Eg angra på at eg ikkje tok med meg kamera på konserten. Eg angra på at eg ikkje tvang alle rundt meg med på den. Eg er lei meg på alle som ikkje var der sine vegne. Fever Ray er i og for seg fantastisk. Å kome dit, og ikkje forvente meir enn mystisk, kosleg, beroligande og fin musikk, for så å kome til Sentrum Scene og sjå den feitaste scena eg nokon gong har sett, vart ei stor oppleving for meg. Scena var dekka av røyk og Karsten-lampar som belyste scena i takt med musikken. Det var magisk, og eg vart bergteken. Det var første gong eg har vore på konsert med Christopher og eg har holdt kjeft under heile konserten. Eg sat berre og måpte.
Karakter:
5,5/6
Det fins ikkje ord for å beskrive konserten som var på Sentrum Scene for kun eit par timar sidan. Utsolgt dei første dagane og så absolutt synd i alle dei som ikkje fekk billett. Dette var ei oppleving utan like. Som “erfaren” konsertgåar følte eg meg omlag snytt for tidlegare “kvalitetsmusikk på scene” når Massive Attack entra scena. Det var ei oppleving eg kan garantere aldri kjem i gløymeboka. Dei gav meg gåsehud. Dei gav meg reaksjonar eg ikkje visste at eg hadde. Før dei tok til på ‘Risingson‘ steig kroppshåra mine av seg sjølv. Dei reiste seg på eige initiativ, og kroppen var med på kjensla. Det var frysningar på alle “dream on”. Det var frysningar gjennom heile ‘Risingson’! Når eg tenkjer meg om var eg bergteken frå starten av konserten, og det fins ingen ord som kan beskrive resten. Bortsett frå at vi hadde sitjeplassar, og det var fysisk umogleg å sitje når dei avslutta med den fantastiske ‘Karmacoma’ etter å ha gjort gull av alt eg tidlegare har høyrt, og ikkje minst av den nye singelen – som eg no vil tune inn for å nyte til natta vert til dag.
Uansett kor bra konserten var (6/6, bergteken, “dette er kvalitet utan like”, terningkast 6! osv…) så toppa det heile seg. Etter konserten. Vi tok nokre pils på Internasjonalen saman med Karoline, kjærasten og ein kompis. Deretter gjekk vi til Fisk & Vilt for å delta på nachspielet der det hadde blitt fortalt at Massive Attack skulle vere “dj”. HAHA. For godt til å vere sant! Likevel, vi tok turen. Etter å ha loka litt rundt såg vi at stemninga var heilt ok. Vi vurderte å gå, men så kom dei inn døra. Robert Del Naja og Grantley Marshall. Vi var ikkje mange ved baren, men dei stoppa der. Også kom autopiloten. Eg kunne ikkje la vere. Korleis kunne dei stå der i lokalet, på Fisk & Vilt utan at eg gjorde noko? Det var jo Massive Attack! Karane back Mezzanine! Plutseleg stod eg ved sidan av Grantley Marshall og smilte til han. Robert nikka høffleg mot meg, og Grantley snudde seg mot meg og sa:
– Hello baby, how are you tonight?
Eg, Birgit, utan klokskap eller evna til å halde tunga rett i munnen svarte følgjande:
– Hi. I love. I love you! I mean, yeah, I love you. Thank you!!
Grantley:
– Well, uhm, thanks. Også smilte han og snudde seg mot Robert igjen.
Også gjekk eg tilbake til dei andre og tenkte at herregud kor teit eg er. Men fekk likevel overbevist meg sjølv om at eg fekk jo sagt det – det som eg ville sei, det som eg tenkte. Og eg gjer det jo. Elskar dei. Også innsåg eg kor vanvittig feitt det var at eg hadde hatt ein viss type kommunikasjon med Grantley og Robert – M A S S I V E A T T A C K , liksom – og gjekk tilbake til Christopher og Karoline og kjærasten og kompisen. Også laga eg rare lydar som kom i from av “weee, iiiiiih og eeeh vi må kjøpe øl!!!” Før eg fekk sett meg rundt igjen var dei ute av lokalet. Vi dansa til det vart for seint og var du verda så lukkelege for å ha sett dei. Og endå betre var det då vi skulle gå, og “smugleseren” kom for å filme stemninga og bekrefte at Massive Attack ikkje hadde vore der, noko som vi kunne fortelje at jo, visst faen, dei var her!
Massive Attack skal til Oslo! Sentrum Scene 20. oktober. Det er eit halvt år til, men eg gler meg som ein unge. Det blir heilt sjukt bra å få med seg… Eg kunne ikkje tru det når eg såg dei stod på lista som Rockefeller sendte ut. Men, jau! Det stemmer. Åh, så bra det skal bli. Nok ein gong; glede i heimen!
Eg var vel kanskje 7 år første gong eg høyrde dei, då albumet ‘Protection’ kom ut i 1994. Men det var først sju år etter på eg vart totalt hekta. ‘Karmacoma’ gjekk på repeat på den vesle cd-spelaren min. Dette varte kanskje i ein periode på eit halvt år! Og i 2008, då Ina-Mari, Heidi og eg var ute på jordomsegling, vart eg bitt av basillen big time. Då var det albumet ‘Mezzanine’ som stod for tur. Det gjekk ommatt og ommatt på iPoden min si speleliste, og då vi var komne til Fiji (tre veker ut i turen), hadde låta ‘Risingson’ vorte spelt over 50 gonger. Og eit av mine koslegaste minner i New Zealand må vere då vi for heim i frå ei black sand beach på Raglan, tilbake til Hamilton i bilen til Karl, der vi tre jentene låg i baksetet og stirra opp på den fantastiske himmelen med stjernemylder og måneskin, med ‘Risingson’ på full guffe.
Einaste pausen eg hadde med Massive Attack var då iPoden min krasja i Laos då eg hadde ein uheldig kombinasjon av minibankuttak, lynnedslag og ein mann med vatn opp til knea som ropte “solly, sOlly, liiightnin” til meg. Då døydde iPoden. Og ny fekk eg ikkje før vi var komne til Nha Trang i Vietnam, eit par veker og ein 50-timars lang busstur etter. Etter å ha kjøpt meg ny iPod sat eg i timesvis og bladde i hefter på ei “Pimp my iPod”-sjappe (slike burde absolutt vere å finne i Norge!!) – der eg til slutt fann tilbake til Massive Attack og ‘Mezzanine’.
For ei veke sidan var vi på Franz Ferdinand-konsert på Sentrum Scene, Lisa Mari, Fredrik og Tiril. Konserten var heilt rå, og den kan du lese om på endelighelg.no. Det eg vil vidareformidle no er: Høyr på Kissogram. Dei var supporten til Franz Ferdinand og var verkeleg bra! Dei fekk meg til å le og digge på same tid. Også hadde eg eine låta på hjernen ganske lenge etter konserten, ‘Rubber and Meat’. Det er ikkje mykje Tyskland har eksportmessig musikalsk sett, men Kissogram er noko. Og det er kult. Jonas Poppe, Sebastian Dassé og Joe Dilworth er herrane bak Kissogram. Berre namna får meg til å smile, Poppe – popcorn? Dass(é) og Dilworth, noko som for meg er eit tullenamn som du finn i The Extras, BBC humor på sitt beste, og det er bestemt at musikken deira skal vere fun. Ja, også kan ein jo ikkje sjå vekk i frå det faktum at dei er på support-turné med Franz Ferdinand i Europa. That must be something!! Haha, og nokon av tekstane/musikken generelt kan minne om musikken i The Mighty Boosh for dei som har sett det. Herlich!
No må Jon Blund vise antydning til å kome. God natt, folkens! Og hugs at vi stilte klokka i natt!! No er klokka 01:02.
Endeleg var den store dagen komen. Prodigy stod for tur og eg hadde gleda meg som ein unge til å få sjå dei. Var litt stressa over å ikkje ha nokon å dele det med, men på veg heim frå trening høyrde eg at naboane køyrde Prodigy på høgtalarane. Det måtte bety ein ting: dei skulle også dit. Eg fekk lov til å henge meg på dei, noko som viste seg å bli ein storarta aften. Når det kjem til konserten har eg ikkje ord som kan beskrive kor bra den var, eg korta det ned til éi setning: Den var rett og slett ei einaste lang orgasme.
Her er låtane eg trudde eg skulle få hjartestans av når dei vart spelt:
World’s On Fire
Their Law
Breathe
Omen
Poison
Firestarter
Run with the Wolves
Voodoo People
Smack My Bitch Up
Take me to the Hospital
Out Of Space
…og heilt på slutten spelte dei “Stand up” som er siste låta på den siste plata deira. Den er fantastisk, og eg kan nesten garantere at det blir årets feel-good hit. Om ikkje for alle, så definitivt for meg.
Det var mandag 23. februar, staden var Sentrum Scene og bandet var Bloc Party. Betre start på ei veke kan ein leite lenge etter! Lisa Mari, Trine og ei venninne var selskapet. Sjølv om lyden på vokalen var ganske laber, så var jammen Kele Okereke like bra som på CD. Gitaristen (Russell Lissack, mannen til venstre med gitaren fint planta i hendene) likna fælt på Jon Kåre, og vi trudde ei stund at det var han som hadde lurt seg med på turnéen. Matt Tong (trommelomlomlom) hadde kun på seg ein gul boksershorts og dansa så sjarmerande på scena eg sjeldan har vore vitne til. Stemninga var høg og publikum veldig fornøgde. Lisa Mari og eg smilte frå start til slutt. Og endå lenger. Det kjendes ut som om dei berre hadde spelt i 15 minutt når dei egentleg hadde vore på scena i ein time. Tida går jammen fort i godt selskap! Dei spelte mange låtar frå favorittalbumet mitt, “Silent Alarm”. “Banquet”, “Blue Light”, “Helicopter”. Også slo dei til med “Hunting for witches” og andre gromgode låtar. Når dei var “ferdige” ville ikkje publikum gå. Det ville ikkje Bloc Party heller, så dei spelte eit par låtar til etter at dei hadde gjort sitt med smekken nede. Også kom dei igjen endå ein gong. Publikum ville ha meir, dei ville ha meir. Vinn-vinn.
Filmen er av svært dårleg kvalitet. Dette av to grunnar:
I går var eg på dait med meg sjølv, noko som viste seg å bli ein vellukka fredag. Middagen var snydens, eg hadde heldigvis laga noko eg var sikker på at eg likte. Etter litt oppvarming til konserten med å høyre på Kaiser Chiefs, var vi klare til å gå. Vi tok trikken til Brugata, tok ut nokon spenn og var relativt tidleg ute. Dørene opna klokka 20:00, vi var framme omlag halv ti. Hadde egentleg ikkje tenkt å få med oppvarminga, men vart uhorveleg begeistra for at det skjedde likevel. Namnet var Dananananaykroyd. Og det var action. Litt indierock, litt punk. Gutta frå Glasgow, som vi aldri hadde visst om før, tok oss med storm. Vokalisten hoppa tau med mikrofonen. Gitaristen gav publikum gitaren slik at dei kunne avslutte siste låta. Sweet. Betre oppvarming kan ein leite lenge etter.
Mellom Dananananaykroyd og sjølvaste Kaiser Chiefs vart vi ståande oppetter ein påle, sikra oss plassen med god utsikt. Daiten vart avbroten eit par gongar av uforskamma svenskar som aldri tok eit hint om at eg var fornøgd med å vere der med meg sjølv, og at eg ikkje hadde behov for å drikke vin med nasa saman med folk over grensa som eg ikkje kjendte. Han eine snakka så høgt at eg høyrde det sprakk i trommehinna mi eit par gonger. Dei slutta å mase til slutt etter å ha diskutert høglytt om dei skulle gå fram i “crowden” eller om dei skulle stå bak, og faktisk sjå noko. Også kom stillheita som eg tenkte på forhand kom til å bli så naturleg. Eg var stille i kanskje 20 minutt. Eg og meg sjølv spleisa på ei øl. Den var vekke på kun kort tid. Sånn går det om ein er to om å drikke. Tørste var vi!
Også kom dei på scena. Herlegheita sjølv. Dei rocka i gong med Spanish Metal, fortsatte rocken med Every day I love you less and less og eg måtte kjefte på meg sjølv, for vi kunne jo ikkje filme heile konserten uansett kor bra det var.
(dårleg kvalitet, men sånn er det, har ikkje supert kamera akkurat)
Logra med halen. Song med. Hylte og skreik med den halvdaude-dyre-stemma mi. Klappa. Prøvde å plystre. Smilte frå øyre til øyre. Det var rett og slett heilt konge! Heilt til fire jenter frå Bergen stilte seg bak meg. Dei kom rett etter Never miss a beat, og snakka høgare enn vokalisten – og det var ganske bra trøkk på vokalisten. Dei hadde ikkje sett kvarandre på fleire år, og “Guuuuri så gøy at vi møtes HER DA, PÅ KONSERTEN! Hvordan går det med deg da? Har du møtt Kristian siden sist? Guri så lenge siden, JEG BARE MÅ HØRE ALT!!” Slik fortsatte dei gjennom Riot-låta, og eg måtte halde meg i skjorta for å ikkje klikke i vinkel. Samtlege som stod i omkretsen min snudde seg for å så å lage ein grimase som bad dei halde kjeft, eller stikke til helvete der i frå. Eg veksla mellom å synge med, og halde på å klikke. Dei stod bak pålen eg lente meg opp etter og hadde tydeleg ikkje noko der å gjere. Ikkje høyrte dei på musikken, ikkje dansa dei. Til slutt kunne eg ikkje dy meg, og spurde om dei ville betale tilbake 100 kroner av billetten til samtlege rundt oss for å ha snakka i hel siste delen av konserten. Eg fekk ei øl i trynet. Men dei forsvann. 1-1. Syklubben var vekke til “siste” låta og eg var fornøgd med meg sjølv. Gentle. Angry Mob!!
Konserten var rett og slett fantastisk! For ein energi! Og ja, billetten var dyr. Men eg kjøpte den heldigvis i dei dagar eg hadde mykje pengar. Men om eg ikkje hadde gjort det, hadde eg glatt reinska fisk i 80 timar for å få vere der. Eller telt spikar i like mange timar. Den var rett og slett verdt all verdas slit. Slik ein energi, og slik eit humør, slik ein guts skal ein leite lenge etter. Dei rocka Sentrum Scene. Dei løfta taket, og fekk oss til å sveve på skyer av glede.
Etter konserten møtte vi tilfeldigvis Lasse ved utgangsdøra. Han hadde gløymt at han skulle på konserten, noko eg finn heilt utruleg. Han var der med ein frisør, som vi slo følge med heim. Vi snakka om alt og ingen ting heilt fram til Sofienberg. Også skiltes vi. Då var det berre eg og meg sjølv igjen. Eg vart eg med meg heim. Sånn utan vidare, det låg ganske naturleg for meg. Og i dag tidleg vakna eg opp med meg sjølv utan at det var kleint. Også for eg på trening rundt halv elleve, sånn rett før eg hadde vakna heilt. Perfekt timing.
Henrik spurde meg etter eit valentinsinnlegg kvifor eg er single. “Har du ikke kjæreste, Why? Liker du det ikke eller finner du ingen som er bra nok?” Eg kom til å tenke litt på det i dag. Og når eg sat i badstova etter treningsøkta i dag kosa eg meg veldig. Sjølv om det berre var eg som var der. Eg har jo møtt veldig mange som eg likar, og for all del – mange er bra nok, men… Eg er jo framleis single. Så då tenkte eg rett og slett å finne ut om eg er bra nok for meg sjølv, så treng eg jo aldri å leite etter nokon å “dele livet med”? Så i dag skal eg på dait med meg sjølv. Eg og Birgit skal på konsert, på Kaiser Chiefs. Det som er så bra, er at eg er sikker på at det ikkje gjer noko om vi ikkje har noko å snakke om, for eg kan liksom vere heilt stille i lag med meg sjølv utan at den pinlege stillheita kjem. Og det må vel vere noko av det beste? Ja, også veit eg at eg er komfortabel i mitt eige selskap. Også kan eg vere med meg sjølv heim utan å måtte vakne tidleg opp for så å fordufte før den andre vaknar, eller vakne opp å ha dårlig samvit. Ja, no satsar eg på meg sjølv! Kan starte med middag, fiskepinnar til 7.50 kroner, litt ris og litt saus, også vatn frå springen, også konsert etterpå. Eg gler meg allereie.
Så, då må eg eg gå. No har daiten begynt, og eg er klar for å ete middag med meg sjølv. Dinner and a concert… Kan det bli betre?