New York, New York (Frank Sinatra)
Satisfaction (Rolling Stones)
I found a reason (Velvet Underground)
Wonderwall (Oasis)
New York, New York (Frank Sinatra)
Satisfaction (Rolling Stones)
I found a reason (Velvet Underground)
Wonderwall (Oasis)
Posta under musikk
Merkt cat power, covers, frank sinatra, oasis, rolling stones, velvet underground
…og Oasis er oppløyst.
(men ignorer sjølve tala, den henge ikkje på greip)
Var på veg i å stappe macen oppi ei laptopveske då eg såg det. Banana frå 2008. Det var berre flaks eg såg den før macen ville blitt skvist blandt pels og ekkel lukt. Er det mogleg? SÅ masse pels på ei banan? Noko som fascinerte meg veldig, var korleis myglet mygla seg gjennom veska! Banana låg i lomme nr. to frå utsida, og du verda hadde ikkje banana jammen formert seg til UTSIDA av veska. I’m IMPRESSED! Lurte litt på korleis det ville smake med banan frå 2008, no som vi er så godt inn i 2009. Heldigvis hadde eg ikkje tid til å la tanken bli handling.

Qba har blitt min nye hengeplass. Der les eg til eksamen. Tiril tipsa meg om å sitte på kafé og lese, slik at ein ikkje vart forstyrra av totalt stillheit og deretter litt lyd som då ville vere veldig høg. På kafé får ein jo ein jamn straum av lyd, slik at ein ikkje må snu seg for å sjå kva som skjer om det blir litt meir action på desibelskalaen. Ein god idé, og passar ypperleg for meg. Der kan eg sitte og høyre på musikk, helst sitte ved peisen der det er godt å varmt. Konsentrasjonen er på topp, og om eg er svolten er det ikkje noke stress. Då er det berre å seie i frå. Litt sånn Furby; Me hungry. Me thirsty. Og glade folk bak disken. Og musikken er sweet også! I dag har det gått mellom Mercury Rev, Oasis og Lambchop. Passar meg ypperleg. Dei har deilig suppe der.

I dag delte eg bord med tre forskjellege. Ein koseleg mann som sat seg ned for å ta ein kaffi. Han hadde lunch, men ikkje nok tid til å bestille mat. Det var svært synd, for dei har så vanvittig god kyllingwraps der. Og øla var visst også veldig god. Så det var vel kanskje like greit at han ikkje hadde tid til å bestille mat, for han kunne i alle fall ikkje drikke øl til maten, øl og kyllingwraps passa ikkje i hop i følge han. Også var det kanskje litt dumt å drikke øl når han skulle på jobb igjen etterpå også. Men eg måtte han ein fin dag. Også var det dama som ville låne pennen min. Ho likna på Karin Fossum, og eg tenkte kanskje at tenk om det var ho. Men ho trykte ikkje på pennen når ho var ferdig med å bruke den, slik at blekket kunne tørke ut. Og då tenkte eg at det ville vel aldri ein forfattar ha gjort? Pennen er vel hellig? Eller..? Ho kjøpte ein kaffi latte til meg som takk for lånet. Koslig dame. Med krøllete raudt hår. Og til slutt kom Anne Mari som glatt bestilte ei Carlsberg, som såg så vanvittig god ut. Ho skulle på personalmøte etterpå. Koslig å sitte slik på Qba og møte ukjende og kjende, varme seg foran peisen når det lava ned med snø utanfor. Drikke varm drikke og høyre på god musikk. Ja, også lese til eksamen då.
Når det nerma seg trening gjekk eg på butikken for å kjøpe ein youghurt og nokon knekkebrød. Det stod ein mann utanfor og tigga pengar til mat. Og eg tenkte at eg kunne kjøpe ein pakke med slike ferdigsmurde knekkebrød frå Wasa, og nokre bananer, så kunne han få det. For han såg grådig svolten ut. Eller hypa på eit skot, men eg lot dømminga kome til slutt. Då eg kom ut frå butikken igjen stod han der endå, og spurde meg nok ein gong. Eg sa det som det var, at eg ikkje hadde cash, men han kunne få nokre bananer og knekkebrøda som eg hadde kjøpt, om han ville ha dei. Knekkebrøda var kjempegode kunne eg forsikre han om, blant mine favorittar av Wasa-produkt. Han sa eg berre kunne gløyme det. Hypa på eit skot.
Hadde samla masse energi då eg kom fram til Oxigeno og var superklar for å spinne trått i 45 minutt til rytmer frå 90-talet. Også innsåg eg at eg hadde gløymt joggeskoa mine. Eg vart så frustrert og visste ikkje kvar eg skulle gjere av meg. I resepsjonen kunne dei låne meg nokre sko, dei måtte berre vite kva storleik eg trengde. Eg er desperat, har du noko mellom 37-40, så kan eg bruke det! Dei hadde 36 og 42. Sorry mac. All engergien min vart omforma til frustrasjon, og eg visste ikkje anna enn å gå til leiligheta Aarsheim for å søke trøst. Sidan eg ikkje har mobiltelefon for augeblikket vart det eit såkalla gammaldags besøk. Eg gjekk dit utan å vite om dei var heime, ringde på klokka og spurde om dei ville leike. Og der møtte Lisa Mari meg, og fekk meg til å smile på flekken. Så godt å vite at ein framleis kan gå litt sånn på besøk også. Etter litt kom Trine og introduserte meg til nedlastningsverda. Alt vart med eitt så mykje betre. Til slutt kom Stig heim frå verdas lengste forelesningsdag, diska opp med pølser i lompe med potetsalat og sprøsteikt løk. Han var i kjempehumør og kunne stolt vise fram den nye fangsten frå Nr.52 på løkka. “Chinos” heitte det visst. Bukser som er slim fit, men litt kortare, men likevel ikkje 1/3. Er usikker på korleis ein skriv “Chinos”, so I call it Stigos. Dei sat som eit skot på han. Og eg foreslo at han kan bli mitt nye ikon om eg skal starte moteblogg (haha). Men han lot seg ikkje frivillig fotografere, så alt eg har å gå på er dette:

Kva synes du, Christopher? Stig tippa du mislika dei. Men dei var faktisk ganske kule!
No ventar eg på Hagen sin ankomst til Tigerstaden, og i morgon er vi klare for ekte Rock And Roll! AC/DC. Hoihoi!

Etter ei langhelg utan like med gode venner, latter og glede og alle andre sånne klisjé-ting, så hadde eg rett og slett logra så masse med halen at eg ikkje fekk tenkt meg om. Anne Mari spurde om eg ville vere med på finne på noko på tysdagen, og eg visste at noke stod på dagsorden den dagen, men var ikkje heilt sikker på kva.

Men eg kom på det til slutt. OASIS!! 4. november kjøpte eg billetten, og tenkte at oh my god kor lenge det er til 27. januar!! Men plutseleg var dagen der. Og vi stod spent i spektrum og lurte på kven som skulle vere oppvarmingsband. Stig fekk seg ei pølse i lompe og før vi fekk diskutert ferdig om vi skulle kjøpe konsert-øl eller ikkje, så kom det ein gjeng med svartkledde karar på scena. Ehh…?! Begynde dei no!? Heilt utan forvarsel?!
Eg følte meg nesten litt lurt. Eller snurt. Fordi dagen hadde komt så brått på, og eg hadde ikkje hatt tid til å glede meg. Og eg ville helst benytte tida oppvarmingsbandet skulle spele på til å gjere nettopp det. Men desto betre. Eg fekk konserten som eit slag rett i hjarterota. Heilt utan forvarsel.
Sjølv om han aldri smilte var eg fornøgd til tusen. “You are the youngest crowd we’ve ever played for. Seriously, are you on a school trip?” “Does ANYONE got any cannabis?!” “Are all of you from the same school, or what?!
Dei spelte alle dei gode gamle låtane. Starta med “Rock n’ Roll Star”, og Stig bekrefta at dei var no det, rock og roll-stjerner. Og vi såg dei. Sjølv om det veksla på høge og mellomhøge publikum som stod foran oss. Starten på “wonderwall” vart spelt to gonger til og med. Og det var herleg. “Don’t look back in anger” også. Og “Champagne Supernova”. Stig fekk full valuta av konserten. Dei spelte to av dei to låtane han hadde komt dit for å høyre. 100%.
Stemma mi høyrtes visst ut som ein fugl som holdt på å dø. Men det gjorde ingen ting. Eg jubla her og der, rett frå magen – totalt uavhengig av å tenke. Og det kjentes bra. Dei spelte mange låtar frå det nye albumet, og det var ein veldig ok måte å høyre dei for første gong på. Eg kan anbefale det. Å ikkje høyre dei nye platene, men gå på konsert og høyre dei der først. Med mindre du har behov for å synge med på kvar einaste låt då.
Eg hadde på meg Beatles t-skjorte. Siste låta dei spelte før dei takka for seg var Beatles. Og eg trudde eg skulle dø. Dei spelte ein av mine favoritt-Beatles-låtar. “I am the walrus”. Det var nesten sånn at det “toppa heile driden”. Og eg var overlykkelig over at når dei først spelte ei Beatles-låt, så spelte dei ein av dei kulaste. Coocoocoochouuuh!!
Lykkelig var eg nok ein gong då eg skulle legge meg. Sjølv om rommet mitt no var tomt, og eg ikkje hadde fire, tre eller to kjære ved mi side. Eg var sikker på ein ting. No skal eg i alle fall forte meg å glede meg til dei andre konsertane som står for tur. Eg begynde NO.

Eg har ein tanke om meg sjølv som ein dårleg student. Eg prøvar å konsentrere meg, og finne på ting eg kan tenke som gjer at det blir lettare å hugse det eg les. Men det har seg slik at eg er fryktelig distré, og tenker fort på andre ting enn dei orda som står i boka. Akkurat no f.eks, tenker eg på fiskepinnar og songen “fiskebollen lengter etter havet, havet er fiskebollens hjem. Dette er det 55 verset, nå er det bare 45 igjen.” (som eg har tenkt på i heile dag!) No som det nermar seg eksamen med STORMSKRITT, MÅ eg få ein stoppar på dette. Her må det konsentrerast! Som ein liten motivasjon for å konsentrere meg fullstendig, har eg hengt opp nokon lappar på veggen foran meg som skal få meg til å tenke innsats no, max glede etterpå.
AC/DC, Bloc Party, Big Bang og Oasis er dei store musikkhøgdepunkta eg kan sjå fram til. Berre det å vite at eg er så heldig å få kunne sjå og høyre AC/DC i februar, BØR vere god nok grunn til å lese konstant dei seks neste dagane.
…og vi snakka om karma. Karma. Karma. Då MÅ eg berre yte maksimalt då? Karma…
Å få vere i lag med dei beste gutane i verda, er belønning nok for å yte heile studiet. Og julebord blir i alle fall kos:)
Heim til mor, heim til mooor, ja eg vil heim til mooor. Eg er stooor, eg er stooor, men eg vil heim til mor. Og pusen, og garden, og alle dei herlege venene… Og lusk. Og knusl. Og god mat. Jul!!
Dinna lappen får meg berre til å smile. Og då lure eg meg sjølv til å tru at eg har det veldig kjekt her eg sit. Jepp. Humor. Morsomt. Så fint at ein kan more seg litt også då, hæ?
Effektiv jobbing resulterar i velfortente pausar. Dette står då på menyen: 
Akkurat no er det denne herligheten som motiverer meg mest. No er det berre å pugge eit essay, pusse tenna og voila! Senga, here I come!!
Andre gode råd for eksamenslesing/motivasjon? Er to år sidan sist, så er litt rusten på området. Tips vert motteke med glede, folkens!! Køyr på. Om du ikkje har nokon tips tek eg også i mot lykkeønskningar. Eller pengar.
(no offence Hans Magnus)
Posta under Livet generelt, vits
Merkt AC/DC, christopher, eksamenslesing, jul, motivasjon, oasis, post-it, stig, studieteknikk, tips
Posta under Livet generelt
Merkt AC/DC, bysykkel, christine, christopher, cut copy, hans ulrik, justice, leonard cohen, maria, musikk, oasis, operasjon, stig, the presets, the whip, tormod