Stikkordarkiv: kjærleik

Skofusen…

Det fins ingen betre pus. Sånn er det berre.

Ferie

Den har vore lang og god.

 

 

 

Se og Hør på sitt beste

I dag etter trening (obs! sjølvskryt her: Step/Styrke, Mage/Rygg OG Afroaerobic! Wow, wow, wow!) var eg innom jobb for å hente blad som eg kunne kose meg med i hengekøya i kveld. Uncut, Q, Mojo, Cosmopolitan, Pondus, Kollektivet og andre godsaker fekk vere med i sekken. Då eg skulle betale for stratosen i kassa, kom eg over Se og Hør. Eg pleie som regel alltid å sjå på framsida, men denne gongen var det ei sak som fekk meg til å måtte lese, og sjå på bilete. Charterfeber-Hilde har fått seg kjæreste. Og han er 21 år! TJUEEIN! Hilde har ein son på 15 år, som gjorde saka ganske så lekker. Difor gir eg dykk herved gleda av å trekke på smilebanda.

Charter-Hilde og kjærasten.

Så bra for Oscar at han endeleg har fått seg ein leikekamerat!

Og dette gjeld sjølvsagt ikkje berre på sofaen!

Kven er kven? Ikkje godt å sei, men det står at det er Oscar som er på delfinen, så det er turtelduene på kvalen. Kjekt for dei. Og ikkje minst kjekt for oss.

Sakn

Eg saknar deg, Skofus.

sakn

Eg er småsjuk, og vil heim til deg…

Same for meg – nok eit innslag i humorverda

Denne stripa (kallar ein det når det berre er éit bilete?) såg eg i VG laurdag, eller søndag. Eg lo masse og måtte vise den til Stig med ein gong han kom innom jobb. Om eg syntest den var morsom fordi eg var overtrøytt veit eg ikkje, men eg ler av den enno. Hahahaha. sameformeg

Og ein ting til; Når det kjem til Hans Ulrik er det heilt sjukt kor eg kjenner på kroppen kor glad eg er i han. Eg er så glad i han at det knyter seg i magen. Sånn deilig-vondt. Kroppen min skrik at eg elskar han når han kjem springande mot meg for å klemme seg godt inn mot magen, og av og til mistenkjer eg han for å gjere akkurat det – fordi kroppen min skrik så høgt at han kan høyre det gjennom magen min. Eg lurer på korleis det må vere for ein krabat som han å vite at nokon er så glad i han at det gjer vondt? I grunn er det ganske greit at han ikkje er klar over kva det betyr, for då ville nok pipa hans fått ein annan lyd – og tante-Birgit ville blitt eit offer for alle moglege slags utnyttingar;) Eg gler meg til neste gong vi sjåast att og kan danse rundt til “Se der danser bestefar”, eller rett og slett ta ei utblåsning på rockefoten, også skal eg klemme han skikkelig, skikkelig hardt!

hansulrikkos

Kondomar, romantikk og digital kunst

lovecanada

Fyr: Jeg skal ha noen kondomer. (Ser flau ut og har stått lenge og glodd på kondomane fram til eg kom bort og spurde om han trengde hjelp)

Meg: Ja, kva sort vil du ha? Näcken, Easy eller profil? Näcken er den sorten det går mest av.

Fyr: (Fyren mjuknar litt opp og smiler breidt til meg) Hvilken er det største du har?

Meg: Vi får stase på Näcken. Trur den er på 18,5.

Fyr: Ja, det kommer vel an på du. (Hahahaha, blinke med eine auget)

Meg: …

Også var det den legendariske deligutten då. Snafs. Var innom Deli i går for å leige ein hai-film etter jobb. Deligutten, som no heiter Simon, var ikkje på jobb, så eg tok meg god tid inne i butikken utan å vere småstressa. Men då eg stod i køen for å betale kom han inn. Han hadde fri, og det var jo deilig ein laurdag kveld som det var. Han gjekk baklengs ut av butikken og håpa at filmen fall i smak. Eg sa at den burde falle i smak, då den varte i heile 2 timar og 38 minutt. Også lo han. Og gjekk rett bak i ein stor mann. Og eg lo, og rødma då eg innsåg at eg stod der, inne i butikken, og såg føre meg denne situasjonen plassert i ein britisk(helst) eller amerikansk romantisk komedie, der vi begge to forelska oss i kvarandre, og levde lukkeleg i alle våre dager. Ikkje kom her og fortell meg at eg snart bikka 22! Eg er 13 år igjen!

No er det siste dagen med arbeid ‘Digital Kunst’. Det er faktisk litt interessant. Har lært litt. Og innsett at kunstnarar er umulige å intervjue. I alle fall fotografar med ord som svevar frå ein udefinerbar A til ein udefinerbar Å i ei og same setning. Anyways. Under prosjektet kom eg over eit bilete som eg syntest var veldig, veldig fint og søtt på same tid. Take a look!

drug-free-zone-david-fuhrer

No skal eg berre hoppe i dusjen og få av meg pølselukta før eg skal fullføre prosjektet og deretter sjå film i lag med Christopher. Ha ein fantastisk søndag, kjære lesarar! :)

Boksen i mitt liv

No har det klikka fullstendig for meg. Eg har forelska meg i ein boks. Trudde ikkje det var mogleg, men var i grunn på tide å bli forelska. Det er jo vår, og ein skal vere våryr om våren. Så no er eg altså det. Våryr og kjær. In this box:

boksen

boksen2

Til alle dåkke som ser kor fin den er, og tenkjer “endeleg har Birgit funne kjærleiken”, men på same tid ser at prislappen er forstørra og legg i hop to og to og konkluderer med at denne boksen har ho sjølvsagt ikkje råd til, så kan eg informere om at det er snart bursdag her i garden, og butikken heiter Sjarm og ligg i Markveien.

Ellers hadde Sjarm fleire flotte boksar som gav meg boksesjuka.

boksar

boksar2

Ein fantastisk laurdag

Etter ein heilt fantastisk kveld/natt i går vakna eg opp klokka åtte og strevde lenge med å få Jon Blund tilbake. Det skjedde ikkje. Tiril ringte og vi skulle finne på noko. Men sidan vi begge to er blakke som kirkerotter igjen, var utfordringa å finne på noko gratis. Sognsvann er alltid suksess. Og denne gongen skulle vi teste ut skøyteferdigheitene våre der.sognsvann

Då vi kom fram innsåg vi at det var for mykje snø på isen til å kunne gå der. Men vakkert var det. sognsvann2

Tiril var søt i solskinet.tiril11

Skøytene vi ikkje fekk brukt, og resten av koseria. Appelsin og sjokolade, kan det bli betre?skoytene1

Dei herlege folka som spaserte forbi. Guten blir to år i morgon, gratulerer! Han likte ikkje å sitte på i akebrettet, ville helst drage det sjølv. Og med sekk på ryggen og greier. For ein kar! akebrettguttengutmedakebrett

Tiril på plassen vår. :) tiril2

Den finaste appelsina eg har sett. Takk Tiril. appelsin

Tiril gjekk av med prisen for flinkaste appelsinskrellaren. appelsin2
…Det gjorde ikkje eg.appelsinhaug

Min nye kjærleik. Den var like mjuk som dagen var lang. Og feit på rare plassar. voff

Måtte teste ut om vi var ein bra match. Eg meiner at det var knas. vofs2

Inger Marie poserte flott som eit storeksemplar på korleis ein bør kle seg til fjells. Herleg anorakk, nickers, gamasjar, og ikkje minst skiskoa!

ingermarie

Så bar det avgarde til Spikersuppa for å teste ut skøyteferdigheitene der.

fjellreven