Stikkordarkiv: parkteatret scene

Egil Olsen – Singer/Songwriter

På Parkteatret Scene i kveld. Med gjester.

 

Casa Murilo/Draup – Yellow Umbrellas

Nydeleg samarbeid mellom jentene i Draup og Casa Murilo. Sistnemnde har konsert på Parkteatret Scene førstkomande fredag. Dit vil eg anbefale deg å stikke.

Vekas anbefaling: Jonas Alaska på Parkteatret Scene

På torsdag skal Jonas Alaska vere på Parkteatret. Det vert fint. Trist også. Og veldig vakkert.

Kjøp billett her.

Dagens anbefaling: Crap Åppå Park

I kveld er det Cirque Du Crap på Parkteatret, i regi av Crap Åppå Park. Høyrer rykter om at det skal bli eit  sirkus sett i ei David Lynch-aktig stemning. Det er ikkje ofte eg trur på rykter, men denne gongen er eg lettlurt så det held – stikk innom og le med meg! Parkteatret kl. 19.00! (Stal plakaten her i frå)

Og då var sommaren i gong!

Festivalsommar, her kjem vi!Vi kickstarta den med Norwegian Wood og Patti Smith. Det var ganske så greit! Avslutta kvelden med ein tur på Club Yacht Rock på Parkteatret. Maritimt tema, guilty pleasures og ballongar. 

No er det mykje som står for tur… Er spent på kva festivalar som vert aktuelle i år. Maaaasse godsaker å velje mellom.

Oppskrift på ein vellukka dagen derpå

1. Stå opp

2. Kle deg godt

3. Drikk cola

 

4. Ver flittig (les: eksamenskriving, oppgåver, vasking, evt. andre ting som tilsvarar ordet “flittig”)

 

5. Et pizza (og drikk meir cola)

 

6.  Jobb på ein stad som gjer deg glad

Plutselig er det som skulle vere ein dag derpå over, klokka er tidleg morgon igjen – og du kan gå til sengs med tankar om at dette var jammen det ein bra dag!

Johnossi-glede


I dag er det ein roleg dag på dagsorden. Med besøksteneste, eksamensskriving, chill på sofaen, og konsert når det lir ut på kvelden. Men tenker nok helst at denne dagen går med på å lade opp til i morgon, for då er Johnossi i by’n! Den herlege duoen med John og Ossi (Oskar) skal spele rock og roll for eit utsolgt Parkteatret. Det blir ikkje anna enn topp stemning. Sist eg såg dei var på Malakoff Rockfestival (i eit fantastisk lys), og konserten gav meg max meirsmak.

Lat oss gle oss til svensk rock og herligheter, gitt!

Tips: Shugo Tokumaru

Coming to Parkteatret Scene 6th. of December. I am SO looking forward to it.