Stikkordarkiv: mat

Dagens anbefaling: St. Lars

Her om dagen var eg med Limita, Anders og Hanne på St. Lars for å feire bursdagen til Hanne. Det var ei særdeles nydeleg overrasking, det var berre Anders som hadde vore der før, og vi andre måpte opp til fleire gonger. St.Lars ligg i Theresesgate på Bislett. Musikken er schitzofren, maten nydeleg og servitørane hyggelege som få. Eg får vatn i munnen av å tenke på den kulinariske opplevinga, og vil no oppsumere frotsinga i bilete.

Appetizer: Frityrsteikt grisenase og griseøyre.

Skaldyr på sitt beste og eit lukkeleg bursdagsbarn i bakgrunnen.

 

Fin vin.

 

Vilt.

 

 

 

Endelaus sjokoladesaus...

Eg gjev St. Lars den nette sum: 6/6 moglege. Og om nokon tek meg med dit skal eg aldri sette meg på bakbeina. Berre så det er sagt.

Prosjekt: Grøn Mann

Mat.

Laks, fløtesaus med blåmuggost, brokkoli, pasta og basilikum. Nam.

Dag 1: Grøn mann…

I dag starta eg prosjektet: Å ikkje gå på raud mann, men vente på den grøne mannen. Småprøvde meg på det i helga, og det skal seiast: Det er vanskelegare å gjennomføre dette ein laurdag enn ein småhektisk mandag, men dog. Planen er å gjennomføre mandag til og med søndag utan å gå på raud mann, og i dag har det gått fint. Eg har kryssa fire lyskryss, og klart å vente utan å bli smågal. Men dette med herleg musikk på øyret. Tenkjer det vert betrakteleg vanskelegare utan støttande musikk. Det er så rart kor vanskeleg ein så absurd og enkel ting burde vere. Kryssar fingrane mine for at det skal gå bra, men har mine tvil. Gode tips? Mottas med glede.

Blåmandag

Skulle berre hatt éin dag til på Café Sara.

Taiwan: Foodilicious

I serien “korleis var det i Taiwan?” vert eg naudt til å dele opp i ymse tema. Det er umogleg å fortelje éin ting, eller ei samanhengande histore. Så no gjer eg det lett, deler opp i ymse emner. Første emne ut vert mat!

Vi åt oss forderva i Taiwan. Der var så vanvittig mykje snydens mat. Herre, så godt alt var!

Sjokoladefondue, scallops, dumplings, squids, soppen, åo maj gad, soppen var så sjukt snydens! Eg har aldri vore i eit land med så mykje god mat i før. Det er himmel for alle med eller utan munchies! I promise!

Reunion

Anna Clara Larsson er på besøk, og for første gong på tre år er vi alle samla igjen. :) Det er skikkelig kos. I natt sovna eg med to vakre blondiner på kvar side av meg, og i dag tidleg vakna eg i lykkerus. Det var synd eg måtte på jobb, men i kveld har vi kvalitetstid. Mette og gode i sofaen etter dette herlege måltidet:

Marinert laks med grønsaker, poteter og hollandaise.

Nam.

Dårlig tid?

Då er pizza ganske godt.  

Tok meg 12 minutt, der 8 minutt var ovnstid.

Ingrediensar: pizzasaus, Blå Castello, oliven, røykt laks, tomat, mais, maldon havsalt og knust pepper + norwegia på toppen. 

Jafs, jafs. 

Snydens enchiladas!

Bønne-enchiladas: Chilibønner i wraps gratinert med ost, salat, salsa, rømme, tomat, agurk, masse mais. All you need. Tar deg to minutt å lage, fem minutt i ovnen. Og voila; 

Mat må ein ha!

Allright. Mat er digg. Mat er absolutt digg. Og folk blir irritert når eg alltid må ta bilete av god mat, men OH MY GOD lissom… Eg er ikkje den einaste som vert glad av mat! Berre sjå på min kompis, Ina-Mari! Ho blir maaaax glad av mat! På likt nivå som meg! :)

Dette var tidenes søndagsfrukost (på ein onsdag!!). Åååh så koseleg.

Vi åt på ein nyopna indisk restaurant ved Nybrua. MAX dårleg service, men MAX god mat.