Stikkordarkiv: konsert

50 dagar igjen til Coachella – eg tel ned i gledesrus

Dette er det eg gler meg mest til akkurat no.

Aldri sett Black Keys før, men har vore eit stort ønskje sidan dei gav ut Brothers i fjor. Plata har vore på repeat sidan då.

Pulp såg eg på Øya, men var sliten og i lite festivalmodus. Konserten var heilt rå, og eg gler meg til å absorbere ALT på ein gong. Gler meg som eit barn faktisk.

Explosions In The Sky var også på Øya, men eg hadde ikkje anledning til å få dei med meg. No derimot… Hurra!

Såg han for første gong på Sentrum Scene i desember (?), men er ein av favorittane. Det er vakkert i ypperste klasse, og gjev gåsehud utan like.

Denne låta aleine.

Stor stemme, herlege låtar. Sitte på plenen og late att augo.

Ah, herlege dama. Fine musikken. Trompet og fløyelstemme. Kan ein be om meir?

Dette har vore draumen i langt over ti år. Eg tør ikkje ein gong håpe på at det skjer, sjølv om det skal skje. Eg vil bli altfor skuffa om dei avlyser.


Kaiser Chiefs leverer gong på gong. For eit liveband! Jau! Jaggu seier eg smør!

A W E S O M E! Azelia Banks ass. Watch out!!!

Alle gode ting vert tre. Dei to førre gongange eg har sett det har det vore ellevilt, sveitt og herleg. Justice er vinnarar i sin klasse. Ferdigsnakka.

Girl Talk. Nuff talk.

Åh, Beirut. Kjærleik til Beirut. (Vert eg sentimental no? Trur det…)

Konserten på Parkteatret var heilt vidunderleg. Vert nok ikkje like magisk å sjå dei på ei stor scene, men likevel, eg gler meg veldig.

Om ein går glipp av denne… Då kjem nokon til å seie told you so, og ein veit at det er sant!

Ellers gler eg meg kanskje mest til å stikke på festival utan å vere i jobbmodus. Og så gler eg meg litt til First Aid Kit, Santogold og Real Estate.

Andre tips mottas med glede!

Egil Olsen – Singer/Songwriter

På Parkteatret Scene i kveld. Med gjester.

 

Vekas anbefaling: Jonas Alaska på Parkteatret Scene

På torsdag skal Jonas Alaska vere på Parkteatret. Det vert fint. Trist også. Og veldig vakkert.

Kjøp billett her.

Johnossi-glede


I dag er det ein roleg dag på dagsorden. Med besøksteneste, eksamensskriving, chill på sofaen, og konsert når det lir ut på kvelden. Men tenker nok helst at denne dagen går med på å lade opp til i morgon, for då er Johnossi i by’n! Den herlege duoen med John og Ossi (Oskar) skal spele rock og roll for eit utsolgt Parkteatret. Det blir ikkje anna enn topp stemning. Sist eg såg dei var på Malakoff Rockfestival (i eit fantastisk lys), og konserten gav meg max meirsmak.

Lat oss gle oss til svensk rock og herligheter, gitt!

I’m in love!


Ah, ingen ting er som å fryse i to dagar i strekk, og så finne ut at ein står på eit golv og dansefoten går av seg sjølv, og at kroppen tenker for første gong på lenge: Du verda, no er eg så varm at eg kanskje bør ta av hua… Og jakka… Og tjukkesokkane… For Vinne Who fekk så sjukt varmen i kroppen i dag, at eg – og samtlege i lokalet trippa frå start til slutt.

Vokalisten er skremmande søt, har fløyelsstemme og har uhyggeleg strame bukser – så ein må passe på kvar ein skal kike for å ikkje bli småukomfortabel. Gitaristen er ein av få som kler hipster-brillene, rockar gitaren og dansar på ein måte som får heile lokalet til å sku på han med misunnelege blikk. Og etter å ha vore ein tur innom Olafur Arnalds på Parkteatret, var tala klar: “I kveld treng vi litt meir bass.” (Lars Vaular-guiltypleasure-dilla trer inn her og der) Og herre for ein funky bass Vinnie Who står for! Den var så funk at eg trudde eg var på 80-talet utan at eg eigentleg veit korleis det kjenns.

Veit ikkje kva det beste var; Musikken, eller det faktum at det såg ut som om dei hadde det superartig på scena? At lyset på Internasjonalen var perfekt? At folk rundt meg ikkje kunne la vere å danse? At eg høyrde dei som stod ved sidan av meg som lo på ein ukontrollert måte av pur glede? Eller at eg var småsjuk, kald, sliten og plutselig ein av Oslo’s mest fornøgde innbyggjarar?

Aaaah… I’m in LOVE.

Soon coming to town!

Gler meg som eit barn.

Kebabfitta

I dag var vi på Internasjonalen og såg Lars Vaular på Lydverket. Det var heilt ok. Inntil vi innsåg at vi ikkje kom oss diskrét ut igjen, og måtte halde ut konserten. Anyways, på veg heim såg eg ein “tag” (kan vi kalle det dét?), i alle fall sprittusj-tekst på varselsrefleksar. “Kebabfitta”.  Om nokon verkeleg måtte skrive det nokon som helst stad, så var det vel best at dei valde Torggata. Nuff said.

Yeah, Yeasayer!

I går var vi på konsert! Yeasayer. Utsolgt Rockefeller. Topp stemning. Sjølv om eg var dautrøtt var det ein fantastisk konsert. Scena såg ut slik den gjer på snutten under, og eg er meir glad i Yeasayer no enn nokon gong. Sjanger? Kan ikkje plasserast. Bra? JA!