Stikkordarkiv: Skofus

Ein veit ein er på Nedreberg når…

... ein nermast sovnar til ein konstant dur, nasa er full av pels, og ein raskt vaknar når kinnet får ein omgang med sandpapir. 

Verdas mest lukkelege katt


Skofusen…

Det fins ingen betre pus. Sånn er det berre.

På gjensyn, Skofus!

…og eg kunne ønske at

dette var oss to akkurat no:
sakn2 Det er vel dags for å sove. Eller natt som brura sa.

Sakn

Eg saknar deg, Skofus.

sakn

Eg er småsjuk, og vil heim til deg…

Tilbaks til gards

gardstunet

Er tilbake i Stryn. Fryd og gammen. Starta dagen med ein liten frukost, også var det dags for å jobbe i skogen. Eg presterte å tryne midt oppi ei maurtue med ein stokk i kvar hand. Lekkert. Så no har eg skrubbsår på knea for første gong på lenge. I kveld er det lettsalta brosme på menyen, noko som vere livretten min i følge reaksjonen min når eg fekk høyre at vi skulle ha det. Hjertet banka som om eg var forelska. Hurra!

hansulrik

Hans Ulrik med stjerner i augene.

Tormod

Tormod i skappeleg antrekk; Dugnad.

utsikt

Utsikt mot Olden. Mykje finare når Jannike er heime.

skofus

Skofus som var min sengekamerat i natt. Så mjuk og god pels skal ein leite lenge etter.

Eksamenskusl

Skulle lese til eksamen, men så hendte dette.

skofusknuslskofusknusl2

… No har eg augene fulle av Skofus-hår og ser ingen ting. Så. Ehm. Ja.