Stikkordarkiv: kos

Ein veit ein er på Nedreberg når…

... ein nermast sovnar til ein konstant dur, nasa er full av pels, og ein raskt vaknar når kinnet får ein omgang med sandpapir. 

Det er i grunn ganske fint på Hasle

Går ofte hit med besøksvennen min. Ganske så kos å sitte på ein benk og sjå på Kanada-gjessene få mat.

Helg!

Denne veka har gått så utruleg fort. Praksis, jobb, trening, kosing med pus og ymse andre aktivitetar. I dag var eg småkvalm heile formiddagen, og det gjekk plutseleg opp for meg at eg ikkje hadde ete sidan før jobb i går kl. 15.00. Tida går fort i godt lag! Det er no helg og eg skal ikkje gjere anna enn å ete, sove, sjå film, klatre, ete, snope, ete, sove, le, og kose med pusen. FREDAG!

Luskelusk

Lykkeleg i knuslen.

Relaxation

Same for meg – nok eit innslag i humorverda

Denne stripa (kallar ein det når det berre er éit bilete?) såg eg i VG laurdag, eller søndag. Eg lo masse og måtte vise den til Stig med ein gong han kom innom jobb. Om eg syntest den var morsom fordi eg var overtrøytt veit eg ikkje, men eg ler av den enno. Hahahaha. sameformeg

Og ein ting til; Når det kjem til Hans Ulrik er det heilt sjukt kor eg kjenner på kroppen kor glad eg er i han. Eg er så glad i han at det knyter seg i magen. Sånn deilig-vondt. Kroppen min skrik at eg elskar han når han kjem springande mot meg for å klemme seg godt inn mot magen, og av og til mistenkjer eg han for å gjere akkurat det – fordi kroppen min skrik så høgt at han kan høyre det gjennom magen min. Eg lurer på korleis det må vere for ein krabat som han å vite at nokon er så glad i han at det gjer vondt? I grunn er det ganske greit at han ikkje er klar over kva det betyr, for då ville nok pipa hans fått ein annan lyd – og tante-Birgit ville blitt eit offer for alle moglege slags utnyttingar;) Eg gler meg til neste gong vi sjåast att og kan danse rundt til “Se der danser bestefar”, eller rett og slett ta ei utblåsning på rockefoten, også skal eg klemme han skikkelig, skikkelig hardt!

hansulrikkos

Eksamenskusl

Skulle lese til eksamen, men så hendte dette.

skofusknuslskofusknusl2

… No har eg augene fulle av Skofus-hår og ser ingen ting. Så. Ehm. Ja.

Ein fantastisk laurdag

Etter ein heilt fantastisk kveld/natt i går vakna eg opp klokka åtte og strevde lenge med å få Jon Blund tilbake. Det skjedde ikkje. Tiril ringte og vi skulle finne på noko. Men sidan vi begge to er blakke som kirkerotter igjen, var utfordringa å finne på noko gratis. Sognsvann er alltid suksess. Og denne gongen skulle vi teste ut skøyteferdigheitene våre der.sognsvann

Då vi kom fram innsåg vi at det var for mykje snø på isen til å kunne gå der. Men vakkert var det. sognsvann2

Tiril var søt i solskinet.tiril11

Skøytene vi ikkje fekk brukt, og resten av koseria. Appelsin og sjokolade, kan det bli betre?skoytene1

Dei herlege folka som spaserte forbi. Guten blir to år i morgon, gratulerer! Han likte ikkje å sitte på i akebrettet, ville helst drage det sjølv. Og med sekk på ryggen og greier. For ein kar! akebrettguttengutmedakebrett

Tiril på plassen vår. :) tiril2

Den finaste appelsina eg har sett. Takk Tiril. appelsin

Tiril gjekk av med prisen for flinkaste appelsinskrellaren. appelsin2
…Det gjorde ikkje eg.appelsinhaug

Min nye kjærleik. Den var like mjuk som dagen var lang. Og feit på rare plassar. voff

Måtte teste ut om vi var ein bra match. Eg meiner at det var knas. vofs2

Inger Marie poserte flott som eit storeksemplar på korleis ein bør kle seg til fjells. Herleg anorakk, nickers, gamasjar, og ikkje minst skiskoa!

ingermarie

Så bar det avgarde til Spikersuppa for å teste ut skøyteferdigheitene der.

fjellreven