Stikkordarkiv: trening

Back in biz

Endeleg tilbake i squashmodus. Freakkin’ fantastic!

Limita med den sjukaste uttyingsøvelsen eg nokon gong har sett.

Sjuuuuukt digge sko. Suddenly everything is right.

In the T-zone

Når eg høyrer folk snakke om kor kjekke ulike sportar er, så tenkjer eg ofte “blablabla”, det er sikkert heilt ok, og ikkje noko meir enn det. Men når det kjem til squash har det vore “blablabla” all over the place, og til slutt så måtte eg gi etter og prøve. Pontus tok med meg, forklarte reglar, high-fiva på min første gyldige serv, skraut litt her og der, lo der det høva seg,  - og var gentleman nok til å haldt kjeft der han burde. No er eg heilt øsa, og kan ikkje vente til neste gong eg får spele. Racket og nye sko står på øverste rad i prioriteringslita. Nok ein sport eg aldri kjem til å bli god i, men som eg syns er heilt topp! Feitt!

Endeleg tilbake i veggen

Aaaaah, ENDELEG tilbake i klatreveggen. Har ikkje klatra sidan juli då vi var på Beachen i Stryn.

Gary og eg var å klatra på Klatreverket i går. Midt på dagen var det nermast ingen menneske der, og vi kunne klatre alle rutene vi ville. Dødsdigg å kjenne på kor tungt det er, og vite at etter ei stund er kroppen og teknikken blitt mykje betre.

Slitne føter etter ei lang økt i trange sko.

Mål før desember: Klatre minst to gonger i veka, og naile ein 7′er.  . :-)

Hardkjør…

I dag var ein av dei dagane som går unna, og er så jævlig bra at ein kan lure på kvifor. Hadde ei artig stund med to klassevenninner der vi skreiv manus på tidenes artigaste høyrespel. Eg gler meg til å produsere, mikse og le så magen verker. Spekuativ fiksjon, vi har dei lausaste taumane og den herlege fantasien. Ein fantastisk kombo! Etter skulen såg eg på ei oppgåve eg snart skal skrive, også var det middag, også var det tid for trening i lag med Hagen.

Spinning, og mage/rygg. Herleg! Var klar som eit egg då vi skulle starte. Så starta vi, med 45 sekund MAX TEMPO, 30 sekund ståande, MAX TEMPO, og oh my god.  Det var galskap å gi så full gass. Det var galskap å trakke i veg. Det var galskap å vite, at etter dei 3 hardaste minutta på lenge, hadde eg berre 72 igjen… Eg kunne ikkje anna enn å smile. Det enda opp med at produserte endorfiner som garantert var mynta på eit par som skulle bli nyforelska og gå på speed, og klarte ikkje slutte å smile. Instruktøren påpeika det fleire gonger, og eg vart flau. Så måtte eg smile endå meir. “Hu der, hu smiler bare mer og mer hu!” På siste låta såg eg at han tok meg i å smile det breidaste smilet eg nokon gong har hatt. Då hadde eg trakka ALT eg hadde, for å seinare innsjå at finalelåta stod igjen.

Trapperekord: 27 sekund med sekk.

No er det tid for senga… Tidlig opp i morgon, trening og oppgåveskriving. Også får ein sjå kva fredagen bringer…

Det her vil i alle fall søndagen bringe:

Så herlig, morsomt og dårlig/kult. Can’t wait!

Siste oppdatering!

aam

Tida flyg avgarde, og vi har enno ikkje fått oss internett i leiligheta. Det er som om livet plutseleg har slått meg i trynet med hektisk-slaget, og alt går i eitt og det berre er å halde seg fast i bølgja. Økonomien er laber, men snart kjem stipendet – og då vert det ordnings! Akkurat no har vi besøk av Iselin som har budd hos oss ei veke, og 31.august flyttar ho inn i sin nye heim i lag med Hagen og Bente. Skikkelig koselig å ha ho på sofaen!

So, what’s new…? Sykkelen min vart stjelt første skuledag. Det var rett og slett krise, og den er ikkje komen på plass enno. Please cross your fingers! Kameraet mitt er vekk?  The Pink Robots spelte på Betong på torsdag. Dei varma opp for Donkeyboy og gjorde ein framifrå jobb! Knas! Laurdag var det dags for Birdy Nam Nam, som eg ikkje hadde sett sidan Roskilde 2006, og denne gongen fekk dei meg også til å puste i ujamne takter. Herlig dj’s, herleg musikk, herleg publikum og god øl. Ellers har livet gått så det susar på Narvesen, og eg trivst godt på skulen. Interestiiing…

Dagens anbefaling? Christopher og eg var på kino med Helge og Ina i går, vi såg Inglourious Basterds, noko som vart den filmen som har engasjert meg mest det siste året. Hurra! Eg lo høgt og hjartleg jamt under heile filmen, og eg anbefala ALLE å sjå den!

Så, sidan mangel på internett er stor kan eg meddele kva som skjer dei neste dagane framover; Skule, trene, jobbe,  skule, jobbe, jobbe, trene, jobbe and then; Innflytningsfest! Velkomne skal de alle vera på laurdag! Søndag blir derimot ein avslapningsdag, før eg mandag morgon tek turen til Tjøme saman med klassen i filmproduksjon!  Ha det godt så lenge! :)

Lovechock

veke

Denne veka har vore travel – og gått i eitt. Og eg har kosa meg max, og kosar meg endå meir med tanken om at mesteparten av kosen enno ikkje er unnagjort! Mandag var semesteroppgåva ferdig, og Dani og eg var endeleg ferdig med presentasjonen. Jobbings har vore stikkord nummer ein for veka, men i dag har eg fri! Så denne dagen har eg brukt flittig; Trena, ete frukost, handla, gjort litt research om Melody Club – for, hurra, hurra, heldiggrisen B har fått lov til å intervjue dei! Og eg gler meg som eit barn. Palace Station (frå Music Machine) har jo gått i eitt i øyrene mine sidan eg såg Smala Susie for første gong. Og i kveld skal dei spele på Rockefeller. :) Så i kveld blir det tradisjonelt vorspiel heime hos oss, som går ut på The Office, øl/pærecider (ja, still going strong) og oppvarmingsmusikk til konserten. Eg gler meg.

Ellers må eg meddele litt nytt når det gjelde deligutten. I dag tok eg meg i skinnet og tenkte “what’s the fuzz, B!? Han kan jo umogleg vere så fin som eg trur han er?” Så dermed gjekk eg inn på Deli DeLuca (etter å ha blitt fangat i ein stormvind på veg heim frå trening: regn, vind og kalde gufs!) for å kjøpe meg ein kopp varm kakao – og ta ein ekstra grundig titt på han. For no må eg roe litt ned – og slutte å gnelle om kor fin eg syns han er, for han kan umogleg vere bra. Men eg må innrømme at det ikkje hjalp å vere superkritisk når eg studerte han. For han har dei sjukaste augene som du drukna i (i alle fall om du ikkje kan svømme) – så eg måtte innsjå at ok, that’s the fuzz.

I morgon er det tidleg opp på jobb, og deretter møte med Øya, så er det fest etterpå! Laurdag same oppskrift, søndag (17. mai – hurra, hurra) er det omvendt oppskrift på dagen. Dette blir ei kjempehelg! Og over helga er det (vips) tid for å reise til Stryn og leve bondelivets glade dager heilt til søndag i lag med Christopher (og kanskje Stig, vi kryssar fingrane for at han blir med). Stas!


Her name is Judy. That’s a nice name. Yeah she’s a nice girl. Big deal, did you get into her pants? She’s not that kind of a girl, booger. Why, does she have a penis?

Akkurat no er det dags for å lese til eksamen. Og for å få fram motivasjonen har eg gjort seks ting:

breiflabb1. Leika meg fram for å sjå kor breiflabb eg kunne bli.

2. Vore på trening.

trening

3. Ete lunch med søskenbarnet mitt Runhild, og deretter knaska ein is i parken.

salat1

4. Latt meg fascinere av teksten i Datarock sin herlege tune “Computer Camp love”

“– I ran into her on computer camp
(Was that in 84?)
– Not sure
– I had my commodore 64. Had to score
(Not with that dirty tramp)

– She’s not a tramp. Her name is Judy
(That’s a nice name)
– Yeah she’s a nice girl
(Big deal. Did you get in her pants?)
– She’s not that kind of a girl, booger
(Why, does she have a penis?)
– Seen as supremus. You better know she’s a genus and a Venus”

5. Funne fram dei fylte påske-egga.

paaskeegg

6. Sett The Vineyards sitt nye album (The Vineyards) på spelelista i Spotify.

thevineyards

…og då er eg klar for litt intens studering! Før det blir film, stearinlys og endå meir påskeegg… :)

Hore!

hore

Ja, altså. Det må eg berre fortelle. Det skjedde i parken i går på veg til trening. Hadde på meg jakke, treningstights og sko.  Var litt stressa og småsur og tenkte at eg skulle no i alle fall bli i godt humør når eg kom forbi endene ved brua. Men då tok eg sanneleg feil. Der kom det ein mann gåande mot meg som såg meg inn i augene og sa: – Hore! Eg vart skikkelig paff. Sa han det eg trudde han sa? Han var komen forbi meg når eg snudde meg etter han og ropte: –Unskyld meg men ka faen sa du no?! Han svarte: –Hore!! Augene mine vart store og såg sikkert ut som spørsmålsteikn. Også drog eg skuldrane opp mot øyret for å indikere at eg fatta ingen ting. Humøret var på veg langt under 2 på skalaen. –Ja, se på deg sjæl a! Akkurat der og då tenkte eg at det beste var å valdta han så han begynte å grine, og kreve saftig betaling for det etterpå – skulle jagge vise han hore! Men så kom eg tidsnok tilbake til meg sjølv og skjønte at det var på tide å let it go.

Heldigvis var Lisa Mari på treninga og fekk smilet på plass igjen. Også var det kosings med Stig, og ein skikkelig ekkel film.