Skal ikkje meir enn ein liten 2 mils-sykkeltur til for å få opp humøret blant alle skyene.
Og jammen dukka ikkje sola opp.
Skal ikkje meir enn ein liten 2 mils-sykkeltur til for å få opp humøret blant alle skyene.
Og jammen dukka ikkje sola opp.
Allright. Mat er digg. Mat er absolutt digg. Og folk blir irritert når eg alltid må ta bilete av god mat, men OH MY GOD lissom… Eg er ikkje den einaste som vert glad av mat! Berre sjå på min kompis, Ina-Mari! Ho blir maaaax glad av mat! På likt nivå som meg!
Dette var tidenes søndagsfrukost (på ein onsdag!!). Åååh så koseleg.
Vi åt på ein nyopna indisk restaurant ved Nybrua. MAX dårleg service, men MAX god mat.
Fantastiske ‘Teardrop’.
Eg var vel kanskje 7 år første gong eg høyrde dei, då albumet ‘Protection’ kom ut i 1994. Men det var først sju år etter på eg vart totalt hekta. ‘Karmacoma’ gjekk på repeat på den vesle cd-spelaren min. Dette varte kanskje i ein periode på eit halvt år! Og i 2008, då Ina-Mari, Heidi og eg var ute på jordomsegling, vart eg bitt av basillen big time. Då var det albumet ‘Mezzanine’ som stod for tur. Det gjekk ommatt og ommatt på iPoden min si speleliste, og då vi var komne til Fiji (tre veker ut i turen), hadde låta ‘Risingson’ vorte spelt over 50 gonger. Og eit av mine koslegaste minner i New Zealand må vere då vi for heim i frå ei black sand beach på Raglan, tilbake til Hamilton i bilen til Karl, der vi tre jentene låg i baksetet og stirra opp på den fantastiske himmelen med stjernemylder og måneskin, med ‘Risingson’ på full guffe.
Einaste pausen eg hadde med Massive Attack var då iPoden min krasja i Laos då eg hadde ein uheldig kombinasjon av minibankuttak, lynnedslag og ein mann med vatn opp til knea som ropte “solly, sOlly, liiightnin” til meg. Då døydde iPoden. Og ny fekk eg ikkje før vi var komne til Nha Trang i Vietnam, eit par veker og ein 50-timars lang busstur etter. Etter å ha kjøpt meg ny iPod sat eg i timesvis og bladde i hefter på ei “Pimp my iPod”-sjappe (slike burde absolutt vere å finne i Norge!!) – der eg til slutt fann tilbake til Massive Attack og ‘Mezzanine’.
Og no skal karane hit… Hurrey!!!
Posta under musikk
Merkt 1994, 1998, 20 oktober, blacksand beach, Hamilton, heidi, Ina-Mari, Karl, laos, massive attack, mezzanine, new zealand, protection, Raglan, sentrum scene, vietnam
I dag er det eksamenslesingsdagen. Det resulterar i nostalgi. Eg lengtar tilbake til:









Og for dåkke som kjem innom og finne det her totalt uvesentleg, kan eg meddele…
Det var to tannstikkarar som var ute og tusla langs vegen etter skuletid. Det regna og dei var sugne på å kome seg fort heim. Litt lenger framme i vegen la den eine tannstikkaren merke til eit pinnsvin som for avgarde. Då utbraut han: Åh, pokker!! Eg visste ikkje at bussen skulle gå no!!
Posta under Livet generelt, vits
Merkt bergen, bondesjakk, claus, dagens vits, Freddy, Hagen, Ina-Mari, jannike, Joacim, jon kåre, pipelusk, Sebastian, støttekontakt, stig, togtur
Jannike (leka) Sunde. Det er namnet som får meg til å vere komfortabel. Det er namnet på jenta som eg set uhorveleg stor pris på. Eg er fullt klar over kor bra ho er, men kom ekstra på det no når eg kom heim. Hadde ein litt ruskete busstur heim, med sinte folk som kjefta og smelte, og folk som var hensynslause fulle og forbanna på alt og ingen ting. På ein søndag. Og når eg kom heim til rommet mitt, så møtte desse tre teikningane meg. Og det slo meg, at om dei som eg kom i skade for å møte på bussen, hadde hatt slike teikningar på veggane, så hadde dei aldri oppført seg slik som dei gjorde. Dei hadde sikkert vore litt meir harmoniske. Også kom eg til å tenke på at noko eg likar veldig lite er folk som ikkje set pris på det dei har. Og Jannike (leka) Sunde er ein av dei eg veit alle mine set pris på. Og eg også set pris på ho. Men eg tenkjer jo ikkje på det heile tida, kor masse eg set pris på ho. Eller, eg set jo ikkje ein pris på ho, for ho er upriseleg, men gleda meg over hennar eksistens då. Tenk så heldig eg er, som har eit så fantastisk menneske rundt meg. Som teiknar teikningar til meg som får meg til å smile kvar einaste dag. Ho nekta på at eg skulle henge dei opp på veggen, men legge dei inn i den vakre permen eg har fått av ho. Men eg kunne ikkje dy meg. Ho hadde jo teikna portrett av Ina-Mari og meg, grisen og musa frå favoritt-teikneserien min, Perler for svin! Også hadde ho teikna pingvinar. Ikkje pokker om eg kunne gøyme dei vekk i permen – dei må henge på veggen min slik at eg kan sjå dei kvar einaste gong eg ser mot veggen. Og i dag innsåg eg kor glad eg vart av dei teikningane at eg tenkte å dele dei med dåkke. Dei er rett og slett fantastiske. Og Jannike (leka) Sunde er min favorittkunstnar.



Tusen takk, Jannike. <3
Posta under Takknemlig
Merkt busstur, favorittkunstnar, Ina-Mari, Jannike Sunde, leka, perler for svin, pingvinar, sette pris på, Takknemlig, teikneserie., teikningar
Posta under Livet generelt, Synskorrigeringa, Travelling
Merkt Australia, cut copy, dandy warhols, dykking, fallskjerm, fiji, folven, hans ulrik, heidi, Ina-Mari, jul, kava, kiss, konsert, los angeles, lovefilm.no, madrugada, new zealand, nordfjord, nyttårsafta, thailand, the office, the vineyards, vibeke, vietnam, zorb, zwoop
Å kunne kjøpe leilighet akkurat her og no ville aldri ha vore eit problem. Pengar har eg tilstrekkelig av og tid til å gå på visning har eg også. Eg har så mykje pengar at eg ikkje har funne ut kvar eller kva eg skal invistere dei i enno, hus, bil, båt, reiser, you name it. Leilighet skal eg kjøpe meg. Ei stor tre-roms med balkong i 2.etage på St.hanshaugen med peis og badekar. Kvitevarer i stål, gasskomfyr. Også skal eg ha meg dobbeltdyne som eg kan dele med mannen, eller kjærasten min som eg er så inderleg forelska i, som kjøper konsertbillettar til meg på blåmandag og masserer meg akkurat før eg spør om han ver så snill ikkje kunne ha knadd litt på meg der og kanskje litt der også…
Om vinteren er eg fire-fem år og ute kvar einaste dag iført ein stor og varm kjeledress som støter vekk kvar einaste bekymring. Mormor er den store helten min og vi lagar snømenn og snøhestar som er større enn nokon av dei eg nokon gong har sett før. Mama og eg bakar pepperkakehus og eg syns at Bridge-blanding absolutt ikkje har noko på eit pepperkakehus å gjere, men seigmen derimot, seigmen…
Julafta luktar det pinnekjøtt og ”tre nøtter til Askepott” er verdens beste film. Eg kan ikkje vente til vi alle kan ete oss mette på pinnekjøtt og herlige matrettar eg ikkje kan namnet på som mamma er den beste i heile verden på å lage. Eg kan heller ikkje vente til ein av brødrene mine som er stødige på lesefronten kan ta opp ein presang og finne den som spent skal få pakke opp det som er inne i innpakningspapiret som vert krølla i ein stor ball etterpå. Pusane luskar rundt juletredet og lurer seg på to bein for å få godt tak i ei raud julekule som heng der og glitrar. Deretter krøllar dei seg i hop og legg seg som ein ball og nyt varmen som kjem frå vedovnen som lagar ein sånn ekstra god varme rundt juletider.
Polakken (min kjære Renault traffic, 94-modell, straaaight from heaven) er framleis i live og vi køyrer rundt i dei villaste omstendigheiter på vegen mellom Olden og Innvik med The Passenger på spelelista. Også er det regnboge og duggfriske blomar i vegkanten. Drive-by-shooting-rustflekkane hans er vekk og handbrekken fungerer som aldri før. Polakken er like god som ny, men med samme personligheit som gammal.
1.august 2008 vann eg i lotto og reiste til Australia saman med Ina-Mari og tok tilbake camper-vanen som vi hadde budd i tidlegare same året. Vi køyrde heile Australia og hadde endeleg fått sett Uluru. I tillegg fekk vi sjå Grand Canyon og Niagara Falls. Også reid vi på kamelar i Egypt, og besøkte fadderungen i Kamerun som eg aldri hadde gløymt å betale bidrag på. Og frøken Hagen fekk påspandert AC/DC-turné som vi no gler oss til så det helde, jau, girls night out (med pappaen til Hagen invitert) med AC/DC på programmet, kven kan bytte vekk det?
No har eg studert ferdig, og har ein master bak meg i media&kommunikasjon, også har eg spesialisert meg innan film-og tv-produksjon og jobbar med å lage reisedokumentarar. På fritida er eg bak kameraet i Animal Planet-produksjonar. Også har eg hatt eit sundt og godt kosthald heile livet, og aldri røykt, aldri drukke alkohol og heller aldri hatt sex som eg dagen etter tenkte at hei, dette var kanskje ikkje det smartaste du har gjort, Birgit.
No får eg slutte å lyge. Eg får legge i frå meg den pelskledde Skofusen som er så god og varm, gå på badet og pusse tenna og hoppe i køys der det ventar lusk og knusl til meg, og ikkje minst ei stor og feit dobbeltdyne og ei seng som ikkje roper ”RYGGPLAGER!!!” etter meg når eg står opp igjen. Og i morgon vert det nok ein solskinsdag der eg ikkje kan bestemme meg om eg skal bestille flybillett til Bali eller om eg skal ta turen til gullsmeden og få støypt eit skikkelig stort ”I love pingvinlakris”-smykke av reint gull og henge det rundt halsen på neste person som spør om dei ikkje ver så snill kan få smake ein pingvinlakris til.