Obs! No lyge eg!

Å kunne kjøpe leilighet akkurat her og no ville aldri ha vore eit problem. Pengar har eg tilstrekkelig av og tid til å gå på visning har eg også. Eg har så mykje pengar at eg ikkje har funne ut kvar eller kva eg skal invistere dei i enno, hus, bil, båt, reiser, you name it. Leilighet skal eg kjøpe meg. Ei stor tre-roms med balkong i 2.etage på St.hanshaugen med peis og badekar. Kvitevarer i stål, gasskomfyr. Også skal eg ha meg dobbeltdyne som eg kan dele med mannen, eller kjærasten min som eg er så inderleg forelska i, som kjøper konsertbillettar til meg på blåmandag og masserer meg akkurat før eg spør om han ver så snill ikkje kunne ha knadd litt på meg der og kanskje litt der også…

Om vinteren er eg fire-fem år og ute kvar einaste dag iført ein stor og varm kjeledress som støter vekk kvar einaste bekymring. Mormor er den store helten min og vi lagar snømenn og snøhestar som er større enn nokon av dei eg nokon gong har sett før. Mama og eg bakar pepperkakehus og eg syns at Bridge-blanding absolutt ikkje har noko på eit pepperkakehus å gjere, men seigmen derimot, seigmen…

Julafta luktar det pinnekjøtt og ”tre nøtter til Askepott” er verdens beste film. Eg kan ikkje vente til vi alle kan ete oss mette på pinnekjøtt og herlige matrettar eg ikkje kan namnet på som mamma er den beste i heile verden på å lage. Eg kan heller ikkje vente til ein av brødrene mine som er stødige på lesefronten kan ta opp ein presang og finne den som spent skal få pakke opp det som er inne i innpakningspapiret som vert krølla i ein stor ball etterpå. Pusane luskar rundt juletredet og lurer seg på to bein for å få godt tak i ei raud julekule som heng der og glitrar. Deretter krøllar dei seg i hop og legg seg som ein ball og nyt varmen som kjem frå vedovnen som lagar ein sånn ekstra god varme rundt juletider.

Polakken (min kjære Renault traffic, 94-modell, straaaight from heaven) er framleis i live og vi køyrer rundt i dei villaste omstendigheiter på vegen mellom Olden og Innvik med The Passenger på spelelista. Også er det regnboge og duggfriske blomar i vegkanten. Drive-by-shooting-rustflekkane hans er vekk og handbrekken fungerer som aldri før. Polakken er like god som ny, men med samme personligheit som gammal.

1.august 2008 vann eg i lotto og reiste til Australia saman med Ina-Mari og tok tilbake camper-vanen som vi hadde budd i tidlegare same året. Vi køyrde heile Australia og hadde endeleg fått sett Uluru. I tillegg fekk vi sjå Grand Canyon og Niagara Falls. Også reid vi på kamelar i Egypt, og besøkte fadderungen i Kamerun som eg aldri hadde gløymt å betale bidrag på. Og frøken Hagen fekk påspandert AC/DC-turné som vi no gler oss til så det helde, jau, girls night out (med pappaen til Hagen invitert) med AC/DC på programmet, kven kan bytte vekk det?

No har eg studert ferdig, og har ein master bak meg i media&kommunikasjon, også har eg spesialisert meg innan film-og tv-produksjon og jobbar med å lage reisedokumentarar.  På fritida er eg bak kameraet i Animal Planet-produksjonar. Også har eg hatt eit sundt og godt kosthald heile livet, og aldri røykt, aldri drukke alkohol og heller aldri hatt sex som eg dagen etter tenkte at hei, dette var kanskje ikkje det smartaste du har gjort, Birgit.

No får eg slutte å lyge. Eg får legge i frå meg den pelskledde Skofusen som er så god og varm, gå på badet og pusse tenna og hoppe i køys der det ventar lusk og knusl til meg, og ikkje minst ei stor og feit dobbeltdyne og ei seng som ikkje roper ”RYGGPLAGER!!!” etter meg når eg står opp igjen. Og i morgon vert det nok ein solskinsdag der eg ikkje kan bestemme meg om eg skal bestille flybillett til Bali eller om eg skal ta turen til gullsmeden og få støypt eit skikkelig stort ”I love pingvinlakris”-smykke av reint gull og henge det rundt halsen på neste person som spør om dei ikkje ver så snill kan få smake ein pingvinlakris til.

No laug eg igjen.

Advertisements

5 responses to “Obs! No lyge eg!

  1. Nåh, Cecilie… 🙂 Er du den eg trur du er? 😉 Søta!!

    Hehe… bra du blir inspirert rundt desse tider 🙂
    No vart eg glad!:D

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s