Og ho er så vakker at eg må dele ho med deg. Kanskje du smiler litt då.
(Foto: Lasse Fløde)

Herleg med OSTV, og no har Oslo Student-tv lagt ut opptaket vi gjorde for nokre veker sidan på Narvesen. Vi nekta folk å kjøpe røyk. Det var ganske artig å gjere det, og mange som vart lurte. Dårleg lyd, men artighetene kjem likevel fram! Stikk innom OSTV.no og ta ein titt!
Ellers i dag fekk vi postkort i posten. Hurra! Det er så kjekt med postkort! Denne gongen var det Lisa Mari som sendte, heilt i frå Laos. Det vakre landet Laos. 
Ho skriv blant anna; Livet på reisefot er bedre enn venta, og hadde det ikkje vore for Oslo-gjengen og den herlige by/konsert-våren og festivalsommaren vi har i vente, kunne eg nok vore backpacker ein god del lenger. “
Eg innser nok ein gong at eg er omringa av vakre menneske som har det godt, og som er ein del av dei som tenkjer at livet vert akkurat det ein gjer ut av det sjølve. Og dét er ein vanvittig god tanke.
Posta under Livet generelt, Takknemlig
Merkt laos, lisa mari, operasjon røykenekt, oslo student-tv, OSTV, postkort i posten

I går var Lisa Mari, Christopher og eg på “den lille kokosbollefabrikken”. Den ligg i enden av Thorvald Meyersgate og er kjempekoslig. Kaffien er billig og smakar veldig godt. Bollane er snydens (men det helde med ein!)
Lisa Mari kosar seg med bollen sin.

Christopher is into brown sugar.

Om eg har ingen ting på dagsorden, elskar eg regnet.
Det gjev meg lov til å vere inne. Det gjev meg lov til å gjere ingen ting utan å føle at eg burde gjere noko anna. Eg kan lese boka eg aldri før har rukke å starta på. Det er lov å pakke kroppen inn i eit ullteppe. Eg kan sitte timesvis og sjå på dråpane treffe asfalten som om dei har lengta etter kvarandre for alltid. Fire koppar te. Det er litt mørkare enn før. Stearinlys. Leonard Cohen, Love, Beatles, Mercury Rev, Big Bang, Thomas Dybdahl, The Coral, The Presets, all musikk passar til regnet. Ein har lov til å vere dyster. Ein har lov til å vere glad. Regnet friskar opp. Blanke ark og fargestiftar til. 
Ute hastar folk frå a til b med ein paraply som sjeldan føler seg til nytte. Støvlane er på. Jakka er gjennomvåt, men det gjer ingen ting. Etterpå er det mjuke, varme, store klede som ventar. Med støvlar fins det ingen hinder. Kjekt å gå i sølepytten. Helst når den sprutar. Kjekkare er det når bysykkelen lagar store bølgjer – om ein syklar ekstra fort over den, i alle fall når ein ikkje er klar over at sølepytten var så djup. Bilane skvettar sølevatn på menneske som godt mogleg har dårleg karma. Støvlane smiler når dei vert vaska av vatnet som fossar ut av takrenna. Det er berre ein dag som denne ein får det smilet av folk som hastar forbi – smilet som fortel at dei innser at jenta i støvlane, i den søkkvåte jakka og mascaraen nedover nasa dansar lukkeleg i regnskuret.
Lyden av regnet mot blikktak er noko av det koslegaste i verda. I kombinasjon med tanken på å ikkje måtte gjere nokon ting. Ingen ting anna kan få meg til å slappe heilt av, som akkurat det.

Bileta tok eg av Lisa Mari i går, rett før regnskuren slo i.
Posta under fascinasjon, Takknemlig
Merkt elsker regnet, lisa mari, musikk, oslo, photoshoot, regnet, støvlar, stearinlys, sykkel, thomas dybdahl



I går hadde eg bursdag. Hurra, hurra. Trass dårleg form, etter ein vellukka laurdag, var dagen storarta. Stig kjøpte kake til meg, og dei hadde jammen ordna med presang og greier også! Tusen takk!
Dagen gjekk i parkliv frå start til slutt, noko som var vanvittig herlig. Eksamenslesing vart automatisk sett litt til side for jordbær, Uno, herlege vener, kubb, crocket og is.
B-dagsbarnet skulle sjå film i lag med Christopher og Sveinung også, men ettersom eg hadde vore eit aktiv b-dagsbarn natt og dag, sovna eg parat foran skjermen, og var i seng før klokka elleve. Akkurat slik det skal vere.
Takk for ein super b-dag, folkens!
Posta under Takknemlig
Merkt anne mari, b-dag, bursdag, christopher, lisa mari, oslo, sofienbergparken, stig
I dag har eg hatt ein effektiv dag. Veldig effektiv dag! Var innom ein barneskule for å signere nokon vikar-papir (jepp, skal arbeide som vikar på ein barneskule! (Takk, Tiril) Her trengs det ein stabil økonomi, noko eg tydeleg merkar at eg ikkje har. Det er så rart å kjenne på kor avhengig ein er av pengar for å overleve i ein by som Oslo. Heldigvis har eg bysykkelen som kan frakte meg fram og tilbake, hit og dit!
I dag har eg forøvrig tre ting eg vil meddele.
1: På veg til barneskulen kvapp eg som berre juling. Mannen i høgtalaren sa: “Neste holdeplass er Stig.” Eg fekk sjokk, høyrte eg feil? Er vi på veg til Stig no?? Og jaggu sa han riktig! Der var eit stopp som heitte Stig! Det var så morsomt. Tenk om der fins ein haldeplass der ute i det langstrakte Noreg som heiter Birgit også? Kva er sjansen? Eg vel å satse på at den er stor.
2: Lisa Mari og eg var på trening i dag. Pilates faktisk. Etter timen hadde vi som vanleg tusen ting å snakke om, og vi for avgarde som kaklande høner frå Oxigeno. På vegen la eg merke til at nokon sende meg rare blikk, men tenkte ikkje noko særlig over det. Trudde kanskje det var fordi eg såg rar ut, eller fordi eg gjekk og trilla på bysykkelen, men uvisst kva dei hadde det rare blikket for. Vi var komne eit stykke då vi skulle skilje veg, og vart ståande og prate ei stund ved inngangen til Kuba-parken. Då såg eg det. Eg hadde på meg blå plastikksokkar utanpå skoa. Oh my gad. Der hadde eg gått rundt og traska med blå plastikksokkar utanpå skoa mine. Stor sjanse for at det såg ut som om eg hadde rømt frå ei lukka avdeling. Nice.
3: Tom Waits. ‘I hope that I don’t fall in love with you’. Den gjev meg frysningar langt inn i ryggmargen.
Posta under Livet generelt, musikk
Merkt blå plastsokker, deltidsjobb, lisa mari, musikk, oxigeno, stabil økonomi, stig, tiril, tom waits, tre ting, vikarlærer