Stikkordarkiv: jannike

Luskelusk

Lykkeleg i knuslen.

Takk for 2009, alle og ein kvar!

As always, må eg køyre i gong med årskavalkade! HÆ? Same presidure as every year, James!

Januar:

Som vanleg alltid hardt å starte skulen etter ei knallflott jul! Hagen budde hos oss i Kirkegårdsgata 7, det var knas. Mamma sendte pepperkakehus med ho tilbake til Oslo, noko som var gull verdt! Livet gjekk som smurt på Oxigeno, og det var kos å gå over Akerselva og sjå på endene kvar morgon. Stigen, Lisa Mari og eg var på Oasis-konsert i spektrum, ei oppleving som fall i smak sjølv om gutta (as always) var passe sure. Månaden gjekk fort, og som alltid, før eg visste ordet av det, var det allereie februar!

Februar

I februar stod jobbsøking høgt prioritert. Var innom mykje snusk, før eg enda opp med kassajobben i Narvesen. Eg fekk pakke i posten med Stian, og vart sjølvsagt veldig glad! For ein hunk! Oslo gjekk frå vinter til vår og tilbake til vinter igjen på kun kort tid, og Christopher reiste i frå meg, til fordel for India. Eg vaska kåken og fann denne tingen som skapte eit stort mysterium. Februar var også månaden eg tok daiting til eit nytt nivå, og hadde ein aldeles utmerka dait med meg sjølv: snydens middag og Kaiser Chiefs som imponerte på Sentrum Scene! Dette kan eg per dags dato anbefale. I februar fann eg også ei banan frå 2008. Det var ikkje til å anbefale. Studietida mi var for det meste på Qba der dei serverte meg god mat, og sørga for å halde meg våken med ein kaffikopp i ny og ne. 20. februar rocka Hagen og eg på AC/DC-konsert, og hadde ei kule eg seint vil gløyme, før vi dagen derpå satt oss på toget til Bergen. Hagen vel å merke i ein kupé langt vekke frå kupéen til meg og Stig, der ho satt saman med ei feit, illeluktande dame som hadde fuktige sokkar som ho valde å ta av seg på toget for å “tørke beina”. Ellers beviste nok ein gong Sørlandschips at dei er god på det dei driv med, ved å sende meg ei flott kasse som eg kunne knaske på. Årets første eksamen var overstått, eg vart kalla hore i parken, Bloc Party var rå på Sentrum Scene, ein pakke låg utanfor døra vår, som viste seg å vere eit kunstprosjekt (og resultatet kan du forøvrig sjå her), Tiril og eg hadde flotte dagar på Sognsvann, og vinteren var generelt slik den burde vere: kvikklunsj og kald. Til å vere årets kortaste månad, må eg innrømme at denne månaden her inneheldt veldig mykje bra – og ein skulle nesten tru eg hadde “juksa litt” for å få plass til alt.

Mars starta med ei “einaste lang orgasme”, før mamma kom på besøk (haha, veldig artig å setje dei to setningane saman) og hadde storhelg med oss “ungane”. Eg fekk lov til å skrive for endelighelg.no mot gratis konsertbillettar, såg på svanene og fekk meg nye spinningsko og kjøpte billett til Rockwerchter. Denne månaden var også bananrelatert, men denne gongen fann eg noko eg trudde var verdas lengste banan. Det var søndagstur med Stig, noko som også førte til at søndag vart kåra til min favorittdag. Dette har enno ikkje endra seg. Eg vart sjølverklært liftekspert, middagsgjest hos Stig,  og såg det flottaste fyrverkeriet nokon gong. Anne Mari og eg var på The Vineyards-konsert, og oppdaga ein ny favoritt: Stricken City. Hans Ulrik var liten og søt,og det var ingen ting som var meir stas enn å vere barnevakt-tante. 29. mars hadde eg mitt første intervju, og fann ut at Heroes and Zeros var like kjekke som dei var flinke (les intervjuet her om du vil). Lisa Mari og eg var på Franz Ferdinand-konsert, og til vår store glede oppdaga vi oppvarmingsbandet Kissogram. Nok ein gong fekk eg pakke i posten.

I april sakna eg Skofus, budde i leiligheta til Hans Magnus under eksamensperioden, og kosa meg på Oxigeno. Eg var ein kort tur til Stryn i påska, og påskedepresjonen (grunna jobb på Narvesen og mangel på folk på Grünerløkka) vart redda av dei kjære påskeegga. 11. april såg eg ein seriøst stor hundebæsj, Christopher kom heim og eg vart dritglad. April var forøvrig den månaden eg fann ut kva eg verkeleg er god til, og kunne glatt ha meldt meg på Norske Talenter med å reinske egg. Eg fann boksen i mitt liv, og avslutta månaden med å forelske meg i deliguten.

Mai, du skjønne milde kom som eit skot. Flott veir og bryllaup på Nedreberg, før realiteten med eksamenshelvete slo inn igjen. Eg vart spelegal, lærte å lage mitt første origamihjarte, Tiril, Stig og Christopher var følgjet mitt på Melody Club, 17. mai vart feira i bunad og godt selskap, utelivet baserte seg på Internasjonalen med Dr.Nordahl og ringdans, Christopher og eg tok turen til Stryn for å passe garden. Dette var herlege dagar med Skofus-pels i nasa! Mai var einaste månaden eg klipte håret i 2009 (note to myself: gjer det OFTARE FFS!).  Eg hadde bursdag, som vart feira i parken rett før det vart juni.

Juni

Bysykkelen vart stjelt. Eksamen over, og eksamensfilmen min gav meg gratis champagne. Eg såg ei morsom reklame, Norwegian Wood introduserte meg for Nick Cave and The Bad Seeds FOR REAL, og vi forelska oss.  Eg var Oslolos, heimlaus – og kunne difor bu hos favorittfamilien, og sjå på Hans Ulrik ete pannekaker. Familien tok meg med til Horten, noko som vart ei storarta helg. Juni var månaden der Christopher og eg endeleg fann oss ein heim, på sjølvaste bursdagen hans!

Juli

Feit festival i Belgia, gode dagar i Stryn, kjekke dagar med frivillig arbeid på Malakoff, leiligheta var max kaos, og eg vart hekta på The Pink Robots sin superhit: Curly. Ei ny spalte kom opp i bloggen min: La meg introdusere deg til 90-talet. Juli gjekk fort, og var prega av øl, strålande sol og menneske eg er glad i.

August

Tidleg i august møtte eg hylla i mitt liv, eg stortrivst på Øyafestivalen i innslepp, og laga meg ein fin lampe.
Ellers gjekk august med på å nyte parklivet, ete kokosbollar og danse til morgonen kom på Internasjonalen, før Høgskulen i Oslo skulle bli min nye hang-out.

September

Klassen var på tur til Tjøme. Bollapin dukka plutseleg opp, og kjærleiken var tilbake i livet mitt. Eg skreiv med sprittusj på tavla i 6. klasse, vi fekk internett, og eg vart erklært superpølse på Narvesen. Denne kortfilmen sjarmerte meg, stratos kom i posten, og Sadossen og eg kosa oss på Teknisk Museum. Kino på Operataket, besøk av mamma (som kjøpte meg seng!), og rundballar dekorterte parken. Leiligheta tok form, og oktober kom som kjerringa på julekvelden.

Oktober


Oktober starta med ei jente som gløymte igjen skjørtet sitt på Café 33. Nok ein bananrelatert månad, denne gongen med Stig. Haustmånaden behandla Sognsvann akkurat som den burde. Eg stod ofte tidleg opp for å fare på spinning, og jobbinga på Tonsenhagen barneskule vart kjekkare og kjekkare. 18. oktober gjekk vi bøsseberarar og samle inn masse gryn. Denne månaden tok heilt av emosjonelt-messig: eg snakka (ei viss form for samtale) med Massive Attack! Konserten var heilt sjukt bra – og var nok eit av mitt livs største opplevingar musikalsk set. Jannike sendte meg pakke i posten, og gjorde meg veldig, veldig glad. Svolværpostei.
Eg fekk også pakke i posten frå Brynhild, som bidrog til usunne tenner ganske lenge.

November


Mamma og pappa hadde 43-årsdag. Eg oppdaga skikkelig, skikkelig grotesk porno (evt. morsom). Jon Kåre var i by’n, og vi var på Muse, ein veldig kul konsert. Hengekøya kom på plass, eksamensfilmen vart laga – og vi hadde det artig på set! Eivind var med på jakkeshopping, Prodigykonsert, og gav meg den kulaste tightsen ever til førjulspresang! Gilbert hadde eige radioprogram som var maaax glatten kult! Eg oppdaga krabbepostei, og hadde ei kjempeoppleving på JJ-konsert. Golden Silvers fekk meg avhengig, eg vart fascinert av kråker, Jannike var på besøk første søndag i advent og vi tente sjølvsagt adventsstaken.

Desember


Stressveker med eksamensproduksjon, ekstrajobb og anna stasj, men likevel latter og glede – i f.eks denne finn.no annonsa. Ina-Mari var på besøk, godt med spoonings, og ikkje minst deilig mat. Eg var handy og laga ein ny lampe og garderobe, pynta meg i lag med Christopher og køyrte på med julebord med Øyafestivalen. Birken Brukt åpna i Thorvaldmeyersgate, og Hans Ulrik inviterte til lucia-feiring i barnehagen. Nordfjordekspressen var god å ha til Stryn, for å feire jul der i godt lag.  Storarta julebord med alle jentene, spel og anna fanteri i tunet, og før desember var over rakk vi jammen å reise til Zanzibar også, og eg nok ein gong kan seie med handa på hjartet at dette har jammen vore eit fint år.

TAKK FOR 2009, ALLE SAMAN!

Tenn lys med leka

Første søndag i advent. Og leka er her. Jannike Leka Sunde. No har vi tent første lyset og skal avgarde på tenning av julegrana. Vi høyrer på julemusikk og knusla. Om eg er i himmelen? Logra i alle fall med halen.

Rock Werchter, Baby!

IMG_3732 copy kopi

Rock Werchter var årets store musikkfestival. Staden var Werchter, ein liten landsby utanfor Brussel. Det var varmt og godt, og musikken var så bra at eg grein opptil fleire gonger av glede. Reisefølget var hysterisk i positiv forstand. Eg logra med halen så mykje som mogleg, og smilemusklane hadde det som om dei skulle delta i VM i smiling.

IMG_3691 copy kopi

Jon Kåre i passande posisjon.

Første dagen starta med ‘Lilly Allen’, ‘Fleet Foxes’, ‘Placebo’, ‘Oasis’ og ‘Prodigy’. Fantastisk start spør du meg, og eg levde i trua om at det ikkje var mogleg å få det betre/halde nivået ved like. Men der tok eg feil. Fredagen sette ‘Just Jack’ stemninga for resten av dagen og utan å overdrive gav dei “stars in their eyes” til alle og einkvar.  ‘Elbow’, ‘Bloc Party’, ‘The Killers’ og ‘Coldplay’ var det neste på menyen inni mellom all knuslen og lusken, maten og ølet. På ‘Bloc Party’ stod vi nesten heilt framme, og stemninga var toppers. ‘The Killers’ “løfta taket”, slik som dei er kjende for å gjere, og ‘Coldplay’ sikra nok ein tårevåt augekrok. Amazing. IMG_3806 copy kopi

Hanne, Hildur, Mari, meg, Heidi og Jannike på The Killers.


Laurdagen var nok ein av dei dagane eg hadde sett mest fram til då dette var dagen ‘Nick Cave and the Bad Seeds’ skulle spele, og eg hadde gløymt alle dei andre som stod på programmet denne dagen. Til mi store glede vart eg informert om dette tidleg på dagen, og følgjande fekk eg gleda av å sjå; ‘Yeah Yeah Yeahs’ (Heads will roll!!!), ‘Franz Ferdinand’, ‘Kings of Leon’ og ’2Many Djs’ i tillegg til ‘Nick Cave’. Når det kom til Cave skuffa han stort. Vi stod lengst framme og var klare som egg for ei oppleving utan like, men når det viste seg at mannen gav F om han var der eller ei, og musikken vart too laud to bear, så trakk vi oss tilbake til resten av crewet før ‘Kings of Leon’.

Det skal seiast at ‘Franz Ferdinand’ leverte sakene sine som om det skulle vore julafta, og frå og med denne konserten var eg stemmelaus resten av festivalen. ‘Kings of Leon’ var meget skuffande/dårleg, men dei største låtane deira tok såpass av at det vart ei god oppleving det også.  ’2Many Djs’ toppa heile driten! Vi visste ikkje kva vi venta på når vi venta på at dei skulle på scena, men det viste seg å bli tidenes rave. Eg kjem nok aldri til å vere på dansefoten så intenst og så lenge, nokon gong igjen.

profil

Heidi, meg og Christopher i knusleposisjon i solsteiken.

Søndagen kom regnet vi til slutt hadde gleda oss til etter sveitte dagar i 39 grader celcius.  Det var snydens at det regna, og støvlane kjendes bra å få på seg ut på dagen. Det vart ikkje Roskilde-gjørme, men heller ei “kort” byge som friska opp området. Trass at iPoden min døydde denne dagen var dagen likevel eit musikalskt høgdepunkt. ‘Seasick Steve’ sjarmerte med fortellingar utan samanlikning. ‘Black Eyed Peas’ laga liv trass dårlege prestasjonar/musikk. ‘Kaiser Chiefs’ var fantastiske og gav alt. Endeleg ein rockeartist i trange bukser, converse og grå t-skjorte som gav meir til publikummet enn nokon andre artistar. Rett og slett fantastiske var dei.

Ikkje dårlegare var ‘Røyksopp’. Det var “min første gang” og eg gleda meg som ein unge til å sjå dei. Spesielt ettersom det nye albumet deira var så bra som det var. Konserten var fantastisk. Den var så bra at eg nesten ikkje burde nevne kor flaut det er å vere norsk når det fins andre nordmenn i publikum som uhemma syng “heia Norge” før- og under konserten, og det heile blir så pinlig at Røyksopp må overdøyve charterfeber-folka som har landa i feil omgjevnadar. Men drit i det. Det tok av og samtlege var sveitte og i ekstase når det heile var over, og vi gjekk samla bort til hovudscena for å få med oss siste konserten; Metallica – som eg berre har èin ting å seie om: hadde det ikkje vore for dansinga til Arne Kåre, så hadde eg gått i frå konserten på flekken. Kjedeligare konsert skal ein leite lenge etter. Men likevel lo eg frå start til slutt; Takk, Arne Kåre! IMG_3942 copy kopi

Folk søkte ly, andre pakka seg inn i ponchoar.

IMG_3947 copy kopi

Christopher og Jon Kåre fekk ekstra god plass på graset når det regna, no kunne dei nyte livet i fred og ikkje vere bekymra for å bli trakka på.

IMG_3948 copy kopi

Christopher, meg og Jon Kåre i godt humør i regnet. Herlich!


IMG_3969 copy kopi

“Poor Leno”


IMG_4042 copy kopi

Slik såg campen ut i dei seine nattetimar.


IMG_4057 copy kopi

Christopher pakka ned teltet sitt. Slik såg det ut etter dei fleste hadde forlatt området. Vi var glade for at vi ikkje var frivillige og måtte rydde opp etter alle andre, og tok livet med ro før vi tok turen mot Brussel igjen.


Det skal seiast at sjølve opplegget på Rock Werchter ikkje var all verden. Dårleg system, lite informasjon, småkaos og ting som kunne vore gjort på ein heilt annan måte trakk festivalen litt ned. Men opplevinga får likevel karakter 9/10. Hadde eg hatt med sovepose ville det kanskje vore nermare ein 10′ar. ;)

IMG_3833 copy kopi

“Bitch” var forøvrig det einaste ordet som stod på engelsk i programheftet.


5851_210038255359_883740359_7575986_4121671_n

Top notch, Rock Werchter! Det var nok ei oppleving for livet som eg aldri kjem til å gløyme. Eg ler høgt når eg tenkjer tilbake på ulike episodar, og smiler som om eg skulle vore forelska når eg mimrar meg gjennom bileter. Dei musikalske opplevingane var heilt sjukt bra, og no når eg i ettertid høyrer på diverse musikk som vi fekk høyre på Rock Werchter er det så villt at eg får gåsehud og ståpels, hjertbank og eit stort smil om munnen på same tid. Eg forelska meg i opplevinga. Rett og slett. Thank you, Rock Werchter! Thank you, Alexander, Arne Kåre, Christopher, Frank Rune, Hanne, Heidi, Hildur, Jannike, Jon Kåre, Mari, Lasse, Lisa Mari, Trine og Stine!

Feil

feil

Jannik og eg tok turen til Sandane forrige helg for å vekke gode, gamle minner… Då vi kom oppom skulen var det eit ord som slo meg. Dette var (som det på vegen stod med rosa skrift) feil. Trivselshagen var komen opp – og den gamle skuleplassen som vi i tre år knusla og luska på, var no omforma til eit klaustrofobisk område. Og Trivselshagen var grått, eit grått bygg rett ved sidan av det gamle skulebygget. Er det mogleg? Men, men.
Kosleg var det i alle fall å vere tilbake. Og ikkje minst var det kosleg å vere i lag med Jannike igjen, som sidan sist eg møtte ho har rukke å bli kjendis og tv-stjerne gjennom Tv2 hjelper deg. :D

boksen

Vi får vel heller innsjå at vi ikkje er 16 lenger, og at livet på Firda er over. Deal with it lissm. Men dog, nostalgia vil alltid forekomme.

sandane

Gratulerer med dagen, Pipelusken!

Den vakraste jenta i verda har bursdag. Pipa, pipelusken, Jannik eller Jannike Leka Sunde er 22 år i dag. Filmen under viser min kjærleik til ho. Den er grenselaus.

Her er bursdagsbarnet med det blendande smilet og dei trollbindande augene.

jannikesunde2

Bingo-Jannik.

jannikesunde

Lisje-Jannik.

lillejannik5

Partybrills-Jannik.

jannikbrills

Handy-Jannik.

jannikestol

jannikstol24

Glopperock-banan-Jannik.

gloppejannik1

Retro-Jannik.

jannik1

Firda-Jannik.

jannikfirda

GRATULERER MED DAGEN, VAKRE SKAPNING.

loveyou

I’m a rich bitch!!

Yes! I dag vann eg masse penga!! Berre sjå her:

mail
Name: Birgit, Børge, Børgj, Birdie, Tinnen.

Address: Tigerstaden: Austkanten, av og til Vestkanten og nokon gonger på vakre Vestlandet.

Sex: Ja, takk!

Occupation: I am living in a material world, and I am a Narvesen-girl.

Då får eg berre vente i spenning på pengane. Og lurer du på kva eg skal bruke dei på?

Her er nokon ting eg kan bruke dei på:

  • Rekningar. Eg har fleire av dei. Nokon hastar meir enn andre.
  • Rockwerchter. Festivalen som eg MÅ på.
  • Bussbillett til Stryn. Hadde vore godt å vore heime ein gong i blandt.
  • Togbillett til Bergen. No er det to år sidan eg har vore på pingvineriet, og dei har fått seg ny krokodille på 300 kilo!! Dessutan hadde det vore fint med ein dose Jannike.  Og ja, guttane i Claus. Og Erlend. Lenge sidan eg har kalla nokon slabbedask.
  • Skrapelodd. Det er så morsomt med bokstavflaks!
  • Kinobillettar. Det er SÅ masse eg vil sjå no! Sånn seriøst masse. Og kino er kos.
  • Norwegian Wood. Neil Young. Nick Cave and the Bad Seeds.
  • Treningskle/spinningsko. Ja. tusen takk! Er litt skralt med treningsklede, og spinningsko har eg kjempelyst på!!
  • Skiutstyr. Så eg og Tiril, Stig og dei kan gå på tur til Sognsvann.
  • Reise. Needs no details.
  • Markeringstusjar. Dei kodda 70 kroner stykk. No shit.

Eg lengtar tilbake

I dag er det eksamenslesingsdagen. Det resulterar i nostalgi. Eg lengtar tilbake til:

  • Togturen med Stig der eg vann i bondesjakk og han absolutt ikkje vann

best2

  • Stig sine kunstverk som fekk han til å sjå ut som støttekontakta mi.

paveg

  • Å leve lenge på at eg klarte å teikne den finaste rundingen.

beste

  • Å sjå på Stig kødde seg med Hagen og tvinge i ho dessert.

fridays

  • Vakraste Ina-Mari.ina-mari
  • Colgate-Joacim som fortel vitsar som ikkje høve seg på trykk, men får deg til å le til du ikkje orkar meir.

jioacim

  • What’s not to miss?! Stramare kara skal ein leite lenge etter.

karane

  • PIPELUSKEN. Åh, Jannik! Søta, søta, søta.

stigjannik2

  • Morsomme Jon Kåre som sjarmerte meg i senk.jk2

Og for dåkke som kjem innom og finne det her totalt uvesentleg, kan eg meddele…

…dagens vits:

Det var to tannstikkarar som var ute og tusla langs vegen etter skuletid. Det regna og dei var sugne på å kome seg fort heim. Litt lenger framme i vegen la den eine tannstikkaren merke til eit pinnsvin som for avgarde. Då utbraut han: Åh, pokker!! Eg visste ikkje at bussen skulle gå no!!