Solbrillerasisme på bussen

Hurra, hurra! Endeleg har eg vore «under kniven» og fått augene operert! Riktig nok var det ein laseroperasjon som gjekk veldig bra. Men noko som overraska meg meir enn eg nokon gong hadde trudd, var den fiendtlige innstillinga til folk med solbriller på. Dette provoserte meg så pass at eg tenkte eg kunne dele hendinga med alle de der ute i verda som ikkje er obs på årsaka bak solbrillene til mange.. 🙂

Eg var på veg til Tormod, min kjære bror, Åse Maria, ei fantatisk svigersøster, og til Hans Ulrik, eit usedvanleg flott avkom i Bygdøy Alle. Det var dag to (eller tre) etter  operasjonen og solbrillene skjerma for alt som var av lys som var for sterkt for meg, som f.eks lyset frå gatelyset, eller pæra i taket, eller flammane frå stearinlys. For å komme til Frogner måtte eg ta bussen, og å kome på bussen var intet problem. Eg gjekk i sakte tempo og traff bussen med gode margina. Det var ingen ledige seter, så eg måtte stå midt i bussen, rett foran to damer i slutten av 20-åra som fint hadde lagt merke til at eg hadde på meg solbriller. På kveldstid. Når det var mørkt. Og så absolutt tydelig at det ikkje var sol.

«Se på hu der a», se så tøff hu er med de solbrillene.. Image lissom, så sinnsykt tøff i trynet. Mote alså, de gjør hva som helst for å se kule ut… Vedder på at hu ikke ser noen ting gjennom de glassa, men gir en god en så lenge hu ser bra ut… Jeg ler meg i hel av sånne…» og BLABLABLABLA. Sidan eg ikkje er av den seig-provoserte typen (som absolutt ikkje hadde på meg solbrillene frivillig) kunne eg ikkje dy meg. Eg lente meg over damene og tok av meg brillene, så begynte eg automatisk og tåre og såg mot lyset for å understreke at hei, sjå kva som skjer når eg ikkje har briller på, jo, eg grine som ein foss! «Eg har nettopp operert augene mine og du SER vel grunnen for kvifor eg har dei på meg» sa eg til ho så skarpt eg berre kunne, også tok eg på meg brillene igjen og snudde meg. Dama hadde halen mellom beina før eg visste ordet av det og sa «sorry» fleire gonger, «det var ikke meningen….»  In ya face biiiiaaaatch!

Advertisements

7 responses to “Solbrillerasisme på bussen

  1. haha PWNED!!
    Har opplevd samma greia sjøl! Satt på jobb med mine fine killahloop speilglass solbriller, rett og slett fordi jeg hadd fått et ganske heftig tilfelle av en reaksjon (alergisk konvenitt..something something) som gjorde at jeg blei sykt overfølsom for lys.
    Siden jeg jobbet inne..på kvelden.. var det seff noen smartasses som skulle kommentere det. Men jeg trengte bare ta av meg brillene og blottlegge mine knallrøde demon-øyne, så holdt de kjeft…

  2. Heehe… Takk for all støtte i denne tunge perioden;)
    Heilt rett Mona, det er sanninga som skal til for at dei helde kjeft! Those bastards!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s