Det er ikkje alt ein bør seie på polet…

På polet i Markveien er det ikkje sjølvbetjening. Dette fører til at eg må lese katalogen og prøve å hugse korleis flaskene med dei gode minnene ser ut, sjølv om det er ganske umogleg når eg ikkje hugsar så godt – og eg rett og slett ikkje har peiling på vin. Men når eg ser flaskene, då kjenne eg dei igjen, dei eg vil ha. Eg hadde tenkt å kjøpe ei flaske kvitvin, og ei flaske raud, og eg fann ikkje dei eg ville fram til. Tenkte på ein Barbera D’Alba, og ein riesling – men var veldig usikker på kva den siste heitte. Og det var ikkje Dr.Loosen, som var så populær i det tidlege stadiet av vindrikking, men ein annan tysk ein. Det var heller ikkje passande å ringe til Odd Jarle, vinkelnaren på Alexandra heller, eg stod jo der – midt i køen. Også vart det min tur, før eg rakk å tenke noko meir.

– Hei!

– Hei. Kan jeg hjelpe deg?

– Ja. Eg vil gjerne ha ei flaske raud vin, og ei flaske kvit. Helst noko billeg. Tenkte på Barbera D’Alba.. og…

– Ja, her har vi flere Barbera D’Alba, hvilken sort tenker du på?

– Ein med passeleg garvesyre, masse frukt og fylde.

Eg ser at han ser dumt på meg, og eg blir ganske fort stressa då det er fleire i køen bak meg som allereie er lei av å høyre på samtala vår og ventar meir enn noko anna på at det skal bli deira tur.

– Jaha, (viser meg fleire alternativ) hvilken mat skal den gå til?

– Skal ikkje ha noko mat…

– Nehei, da blir det med ett litt vanskligere. Hva med den hvite da?

– Den skal vere tørr. Tysk, men tørr.

Pulsen min stige og eg tenke at kjære du der, høgt der oppe, kan ikkje polet berre tryllast om til sjølvbetjening?!

– Hva med en Dr. Loosen? Skal du ha den til noe mat? Reker? Krabbe? Noen andre skalldyr, siden den skal vere tørr?

Eg ser på han i kassa, og ser på dei bak meg. Køen har nesten fordobla seg. Og eg tenke at det var no faen så typisk at han skal RIPPE OPP i at eg har blitt allergisk mot skalldyr, det beste i verden rett etter sex og pinnekjøtt. Eg blir skikkelig furt, og ikkje minst stressa over at eg må halde hovudet kaldt. Ikkje få panikk, drit i skaldyra Birgit, det er ikkje verdas undergong det… Er det vel!?

– Eg skakje ha dei til nokon mat, eg vil berre drikke meg skikkelig full! SKIKKELIG full!!

Og der. Jepp. Flau. Helvete. Kvifor sa eg det!? Eg betalte fort og gjekk. RETT heim. Det blir lenge til neste gong eg går på polet i alle fall. No blir det eksamenslesing for fullt. Og lite pol. Og lite skaldyr. flause

Advertisements

4 responses to “Det er ikkje alt ein bør seie på polet…

  1. hahahaha! det er berre du som klare å sei slike ting birgit. og det er så fantastisk. eg er så glad for at du er sånn. livet hadde vert skikkelig kjedelig uten dei kommentarane som kommer ut av deg når du ikkje tenke deg om 🙂

  2. Ida 🙂 Du er jo så søt! Bra du blir underholdt av at eg ikkje tenke meg om før eg snakkar, eller snakka fortare enn tankane mine rekke å samle seg, eller korleis det er det fungerer …. 😛 Livet ditt kan aldri bli kjedeleg med deg i the leading part, men eg skjønna poenget ditt! 😉 Søta!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s