Stikkordarkiv: oslo

Oppdrag vekemålet: Flyttelasset

“Yte noko av seg sjølv til eit veldedig formål.”

Måndag var eg i gong. Halv elleve møtte eg Anders for å hjelpe han med flyttelasset. Sidan eg har den uheldige kombinasjonen lappen og mangel på frykt, skulle eg vere sjåfør. Køyre ein gamal Dodge van. Berre eit par lass.

Det gjekk ikkje slik. Denne bilen var automatgir, og ved lenger stopp (les: raudt lys) måtte ein både bremse og gasse på same tid, slik at batteriet ikkje skulle døy. For om turtalet var låg over lenger tid, då døydde han. Heilt uavhengig av kvar han var. Og då måtte eg ut og starte han, med startkablar eg vart godt kjend med.

Dette gjekk greit heilt fram til klokka var halv fem, maksimal rushtid og på veg for å hente nest siste lasset. Vi stod ved Kiellandsplass, i krysset ved Waldemar Tranes gate og Maridalsveien, rett ovanfor Gutta fra Calcutta ville han ikkje meir.  Vi stod i vegen for bussane, og fekk ikkje flytt han. Ut med startkablar, bilen i gong, og i det eg sette han i Drive, stoppa han igjen. Bussjåførane var sinte, vi stod i vegen for innkøyring til busslomma. Vi prøvde igjen, fekk bilen i gong, men med ein gong den vart sett i gir slo han seg glatt av. Det enda opp med at vi måtte sette han i nøytral, rulle nedover vegen, rope på dei som hadde tenkt å krysse gata og fortelje at det kanskje ikkje var så lurt, for så å trille nedover Maridalsveien heilt til vi brått måtte snu over til venstre då det var kø ved lyskrysset nede ved Arkitekthøgskulen, og bremsene streika. Det var ikkje så lett å svinge, då rattet hadde plysjtrekk og trekket for rundt og rundt, i staden for rattet.  
Det var eit sjukt styr. Bilen måtte skubbast til ein parkeringsplass der han kunne stå til Falken kom. I mellomtida stakk vi til Ensjø og henta ein ny bil. Toyota Hiace. Lett å køyre, men ikkje heilt greit etter  å ha blitt vand med å gasse og bremse på same tid. Likevel, eit sjarmtroll av ein bil.

Bilen hadde gps! 
(Gris på snor)

Då vi endeleg var ferdige og leverte bilen til sin rette eigar, var vi klare for ei velfortent pils, tok vi taxi strake vegen til Parkteatret der det var personalfest. Vi var begge lukkelege for at eventyrer endeleg var over, og at Anders endeleg var på plass i si nye leilighet.

Eit par lass vart til 11 timar, og eg ytte meir enn planlagt av meg sjølv til eit veldedig formål: Anders. Å flytte er det verste eg veit, men å kunne hjelpe andre slik at prosessen skal kunne gå så smertefritt for den det geld, det er ei sann glede. Og ikkje minst hjelp som vert sett pris på! No gjekk ikkje dette smertefritt, men derimot vart det ei oppleving eg seint kjem til å gløyme.

Tour De Art Walk

Gjekk ein liten runde i byen med Kjella, Eyvind og Limita. Der såg vi på nokre av kunstverka som er med i Art Walk-løypa.

Ved Folketeateret. Min favoritt.

Plutseleg vende Eyvind og Kjella nasa mot Hard Rock CAFÉ. Pokker. Vi måtte vere med.

Limita nekta, men gav seg over ende når dei truga med å spandere øl. Oslo sin dyraste øl, den er å finne på Hard Rock.

På Karl Johan sat ein dude og spelte "Solveigs song". Eg song med: Kanskje vil der gå både vinter og vår, og næste Sommer med, og det hele år; — men engang vil du komme, det vét jeg visst; og jeg skal nok vente, for det lovte jeg sist.

!!!

Er i kveld å sjå på John Dee.

Feitt.

I’m in love!


Ah, ingen ting er som å fryse i to dagar i strekk, og så finne ut at ein står på eit golv og dansefoten går av seg sjølv, og at kroppen tenker for første gong på lenge: Du verda, no er eg så varm at eg kanskje bør ta av hua… Og jakka… Og tjukkesokkane… For Vinne Who fekk så sjukt varmen i kroppen i dag, at eg – og samtlege i lokalet trippa frå start til slutt.

Vokalisten er skremmande søt, har fløyelsstemme og har uhyggeleg strame bukser – så ein må passe på kvar ein skal kike for å ikkje bli småukomfortabel. Gitaristen er ein av få som kler hipster-brillene, rockar gitaren og dansar på ein måte som får heile lokalet til å sku på han med misunnelege blikk. Og etter å ha vore ein tur innom Olafur Arnalds på Parkteatret, var tala klar: “I kveld treng vi litt meir bass.” (Lars Vaular-guiltypleasure-dilla trer inn her og der) Og herre for ein funky bass Vinnie Who står for! Den var så funk at eg trudde eg var på 80-talet utan at eg eigentleg veit korleis det kjenns.

Veit ikkje kva det beste var; Musikken, eller det faktum at det såg ut som om dei hadde det superartig på scena? At lyset på Internasjonalen var perfekt? At folk rundt meg ikkje kunne la vere å danse? At eg høyrde dei som stod ved sidan av meg som lo på ein ukontrollert måte av pur glede? Eller at eg var småsjuk, kald, sliten og plutselig ein av Oslo’s mest fornøgde innbyggjarar?

Aaaah… I’m in LOVE.

Haustsøndag

Denne helga har vore stappa med jobbings, Twin Peaks og godt lag. I dag gjekk eg ein runde for tv-aksjonen, noko som var særs bra. Alle som åpna dørene var glade for å sjå oss, gjevargleda var stor! Godt å sjå at folk ventar på at ein skal dukke opp, og ikkje minst godt å kunne bidra til ei god sak. Og så er det godt å bli litt kjend med by’n i godt selskap der praten aldri går tom.

(biletet er frå Bygdøy teke nokre helgar sidan.)

Lyset ute var fantastisk, og hausten er i ferd med å gå over til vinter – men fargane er likevel vakre som få. Hausten er nok mi favoritt-tid visuelt sett.

Etter omlag tre timar bed bøssebering tok turen til den vesle familien. Der diska Åse Maria opp med deilig heimelaga loff med chèvre, nøtter og honning. Og ikkje nok med det! Sjokoladekake stod også på menyen.

Vi såg filmen 500 days of summer, og det som peikte seg ut i den var eit usedvanleg bra soundtrack: The Smiths, Wolfmother, Regina Spector, Feist, Doves og Black Lips for å nevne nokon.

Sidan eg ikkje har nokre bilete frå bøsseberinga, legg eg ved eit blinkskot frå Fretex forrige helg. Hans Ulrik fekk velje og vrake i heile butikken… han valde å prøve denne:

Fin i forma;)

Majestetisk er ordet

Soon coming to town!

Gler meg som eit barn.

Elvelangs

I går var Oslo ein serdeles koseleg by. Iselin, Christine, Heidi og eg, trakka elvelangs saman med fleire tusen andre. Det var faklar langs elva, konsertar, oppvisningar, dans, mat, kunst og mykje snask for auget. No er eg meir glad i Oslo enn nokon gong, og dette på ein regnversdag!