hadde store forventnignar til karane, og dei toppa dei. Utruleg! På Dandy Warhols-konserten tidlegare den hausten, spelte dei til og med i skiftet mellom oppvarmingsbandet og DW “Are you the one”, noko som i alle fall trigga gledinga mi noko usedvanleg. Eg hadde gleda meg konstant sidan eg kjøpte billettane. Og eg var lykkeleg. Og det var dans. Og mange ukjende som tok armane rundt skuldrane mine i gledesdans for at vi alle der var vitne til den heilt sjuke konserten. HERLEG!!


…men så kom eg fram til at eg kunne ikkje berre lande på fem stk. Kva med Arctic Monkeys på Roskilde i 2007? The streets same året? Kva med Justice-konserten på Betong, eller på Roskilde? The Raconteurs? Muse? Oasis? Kva med Dandy Warhols på Rockefeller i august?! Og Kiss i Bergen juni i 2008? Nei, det har vore så sjukt mykje bra opp gjennom åra. Og meir skal det bli!!dandywarhols

Dandy Warhols, Oslo, 2008

Kiss, Bergen,  2008kiss2

Kva er di beste konsertoppleving?

Obs! No lyge eg!

Å kunne kjøpe leilighet akkurat her og no ville aldri ha vore eit problem. Pengar har eg tilstrekkelig av og tid til å gå på visning har eg også. Eg har så mykje pengar at eg ikkje har funne ut kvar eller kva eg skal invistere dei i enno, hus, bil, båt, reiser, you name it. Leilighet skal eg kjøpe meg. Ei stor tre-roms med balkong i 2.etage på St.hanshaugen med peis og badekar. Kvitevarer i stål, gasskomfyr. Også skal eg ha meg dobbeltdyne som eg kan dele med mannen, eller kjærasten min som eg er så inderleg forelska i, som kjøper konsertbillettar til meg på blåmandag og masserer meg akkurat før eg spør om han ver så snill ikkje kunne ha knadd litt på meg der og kanskje litt der også…

Om vinteren er eg fire-fem år og ute kvar einaste dag iført ein stor og varm kjeledress som støter vekk kvar einaste bekymring. Mormor er den store helten min og vi lagar snømenn og snøhestar som er større enn nokon av dei eg nokon gong har sett før. Mama og eg bakar pepperkakehus og eg syns at Bridge-blanding absolutt ikkje har noko på eit pepperkakehus å gjere, men seigmen derimot, seigmen…

Julafta luktar det pinnekjøtt og ”tre nøtter til Askepott” er verdens beste film. Eg kan ikkje vente til vi alle kan ete oss mette på pinnekjøtt og herlige matrettar eg ikkje kan namnet på som mamma er den beste i heile verden på å lage. Eg kan heller ikkje vente til ein av brødrene mine som er stødige på lesefronten kan ta opp ein presang og finne den som spent skal få pakke opp det som er inne i innpakningspapiret som vert krølla i ein stor ball etterpå. Pusane luskar rundt juletredet og lurer seg på to bein for å få godt tak i ei raud julekule som heng der og glitrar. Deretter krøllar dei seg i hop og legg seg som ein ball og nyt varmen som kjem frå vedovnen som lagar ein sånn ekstra god varme rundt juletider.

Polakken (min kjære Renault traffic, 94-modell, straaaight from heaven) er framleis i live og vi køyrer rundt i dei villaste omstendigheiter på vegen mellom Olden og Innvik med The Passenger på spelelista. Også er det regnboge og duggfriske blomar i vegkanten. Drive-by-shooting-rustflekkane hans er vekk og handbrekken fungerer som aldri før. Polakken er like god som ny, men med samme personligheit som gammal.

1.august 2008 vann eg i lotto og reiste til Australia saman med Ina-Mari og tok tilbake camper-vanen som vi hadde budd i tidlegare same året. Vi køyrde heile Australia og hadde endeleg fått sett Uluru. I tillegg fekk vi sjå Grand Canyon og Niagara Falls. Også reid vi på kamelar i Egypt, og besøkte fadderungen i Kamerun som eg aldri hadde gløymt å betale bidrag på. Og frøken Hagen fekk påspandert AC/DC-turné som vi no gler oss til så det helde, jau, girls night out (med pappaen til Hagen invitert) med AC/DC på programmet, kven kan bytte vekk det?

No har eg studert ferdig, og har ein master bak meg i media&kommunikasjon, også har eg spesialisert meg innan film-og tv-produksjon og jobbar med å lage reisedokumentarar.  På fritida er eg bak kameraet i Animal Planet-produksjonar. Også har eg hatt eit sundt og godt kosthald heile livet, og aldri røykt, aldri drukke alkohol og heller aldri hatt sex som eg dagen etter tenkte at hei, dette var kanskje ikkje det smartaste du har gjort, Birgit.

No får eg slutte å lyge. Eg får legge i frå meg den pelskledde Skofusen som er så god og varm, gå på badet og pusse tenna og hoppe i køys der det ventar lusk og knusl til meg, og ikkje minst ei stor og feit dobbeltdyne og ei seng som ikkje roper ”RYGGPLAGER!!!” etter meg når eg står opp igjen. Og i morgon vert det nok ein solskinsdag der eg ikkje kan bestemme meg om eg skal bestille flybillett til Bali eller om eg skal ta turen til gullsmeden og få støypt eit skikkelig stort ”I love pingvinlakris”-smykke av reint gull og henge det rundt halsen på neste person som spør om dei ikkje ver så snill kan få smake ein pingvinlakris til.

No laug eg igjen.