Pule

Mandagar på skulen er ganske så «harde». Det skal masse til for å kunne følgje med heile tida, men i dag, i dag var eg ekstra trøtt. Som om Jon Blund hadde blitt satt opp mot meg. Han dukka opp opptil fleire gonger i løp av kun kort tid. Eg prøvde mykje for å halde meg vaken og unngå freistinga av å bli luska i håret av ein Blund, Jon Blund. Riste på hovudet, strekke ut armar og bein, sjå på Bjørn Erik, smugkike på teikninga til Kristian, sjekke om telefonen var skrudd på stille, skrive notatar og tenke ut eksempel ut i frå pensum eg kunne meddele klassen… Men nei, det fungerte ikkje. Og dette var starten på timen! Då vi hadde ein halvtime pause fikk eg i meg noko mat og drukke masse vatn. Dette måtte då vere løysinga. Ikkje sjans i havet om at Blund skulle få flørte uhemma med meg frå klokka 13:00 til 16:45! Eg kvikna litt til, og kom til forelesninga med godt mot. No skulle eg vere ivrig og ta notatar. Og det gjorde eg. Der var eit punkt skrive, også var eit punkt skrive, jau, dette gjekk godt. Men så kom Blund igjen då, tok meg med storm – og nakken min gav fullstendig etter. Heldigvis vakna eg før eg traff pulten med hovudet. Då vakna eg litt ekstra, når eg såg kva eg hadde skrive på notatane mine. Mani pule re. Pule tydelig med stor avstand frå dei andre orda. Jaha… Pule. Birgit, NO bør du gå heim og legge deg. Eller ta nokon vitamina i alle fall!

Advertisements

2 responses to “Pule

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s