Motivasjon til eksamenslesing

Eg har ein tanke om meg sjølv som ein dårleg student. Eg prøvar å konsentrere meg, og finne på ting eg kan tenke som gjer at det blir lettare å hugse det eg les. Men det har seg slik at eg er fryktelig distré, og tenker fort på andre ting enn dei orda som står i boka. Akkurat no f.eks, tenker eg på fiskepinnar og songen «fiskebollen lengter etter havet, havet er fiskebollens hjem. Dette er det 55 verset, nå er det bare 45 igjen.» (som eg har tenkt på i heile dag!) No som det nermar seg eksamen med STORMSKRITT, MÅ eg få ein stoppar på dette. Her må det konsentrerast! Som ein liten motivasjon for å konsentrere meg fullstendig, har eg hengt opp nokon lappar på veggen foran meg som skal få meg til å tenke innsats no, max glede etterpå.

skrivepult

AC/DC, Bloc Party, Big Bang og Oasis er dei store musikkhøgdepunkta eg kan sjå fram til. Berre det å vite at eg er så heldig å få kunne sjå og høyre AC/DC i februar, BØR vere god nok grunn til å lese konstant dei seks neste dagane.

acdc1

…og vi snakka om karma. Karma. Karma. Då MÅ eg berre yte maksimalt då? Karma…

jirdaurnd

Å få vere i lag med dei beste gutane i verda, er belønning nok for å yte heile studiet. Og julebord blir i alle fall kos:)

julebord

Heim til mor, heim til mooor, ja eg vil heim til mooor. Eg er stooor, eg er stooor, men eg vil heim til mor. Og pusen, og garden, og alle dei herlege venene… Og lusk. Og knusl. Og god mat. Jul!!

jul

Dinna lappen får meg berre til å smile. Og då lure eg meg sjølv til å tru at eg har det veldig kjekt her eg sit. Jepp. Humor. Morsomt. Så fint at ein kan more seg litt også då, hæ?

kastasten

Effektiv jobbing resulterar i velfortente pausar. Dette står då på menyen: extras

Akkurat no er det denne herligheten som motiverer meg mest. No er det berre å pugge eit essay, pusse tenna og voila! Senga, here I come!!

senga

Andre gode råd for eksamenslesing/motivasjon? Er to år sidan sist, så er litt rusten på området. Tips vert motteke med glede, folkens!! Køyr på. Om du ikkje har nokon tips tek eg også i mot lykkeønskningar. Eller pengar.

Og til slutt, dagens vits: stol

(no offence Hans Magnus)

Advertisements

8 responses to “Motivasjon til eksamenslesing

  1. Birgit. Når du henge opp lappa overalt, tydelig synlig, om superkjekke ting-blir du ikkje berre meir distrahert då? kanskje du ska henge opp lappa om fagleg relaterte ting istaden 😛

  2. Nei, eg gleda meg berre då. Også blir eg glad over å vite at eg har fantastiske ting å sjå fram til!! Litt distrahert kanskje, men så minne dei meg på at no, NO må du konsentrere deg.. For det var jo difor eg hang dei opp 😛
    Ka motivasjon gir faglege lappa egentleg…? På kva måte. Greit ut… 😛

  3. HAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHA! jag kan inte sluta skratta!! HAHAHAHA «du är för dålig för att kasta sten!» HAHAHAHA, fy fan va den är roligt! «Fan, det snöar ju som fan här…»

  4. Hehehe.. Dei er heilt konge! Det går ikkje an å la vere å le… 🙂
    «Hallååå, er det non hemma? Nehe. «

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s