Stikkordarkiv: zanzibar

Eg frys.

Difor.

Naboen har fest…

…og i lyden av “ååååå, det går likar noooo”, drøymer eg tilbake til fantastiske Zanzibar.

Sykkelen min står parkert i bakgarden, og vert meir og meir dekt av snø. 

I mine tankar lengtar sykkelen også. Til sykkelturar i Oslo.

Og eg lengtar til somaren. Til tida ein kan sitte på ei brygge, drikke vin og betrakte soloppgangen.

…eg lengtar til då eg forbannar meg over kantklipparen, og får trøst av ein fjording som vil vere nær.

…eller at eg kan rydde skogen med denne krabaten.

Eg får nok ta kvelden, og heller draume litt om dette. Det kan vel hende eg vaknar opp på Zanzibar?

Takk for 2009, alle og ein kvar!

As always, må eg køyre i gong med årskavalkade! HÆ? Same presidure as every year, James!

Januar:

Som vanleg alltid hardt å starte skulen etter ei knallflott jul! Hagen budde hos oss i Kirkegårdsgata 7, det var knas. Mamma sendte pepperkakehus med ho tilbake til Oslo, noko som var gull verdt! Livet gjekk som smurt på Oxigeno, og det var kos å gå over Akerselva og sjå på endene kvar morgon. Stigen, Lisa Mari og eg var på Oasis-konsert i spektrum, ei oppleving som fall i smak sjølv om gutta (as always) var passe sure. Månaden gjekk fort, og som alltid, før eg visste ordet av det, var det allereie februar!

Februar

I februar stod jobbsøking høgt prioritert. Var innom mykje snusk, før eg enda opp med kassajobben i Narvesen. Eg fekk pakke i posten med Stian, og vart sjølvsagt veldig glad! For ein hunk! Oslo gjekk frå vinter til vår og tilbake til vinter igjen på kun kort tid, og Christopher reiste i frå meg, til fordel for India. Eg vaska kåken og fann denne tingen som skapte eit stort mysterium. Februar var også månaden eg tok daiting til eit nytt nivå, og hadde ein aldeles utmerka dait med meg sjølv: snydens middag og Kaiser Chiefs som imponerte på Sentrum Scene! Dette kan eg per dags dato anbefale. I februar fann eg også ei banan frå 2008. Det var ikkje til å anbefale. Studietida mi var for det meste på Qba der dei serverte meg god mat, og sørga for å halde meg våken med ein kaffikopp i ny og ne. 20. februar rocka Hagen og eg på AC/DC-konsert, og hadde ei kule eg seint vil gløyme, før vi dagen derpå satt oss på toget til Bergen. Hagen vel å merke i ein kupé langt vekke frå kupéen til meg og Stig, der ho satt saman med ei feit, illeluktande dame som hadde fuktige sokkar som ho valde å ta av seg på toget for å “tørke beina”. Ellers beviste nok ein gong Sørlandschips at dei er god på det dei driv med, ved å sende meg ei flott kasse som eg kunne knaske på. Årets første eksamen var overstått, eg vart kalla hore i parken, Bloc Party var rå på Sentrum Scene, ein pakke låg utanfor døra vår, som viste seg å vere eit kunstprosjekt (og resultatet kan du forøvrig sjå her), Tiril og eg hadde flotte dagar på Sognsvann, og vinteren var generelt slik den burde vere: kvikklunsj og kald. Til å vere årets kortaste månad, må eg innrømme at denne månaden her inneheldt veldig mykje bra – og ein skulle nesten tru eg hadde “juksa litt” for å få plass til alt.

Mars starta med ei “einaste lang orgasme”, før mamma kom på besøk (haha, veldig artig å setje dei to setningane saman) og hadde storhelg med oss “ungane”. Eg fekk lov til å skrive for endelighelg.no mot gratis konsertbillettar, såg på svanene og fekk meg nye spinningsko og kjøpte billett til Rockwerchter. Denne månaden var også bananrelatert, men denne gongen fann eg noko eg trudde var verdas lengste banan. Det var søndagstur med Stig, noko som også førte til at søndag vart kåra til min favorittdag. Dette har enno ikkje endra seg. Eg vart sjølverklært liftekspert, middagsgjest hos Stig,  og såg det flottaste fyrverkeriet nokon gong. Anne Mari og eg var på The Vineyards-konsert, og oppdaga ein ny favoritt: Stricken City. Hans Ulrik var liten og søt,og det var ingen ting som var meir stas enn å vere barnevakt-tante. 29. mars hadde eg mitt første intervju, og fann ut at Heroes and Zeros var like kjekke som dei var flinke (les intervjuet her om du vil). Lisa Mari og eg var på Franz Ferdinand-konsert, og til vår store glede oppdaga vi oppvarmingsbandet Kissogram. Nok ein gong fekk eg pakke i posten.

I april sakna eg Skofus, budde i leiligheta til Hans Magnus under eksamensperioden, og kosa meg på Oxigeno. Eg var ein kort tur til Stryn i påska, og påskedepresjonen (grunna jobb på Narvesen og mangel på folk på Grünerløkka) vart redda av dei kjære påskeegga. 11. april såg eg ein seriøst stor hundebæsj, Christopher kom heim og eg vart dritglad. April var forøvrig den månaden eg fann ut kva eg verkeleg er god til, og kunne glatt ha meldt meg på Norske Talenter med å reinske egg. Eg fann boksen i mitt liv, og avslutta månaden med å forelske meg i deliguten.

Mai, du skjønne milde kom som eit skot. Flott veir og bryllaup på Nedreberg, før realiteten med eksamenshelvete slo inn igjen. Eg vart spelegal, lærte å lage mitt første origamihjarte, Tiril, Stig og Christopher var følgjet mitt på Melody Club, 17. mai vart feira i bunad og godt selskap, utelivet baserte seg på Internasjonalen med Dr.Nordahl og ringdans, Christopher og eg tok turen til Stryn for å passe garden. Dette var herlege dagar med Skofus-pels i nasa! Mai var einaste månaden eg klipte håret i 2009 (note to myself: gjer det OFTARE FFS!).  Eg hadde bursdag, som vart feira i parken rett før det vart juni.

Juni

Bysykkelen vart stjelt. Eksamen over, og eksamensfilmen min gav meg gratis champagne. Eg såg ei morsom reklame, Norwegian Wood introduserte meg for Nick Cave and The Bad Seeds FOR REAL, og vi forelska oss.  Eg var Oslolos, heimlaus – og kunne difor bu hos favorittfamilien, og sjå på Hans Ulrik ete pannekaker. Familien tok meg med til Horten, noko som vart ei storarta helg. Juni var månaden der Christopher og eg endeleg fann oss ein heim, på sjølvaste bursdagen hans!

Juli

Feit festival i Belgia, gode dagar i Stryn, kjekke dagar med frivillig arbeid på Malakoff, leiligheta var max kaos, og eg vart hekta på The Pink Robots sin superhit: Curly. Ei ny spalte kom opp i bloggen min: La meg introdusere deg til 90-talet. Juli gjekk fort, og var prega av øl, strålande sol og menneske eg er glad i.

August

Tidleg i august møtte eg hylla i mitt liv, eg stortrivst på Øyafestivalen i innslepp, og laga meg ein fin lampe.
Ellers gjekk august med på å nyte parklivet, ete kokosbollar og danse til morgonen kom på Internasjonalen, før Høgskulen i Oslo skulle bli min nye hang-out.

September

Klassen var på tur til Tjøme. Bollapin dukka plutseleg opp, og kjærleiken var tilbake i livet mitt. Eg skreiv med sprittusj på tavla i 6. klasse, vi fekk internett, og eg vart erklært superpølse på Narvesen. Denne kortfilmen sjarmerte meg, stratos kom i posten, og Sadossen og eg kosa oss på Teknisk Museum. Kino på Operataket, besøk av mamma (som kjøpte meg seng!), og rundballar dekorterte parken. Leiligheta tok form, og oktober kom som kjerringa på julekvelden.

Oktober


Oktober starta med ei jente som gløymte igjen skjørtet sitt på Café 33. Nok ein bananrelatert månad, denne gongen med Stig. Haustmånaden behandla Sognsvann akkurat som den burde. Eg stod ofte tidleg opp for å fare på spinning, og jobbinga på Tonsenhagen barneskule vart kjekkare og kjekkare. 18. oktober gjekk vi bøsseberarar og samle inn masse gryn. Denne månaden tok heilt av emosjonelt-messig: eg snakka (ei viss form for samtale) med Massive Attack! Konserten var heilt sjukt bra – og var nok eit av mitt livs største opplevingar musikalsk set. Jannike sendte meg pakke i posten, og gjorde meg veldig, veldig glad. Svolværpostei.
Eg fekk også pakke i posten frå Brynhild, som bidrog til usunne tenner ganske lenge.

November


Mamma og pappa hadde 43-årsdag. Eg oppdaga skikkelig, skikkelig grotesk porno (evt. morsom). Jon Kåre var i by’n, og vi var på Muse, ein veldig kul konsert. Hengekøya kom på plass, eksamensfilmen vart laga – og vi hadde det artig på set! Eivind var med på jakkeshopping, Prodigykonsert, og gav meg den kulaste tightsen ever til førjulspresang! Gilbert hadde eige radioprogram som var maaax glatten kult! Eg oppdaga krabbepostei, og hadde ei kjempeoppleving på JJ-konsert. Golden Silvers fekk meg avhengig, eg vart fascinert av kråker, Jannike var på besøk første søndag i advent og vi tente sjølvsagt adventsstaken.

Desember


Stressveker med eksamensproduksjon, ekstrajobb og anna stasj, men likevel latter og glede – i f.eks denne finn.no annonsa. Ina-Mari var på besøk, godt med spoonings, og ikkje minst deilig mat. Eg var handy og laga ein ny lampe og garderobe, pynta meg i lag med Christopher og køyrte på med julebord med Øyafestivalen. Birken Brukt åpna i Thorvaldmeyersgate, og Hans Ulrik inviterte til lucia-feiring i barnehagen. Nordfjordekspressen var god å ha til Stryn, for å feire jul der i godt lag.  Storarta julebord med alle jentene, spel og anna fanteri i tunet, og før desember var over rakk vi jammen å reise til Zanzibar også, og eg nok ein gong kan seie med handa på hjartet at dette har jammen vore eit fint år.

TAKK FOR 2009, ALLE SAMAN!

Ein vakker dag i Stonetown

Vi tok dalladalla frå Pajje til Stonetown:

Der såg vi blant anna dette:  (obs! bråkete)

Vi handla i koselege butikkar:

Også var vi her inne:

Og såg utsikta over parken:

Og andre hus:

 

Her var fine trapper:

Og gamle bilar:

Gatene i Stonetown var for det meste trange og koselege:

Parkeringsplassane flotte:

Om kvelden kan ein sitte på stranda og sjå på havet:

Før ein traska vidare: 

 

Og har tannpuss-disco:

Konklusjon? Stonetown anbefalast på det sterkaste! 

Om dyra i Afrika, og alt dei har å gjere

Sidan løvene er sjefen, får løvene skilje mellom dei ulike dyra.

Stemningsrapport Stonetown: Mirimba og plommer


Gode tider på Zanzibar.

Guttaboys på Zanzibar kan sine greier…

Her er ein film frå Stonetown, der vi kom bort i ein gjeng karar som fekk oss til å måpe ei god stund.

Ganske flinke!

Hakuna Matata!


Kjaere venner, bekjende og ukjende: Vi er nesten ved turens ende (resterande dagar: 4. gjeremaal: safari.) og det er ikkje lett aa oppsummere, but I’ll give it a try!

Nord-Zanzibar:
Absolutt favoritt. Vi budde paa Kendwa, fordelt paa 3 bungalows som var plasserte rett paa stranda. Her var det max ferie, og logring med halen var paa G stort sett heile tida. Det var her vi feira nyttaarsafta: God middag, med afrikansk dans til underhaldning. Denne dansen fekk oss overbevist om at afrikanarar maa ha eit fantastisk sexliv.
Rakettane vart avfyrte paa stranda, og her var det ein vill sort rakettar. Dei fauk over alt, og vi som trudde vi skulle nyte synet av rakettane med ei flaske Konyagi (lokal sprit) paa deling, maatte flytte oss raskt daa stranda vart til ei pittelita krigssone. Det var fullmoonparty og nyttaarsaft paa same tid. Knas! Vi sat paa stranda og utforska alternative maatar aa drikke Konyagi paa, og plutseleg kom alle paa discoteket springande mot oss, som om ein sunami skulle treffe oss. Det var ikkje det som var i ferd med aa skje, men derimot – festen fekk ein oppfinnsom vri: Taaregass vart fylt over heile lokalet, og samtlege maatte flykte. Ein droey halvtime seinare fortsette festen som vanleg.

Dagane vidare gjekk som dette:

Solings, badings, mat, bok og kortspeling. Det som verkeleg gjorde feriekjensla optimal var aa innsjaa at eg hadde lese ei fiksjonsbok ferdig, UTAN aa ha daarleg samvit for aa burde ha lese pensum i staden. Ferie anbefalast, alle!

Jabiani:
Vi kom til spoekelsesbyen Jambiani og trudde det var ein spoek. Vi hadde gleda oss veldig til beachlife og meir chill, moete folk og sosialisere oss litt – men der tok vi feil. Det fans nesten ingen menneske der, og omlag alle restaurantar var nedlagde. Han som eigde hotellet vi budde paa (vi var dei einaste gjestene der paa tre doegn), verka nesten sur for aa faa besoekande. Her var det ingen som fulgde etter oss for aa selge oss noko, eller faa comission, men derimot ei:

Vi fekk ogsaa helse paa sjarmerande kids.

Etter to netter i Jambiani, reiste vi til Paje, som laag litt lenger nord. Der var det menneske, som dei foerste ti minutta verka like eksotisk som firfirsler. Det var “lenge” sidan sist vi hadde sett folk. Og her var det toalett med toalettsete, noko som var luksus i forhold til Jambiani-standarden. Stranda var ogsaa nice, og eg fekk oeve meg paa alternative maatar aa faa skille paa (rosa, kvit, kvit, rosa).


Livet lenger soer, det urbane liv, vil kome seinare. Videosnuttar og slikt kjem naar vi er heimattkomne (om det skjer som planlagt veit vi ikkje enno, har hoeyrt skumle rykter om nysnoe og kaos paa Heatrow) – gle dykk!

B