Taiwan was full of nice streets…

Shitoushan tempel:
På ei bru i ein suburb i Taipei..
I kjellaren til verdens nest høgaste bygning:
På sandslottfestival:
På Taipei Airport.
Det er ikkje vanskeleg å beskrive Taiwanesarar med ord. Dei er vennlege, imøtekommande, hyggjelege, optimistiske, gavmilde, inkluderande og skjønne. Sjølv om dei ikkje snakkar engelsk, vil dei så veldig, veldig gjerne hjelpe til – og det einaste dei vil er at du skal ha det bra. Eg konkluderte raskt med at menneska i Taiwan må vere dei vennlegaste menneska i verda.
Posta under Travelling
Merkt danshui, kaoushioung, menneske, people, taipei, taiwan, travelling
Vi tok oss ein sykkeltur i Taroko-Gorge, litt nord for Hualién. Sykla i overkant av 5 mil, noko som var ein fantastisk tur. Har aldri gapa så lenge med munnen over så lang tid før. Fjella var overveldande! Då vi var framme sat vi i frå oss bagasjen og sykla til nermaste hot spring, som vi delte med 8 andre lokale. Til kvelds åt vi fisk og reker, og fekk sashimi av fiskaren sjølv. Herleg!
Lykkelege jenter på ein super sykkeltur.
I Taiwan er det like mange tempel som det fins fjell i Noreg. Ei av dei beste opplevingane vi hadde i Taiwan må ha vore turen til Shitoushan, i Lionshead Mountain, 3 timar utanfor Taipei. Vi sat oss på toget, måtte overtale ein person til å vise oss korleis vi skulle reise dit då vedkommande meinte det var ALTFOR langt å reise dit, og at det antaklegvis ikkje var verdt det. Då to byssbutte, beståande av miming og mange spørsmålsteikn var over, vart vi slupne av midt i skogen, langt opp i fjella lenge etter solnedgang. Etter litt somling i eit nabolag vi ikkje visste kvar var hen, var vi ei lommelykt rikare og hadde fått haik med nokon lokale som kunne køyre oss dit vi hadde tenkt oss. Då vi kom fram var vi sjokkerte, vi hadde aldri trudd det skulle vere så vakkert der, og at vi skulle få bu der. Men det gjorde vi. Morgonen etter klokka 04:30 vakna vi i sengene våre til jungellydar og trommedrønn frå buddhistar i forskjellege tempel rundt om kring i fjellkjeda, og vi var amazed av utsikta. Magisk var det.