Endelig tilbake

Eg springe så fort som eg kan for å rekke trikken, springe fort, kjempefort! Så fort at eg kjenner svi-lukta nerme seg nasa mi og så merkar eg røyken også. Det ryke frå helane mine og folk snur seg etter meg og tenker åhei, du så fort det går! Og det gjer det også, det går så fort at beina mine ikkje lenger er i kontakt med bakken når eg spring. Det er då det går opp for meg at eg ikkje springe lenger, men flyge! Er over taket på trikken allereie, og ser hovuda til dei som står i kø inn mot Bislett kebab for å få seg ein godbit. Så ser eg taket over SAS-hotellet og oi, det var jammen høgt! Fuglane rundt meg ser stygt på meg som om eg ikkje høyrer heime der oppe, men det gjer eg nok. I alle fall for denne gongen. Hadde aldri trudd det skulle vere så kaldt å flyge, kjenner det stikk langt inn i øyra, og halsen har for lenge sidan blitt tørr. Men travelt er det ikkje, og ikkje veit eg kvar eg skal hen. Men flyge, det gjer eg. Heilt til eg er framme. Og då står eg der med eit smil om munnen. Endelig tilbake i Australia. ENDELIG!

Advertisements

4 responses to “Endelig tilbake

  1. wow shoops..en poet i din mage bor gitt!;P hilsen dorthe skappel eller pia haraldsen (staves det sånn?)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s