Stikkordarkiv: snø

Lengtar litt etter snøen gitt

Høyrer rykter om snø på Facebook, twitter og aviser, og eg har fått eit sterkt behov for å boltre meg i snøen. Spesielt når eg ser ruskevérbilete frå Strynefjellet (vg). Det rykker litt i foten som vil til korketrekkaren og renne grisefort på akebrett!

Og når eg skal jobbe med Snowboard VM (februar 2012) tenkjer eg også at det er ei skam at snowboardfoten ikkje rykker like mykje (les: i det heile), men det har eg tenkt å gjere noko med! Målet før februar 2012 er å kome tilbake på brettet – og digge det. Eg startar med å digge snø, og så skal resten kome av seg sjølv. Eg får jo lyst til å stå på brett når eg ser puddersnø (utan å vite heilt kvifor), kanskje før eg veit ordet av det står eg på brett ned Gulekoppen? Kjenner at eg i så fall gler meg til det. Kanskje til og med sesongkort på Tryvann? Skal ikkje overdrive entusiasmen her, men dét hadde vore ein bra start på det 25. året. I følgje forskning viser det at slike aktivitetar kjem naturleg tilbake rundt 25-årsalderen. Eg vil ikkje vere unntaket, og skal utvide horisonten frå rå akebrettkøyring og bortoverski (som eg forøvrig ikkje synes er så veldig kjekt, bortoverski…).

Og skal du på utflukter med snørelaterte aktivitetar, ikkje nøl med å invitere meg! Eg kan bli glad av snøaktivitetar altså. 

Skikkelig glad.

Akutt heimlengsel

Brodern skreiv at det var 4 meter snø i bakken i Stryn… Eg ville ha bildeprov. Han tok dette frå stova. No vil eg heim. Berre ein liiiiiiten tur…?

G L A T T E N !

I’m Jim Morison, I’m dead

No sit eg inne etter å ha vore ute ei stund. Det snør enno litt, og Mogwai er på anlegget. “I’m Jim Morison, I’m dead”. Ganske bra låt for veret.

Det er første snøen, og det er den eg likar aller best. Den var perfekt, og fekk meg til å bli i i overkant entusiastisk. Eg fekk behov for å fortelle folk om at hei, no snøva det, har du sett det?! Snøkorna var akkurat store nok til å lage snøstemning rundt lyktestolpane, og snøen smelta ikkje før etter ei stund etter at den traff nasetippen. Det er den friskaste lufta ute. Snart legg snøen seg i Birkelunden slik som på biletet over. Då skal eg kjøpe kakao på Cocoa og sjå lenge på snøen. Word.

 

Derimot, terskelen for å kravle ut av ei varm og god dyne, ha nakne føter mot det kalde golvet, for så å hufse seg avgarde i morgon tidleg…. Den terskelen vert større.

Naboen har fest…

…og i lyden av “ååååå, det går likar noooo”, drøymer eg tilbake til fantastiske Zanzibar.

Sykkelen min står parkert i bakgarden, og vert meir og meir dekt av snø. 

I mine tankar lengtar sykkelen også. Til sykkelturar i Oslo.

Og eg lengtar til somaren. Til tida ein kan sitte på ei brygge, drikke vin og betrakte soloppgangen.

…eg lengtar til då eg forbannar meg over kantklipparen, og får trøst av ein fjording som vil vere nær.

…eller at eg kan rydde skogen med denne krabaten.

Eg får nok ta kvelden, og heller draume litt om dette. Det kan vel hende eg vaknar opp på Zanzibar?

På trilletur med “familien”


Ein fantastisk laurdag

Etter ein heilt fantastisk kveld/natt i går vakna eg opp klokka åtte og strevde lenge med å få Jon Blund tilbake. Det skjedde ikkje. Tiril ringte og vi skulle finne på noko. Men sidan vi begge to er blakke som kirkerotter igjen, var utfordringa å finne på noko gratis. Sognsvann er alltid suksess. Og denne gongen skulle vi teste ut skøyteferdigheitene våre der.sognsvann

Då vi kom fram innsåg vi at det var for mykje snø på isen til å kunne gå der. Men vakkert var det. sognsvann2

Tiril var søt i solskinet.tiril11

Skøytene vi ikkje fekk brukt, og resten av koseria. Appelsin og sjokolade, kan det bli betre?skoytene1

Dei herlege folka som spaserte forbi. Guten blir to år i morgon, gratulerer! Han likte ikkje å sitte på i akebrettet, ville helst drage det sjølv. Og med sekk på ryggen og greier. For ein kar! akebrettguttengutmedakebrett

Tiril på plassen vår. :) tiril2

Den finaste appelsina eg har sett. Takk Tiril. appelsin

Tiril gjekk av med prisen for flinkaste appelsinskrellaren. appelsin2
…Det gjorde ikkje eg.appelsinhaug

Min nye kjærleik. Den var like mjuk som dagen var lang. Og feit på rare plassar. voff

Måtte teste ut om vi var ein bra match. Eg meiner at det var knas. vofs2

Inger Marie poserte flott som eit storeksemplar på korleis ein bør kle seg til fjells. Herleg anorakk, nickers, gamasjar, og ikkje minst skiskoa!

ingermarie

Så bar det avgarde til Spikersuppa for å teste ut skøyteferdigheitene der.

fjellreven

Forandring på kun kort tid

Oslo er ganske så fint. I solsteiken. Koseleg. Vårfeeling. Men så plutselig forvandla Oslo seg igjen. Til vinterland. Og alle lydar vert pakka inn i vatt, og 90% av dei på trikken er sure. Sjølv om det er aldri så koseleg ute. Og stille. Og fredeleg. Kva gjer det vel då at bussen er 30 minutt forsein?

2feb2feb2snoskulenskulen2

Bjørknes i vinterland.

Eg syns det er nydeleg med snø. Og takk og lov for snø foran regn og sludd. Og dessuten meiner eg at når det snøva ute, så er det den beste anledninga til å vere inne, ha teppe rundt seg og drikke kakao. Hadde eg berre hatt kakao.

Tusen takk til verdas beste mamma

Sjå kva eg fekk tilsendt!! Hagen tok det med seg når ho kom! :-) Åh, eg er så lykkelig!!
Tusen takk, mamma!!! Pepperkakehus!! :D Nam nam nam nam!!

pepperkake

parken1…og så fint var det i parken når eg gjekk heim frå trening. <3