Stikkordarkiv: tiril

Det er litt vår

Takk for 2009, alle og ein kvar!

As always, må eg køyre i gong med årskavalkade! HÆ? Same presidure as every year, James!

Januar:

Som vanleg alltid hardt å starte skulen etter ei knallflott jul! Hagen budde hos oss i Kirkegårdsgata 7, det var knas. Mamma sendte pepperkakehus med ho tilbake til Oslo, noko som var gull verdt! Livet gjekk som smurt på Oxigeno, og det var kos å gå over Akerselva og sjå på endene kvar morgon. Stigen, Lisa Mari og eg var på Oasis-konsert i spektrum, ei oppleving som fall i smak sjølv om gutta (as always) var passe sure. Månaden gjekk fort, og som alltid, før eg visste ordet av det, var det allereie februar!

Februar

I februar stod jobbsøking høgt prioritert. Var innom mykje snusk, før eg enda opp med kassajobben i Narvesen. Eg fekk pakke i posten med Stian, og vart sjølvsagt veldig glad! For ein hunk! Oslo gjekk frå vinter til vår og tilbake til vinter igjen på kun kort tid, og Christopher reiste i frå meg, til fordel for India. Eg vaska kåken og fann denne tingen som skapte eit stort mysterium. Februar var også månaden eg tok daiting til eit nytt nivå, og hadde ein aldeles utmerka dait med meg sjølv: snydens middag og Kaiser Chiefs som imponerte på Sentrum Scene! Dette kan eg per dags dato anbefale. I februar fann eg også ei banan frå 2008. Det var ikkje til å anbefale. Studietida mi var for det meste på Qba der dei serverte meg god mat, og sørga for å halde meg våken med ein kaffikopp i ny og ne. 20. februar rocka Hagen og eg på AC/DC-konsert, og hadde ei kule eg seint vil gløyme, før vi dagen derpå satt oss på toget til Bergen. Hagen vel å merke i ein kupé langt vekke frå kupéen til meg og Stig, der ho satt saman med ei feit, illeluktande dame som hadde fuktige sokkar som ho valde å ta av seg på toget for å “tørke beina”. Ellers beviste nok ein gong Sørlandschips at dei er god på det dei driv med, ved å sende meg ei flott kasse som eg kunne knaske på. Årets første eksamen var overstått, eg vart kalla hore i parken, Bloc Party var rå på Sentrum Scene, ein pakke låg utanfor døra vår, som viste seg å vere eit kunstprosjekt (og resultatet kan du forøvrig sjå her), Tiril og eg hadde flotte dagar på Sognsvann, og vinteren var generelt slik den burde vere: kvikklunsj og kald. Til å vere årets kortaste månad, må eg innrømme at denne månaden her inneheldt veldig mykje bra – og ein skulle nesten tru eg hadde “juksa litt” for å få plass til alt.

Mars starta med ei “einaste lang orgasme”, før mamma kom på besøk (haha, veldig artig å setje dei to setningane saman) og hadde storhelg med oss “ungane”. Eg fekk lov til å skrive for endelighelg.no mot gratis konsertbillettar, såg på svanene og fekk meg nye spinningsko og kjøpte billett til Rockwerchter. Denne månaden var også bananrelatert, men denne gongen fann eg noko eg trudde var verdas lengste banan. Det var søndagstur med Stig, noko som også førte til at søndag vart kåra til min favorittdag. Dette har enno ikkje endra seg. Eg vart sjølverklært liftekspert, middagsgjest hos Stig,  og såg det flottaste fyrverkeriet nokon gong. Anne Mari og eg var på The Vineyards-konsert, og oppdaga ein ny favoritt: Stricken City. Hans Ulrik var liten og søt,og det var ingen ting som var meir stas enn å vere barnevakt-tante. 29. mars hadde eg mitt første intervju, og fann ut at Heroes and Zeros var like kjekke som dei var flinke (les intervjuet her om du vil). Lisa Mari og eg var på Franz Ferdinand-konsert, og til vår store glede oppdaga vi oppvarmingsbandet Kissogram. Nok ein gong fekk eg pakke i posten.

I april sakna eg Skofus, budde i leiligheta til Hans Magnus under eksamensperioden, og kosa meg på Oxigeno. Eg var ein kort tur til Stryn i påska, og påskedepresjonen (grunna jobb på Narvesen og mangel på folk på Grünerløkka) vart redda av dei kjære påskeegga. 11. april såg eg ein seriøst stor hundebæsj, Christopher kom heim og eg vart dritglad. April var forøvrig den månaden eg fann ut kva eg verkeleg er god til, og kunne glatt ha meldt meg på Norske Talenter med å reinske egg. Eg fann boksen i mitt liv, og avslutta månaden med å forelske meg i deliguten.

Mai, du skjønne milde kom som eit skot. Flott veir og bryllaup på Nedreberg, før realiteten med eksamenshelvete slo inn igjen. Eg vart spelegal, lærte å lage mitt første origamihjarte, Tiril, Stig og Christopher var følgjet mitt på Melody Club, 17. mai vart feira i bunad og godt selskap, utelivet baserte seg på Internasjonalen med Dr.Nordahl og ringdans, Christopher og eg tok turen til Stryn for å passe garden. Dette var herlege dagar med Skofus-pels i nasa! Mai var einaste månaden eg klipte håret i 2009 (note to myself: gjer det OFTARE FFS!).  Eg hadde bursdag, som vart feira i parken rett før det vart juni.

Juni

Bysykkelen vart stjelt. Eksamen over, og eksamensfilmen min gav meg gratis champagne. Eg såg ei morsom reklame, Norwegian Wood introduserte meg for Nick Cave and The Bad Seeds FOR REAL, og vi forelska oss.  Eg var Oslolos, heimlaus – og kunne difor bu hos favorittfamilien, og sjå på Hans Ulrik ete pannekaker. Familien tok meg med til Horten, noko som vart ei storarta helg. Juni var månaden der Christopher og eg endeleg fann oss ein heim, på sjølvaste bursdagen hans!

Juli

Feit festival i Belgia, gode dagar i Stryn, kjekke dagar med frivillig arbeid på Malakoff, leiligheta var max kaos, og eg vart hekta på The Pink Robots sin superhit: Curly. Ei ny spalte kom opp i bloggen min: La meg introdusere deg til 90-talet. Juli gjekk fort, og var prega av øl, strålande sol og menneske eg er glad i.

August

Tidleg i august møtte eg hylla i mitt liv, eg stortrivst på Øyafestivalen i innslepp, og laga meg ein fin lampe.
Ellers gjekk august med på å nyte parklivet, ete kokosbollar og danse til morgonen kom på Internasjonalen, før Høgskulen i Oslo skulle bli min nye hang-out.

September

Klassen var på tur til Tjøme. Bollapin dukka plutseleg opp, og kjærleiken var tilbake i livet mitt. Eg skreiv med sprittusj på tavla i 6. klasse, vi fekk internett, og eg vart erklært superpølse på Narvesen. Denne kortfilmen sjarmerte meg, stratos kom i posten, og Sadossen og eg kosa oss på Teknisk Museum. Kino på Operataket, besøk av mamma (som kjøpte meg seng!), og rundballar dekorterte parken. Leiligheta tok form, og oktober kom som kjerringa på julekvelden.

Oktober


Oktober starta med ei jente som gløymte igjen skjørtet sitt på Café 33. Nok ein bananrelatert månad, denne gongen med Stig. Haustmånaden behandla Sognsvann akkurat som den burde. Eg stod ofte tidleg opp for å fare på spinning, og jobbinga på Tonsenhagen barneskule vart kjekkare og kjekkare. 18. oktober gjekk vi bøsseberarar og samle inn masse gryn. Denne månaden tok heilt av emosjonelt-messig: eg snakka (ei viss form for samtale) med Massive Attack! Konserten var heilt sjukt bra – og var nok eit av mitt livs største opplevingar musikalsk set. Jannike sendte meg pakke i posten, og gjorde meg veldig, veldig glad. Svolværpostei.
Eg fekk også pakke i posten frå Brynhild, som bidrog til usunne tenner ganske lenge.

November


Mamma og pappa hadde 43-årsdag. Eg oppdaga skikkelig, skikkelig grotesk porno (evt. morsom). Jon Kåre var i by’n, og vi var på Muse, ein veldig kul konsert. Hengekøya kom på plass, eksamensfilmen vart laga – og vi hadde det artig på set! Eivind var med på jakkeshopping, Prodigykonsert, og gav meg den kulaste tightsen ever til førjulspresang! Gilbert hadde eige radioprogram som var maaax glatten kult! Eg oppdaga krabbepostei, og hadde ei kjempeoppleving på JJ-konsert. Golden Silvers fekk meg avhengig, eg vart fascinert av kråker, Jannike var på besøk første søndag i advent og vi tente sjølvsagt adventsstaken.

Desember


Stressveker med eksamensproduksjon, ekstrajobb og anna stasj, men likevel latter og glede – i f.eks denne finn.no annonsa. Ina-Mari var på besøk, godt med spoonings, og ikkje minst deilig mat. Eg var handy og laga ein ny lampe og garderobe, pynta meg i lag med Christopher og køyrte på med julebord med Øyafestivalen. Birken Brukt åpna i Thorvaldmeyersgate, og Hans Ulrik inviterte til lucia-feiring i barnehagen. Nordfjordekspressen var god å ha til Stryn, for å feire jul der i godt lag.  Storarta julebord med alle jentene, spel og anna fanteri i tunet, og før desember var over rakk vi jammen å reise til Zanzibar også, og eg nok ein gong kan seie med handa på hjartet at dette har jammen vore eit fint år.

TAKK FOR 2009, ALLE SAMAN!

Butterflies and cherry blossoms

Bilde 1

Eg pleie aldri å anbefale bloggar. Men no er det er på tide. Ironisk nok, jenta dedikerte den til meg – og herregud for eit treff i målgruppa! Eg er nok den største tilhengaren, og den er så kosleg. Med fine dikt, fin musikk, fantastiske bileter og kosleg språk. Får liksom lyst til å kommentere alle innlegga, og vise den til heile verda. Så no håpar eg alle tek turen innom og lar deg drøyme vekk i dei venaste bilete ho har leita opp i dei små “lat-oss-rømme”-draumane sine. For å kome dit kan du trykke her, her, her, eller, her, eller på begge bileta. Om du kom til å lure. Også kan du for sikkerheitsskuld trykke her også.

Bilde 2

 

“Gratulerer”, Tiril!

tiril

Okay. Eg må innsjå det. Oslo vil ikkje bli det same utan, og eg får berre bite i det sure eplet og gratulere Tiril i staden for å surmule. Gratulerer, Tiril! Dette kjem til å bli kjekt for deg og ALLE i Lillehammer. Tenk at du skal stase opp den kalde byen no! Folk kjem til å snakke om kor varmt det har blitt der frå og med august av. Det vert snakk om Tiril-tid, Tiril-ferie, Tiril-semester, varme-Tiril, pene-Tiril, helge-Tiril, Tiril-smil, og alt kjem til å bli nevnt i Tiril form når du er på plass. I bet.

Eg håpar du gjer stas ut av kulturprosjektleiing slik at vi andre som skal busette oss i Sogn og Fjordane når den tid kjem har noko bra å sjå fram til. You go girl, og bli fort ferdig! Ait?!

Grattis!

Men kva skal ein seie til elevane på Tonsenhagen? Dei kjem til å grine seg i søvn når du ikkje er der…? (Les: meg)

tiril2

Eg er så glad i deg. Også saknar eg deg som oftast.

Electric

melkody

Konserten i går var morsom. Veldig morsom. Dei spelte Electric, Palace Station, Fever, Boys in the girls room og mange kule låtar frå det nye albumet. Sprøtt å kjenne korleis golvet på Rockefeller gav etter for publikum som hoppa opp og ned. Det var skikkelig kos å vere på konsert med Tiril, Stig og Christopher. Og ikkje minst teste ut nye utestadar der ein kan få ei lita øl for 22 kroner. Lenge sidan eg har sagt; Fire øl og fått svaret: 88 kroner.

Intervjuet og anmelding av konserten kan du lese på endelighelg – om nokre dagar.

No skal eg hoppe i dusjen og ta fatt på ei arbeidsøkt på Narvesen, før det byr på festligheiter med Øya-crewet.
For dåkke som har fri i dag, og er i Oslo: For all del – gå ein tur i parken og slikk sola! Eg ser at det her blir ein herleg dag. Og for dåkke som er i Bergen – stikk på Melody Club i kveld. Du kjem ikkje til å angre:)

God helg folkens!!

Hjarte

origamihjerte

I dag laga eg mitt første origamihjerte. Tiril fortalte meg at det var superenkelt. Og eg trudde ikkje eg skulle få det til, men hoi hoi! Det klarte eg!

Apropos hjerte:  Deligutten har fått eit namn! Simon. Ganske fint. Det kler han.

lek

Distré?

172611__tom_lI dag har eg hatt ein effektiv dag. Veldig effektiv dag! Var innom ein barneskule for å signere nokon vikar-papir (jepp, skal arbeide som vikar på ein barneskule! (Takk, Tiril) Her trengs det ein stabil økonomi, noko eg tydeleg merkar at eg ikkje har. Det er så rart å kjenne på kor avhengig ein er av pengar for å overleve i ein by som Oslo. Heldigvis har eg bysykkelen som kan frakte meg fram og tilbake, hit og dit! :) I dag har eg forøvrig tre ting eg vil meddele.

1: På veg til barneskulen kvapp eg som berre juling. Mannen i høgtalaren sa: “Neste holdeplass er Stig.” Eg fekk sjokk, høyrte eg feil? Er vi på veg til Stig no?? Og jaggu sa han riktig! Der var eit stopp som heitte Stig! Det var så morsomt. Tenk om der fins ein haldeplass der ute i det langstrakte Noreg som heiter Birgit også? Kva er sjansen? Eg vel å satse på at den er stor.

2: Lisa Mari og eg var på trening i dag. Pilates faktisk. Etter timen hadde vi som vanleg tusen ting å snakke om, og vi for avgarde som kaklande høner frå Oxigeno. På vegen la eg merke til at nokon sende meg rare blikk, men tenkte ikkje noko særlig over det. Trudde kanskje det var fordi eg såg rar ut, eller fordi eg gjekk og trilla på bysykkelen, men uvisst kva dei hadde det rare blikket for. Vi var komne eit stykke då vi skulle skilje veg, og vart ståande og prate ei stund ved inngangen til Kuba-parken. Då såg eg det. Eg hadde på meg blå plastikksokkar utanpå skoa. Oh my gad. Der hadde eg gått rundt og traska med blå plastikksokkar utanpå skoa mine. Stor sjanse for at det såg ut som om eg hadde rømt frå ei lukka avdeling. Nice.

3: Tom Waits. ‘I hope that I don’t fall in love with you’. Den gjev meg frysningar langt inn i ryggmargen.

La meg introdusere deg for Tiril sin mp3-spelar

bilde-219iAudio heiter den. Den kom før iPod. Den kom før datamaskina. Den kom før steinen. Og er like svær som ein stein. (men den er også ganske fin)

bilde-225

fyrstikk

Min reaksjon var kanskje litt frekk, då eg såg den (kvapp eg) låg ved sidan av telefonen til Tiril var reaksjonen min: Ka faen er det der fornoke?! Ikkje var det eit kamera, ikkje var det ein diger telefon! Tiril: Det er mp3-spelaren min!

Hahaha. :) Så “fin” den er! :D

tiril