Gratulerer Christopher, eksamenslesing og dagens vits

I går hadde Christopher, sambuaren min, eksamen. Eg er så stolt! Han hadde multiple choice og godguten svara 20 riktige av 20 moglege. Hurra, hurra!! Og han som berre ville vere fornøgd om han stod, så stod han med slik ein glans!!

diplom1

Ellers for tida er det eksamenslesing på gong. Det er stort sett det som opptek meg – men i går hadde vi ein herleg samankomst hos broder Tormod og kjærast Åse Maria. Der var heile søskenflokken, og heile 66% av søskenbarna mine! Og høgdepunktet sjølv, Hans Ulrik – som må vere den kulaste ungen i verda. Vi åt taco, drakk vin og kosa oss til langt på natt. Det var mange herlege latterkuler, og eg gler meg meir til jul enn nokon gong før. Må også takke Erlend for å ha femdobla økonomien min. Då blir det middag denne veka også! Tusen takk! 🙂

Akkurat no er det det her som skjer…

bilde-120

bilde-122

bilde-121

bilde-123

Eksamenspermen har i grunnen redda livet mitt, men… Det er det HER eg aller helst vil gjere no:

bilde-119

Og til de som har venta i spenning på dagens vits, denne høyrte eg i natt og eg lo. Lo og lo. Men veit ikkje om den vil slå an på andre då… Hehe. Heidi likte den i alle fall 🙂
Here it comes:

Det var ei kone som var så fryktelig, fryktelig nærsynt og ville aldri innrømme det ovanfor mannen sin. Ho insisterte på at ho hadde perfekt syn, og ingen skulle få påstå noko anna. For å få mannen hennar til å tru på dette, gjekk ho ut i skogen og festa ei nål på eit tred, og tok mannen sin ut på ein spasertur i skogen etterpå. «Nei, men! Gunnar, er ikkje det ei nål som står i tredet der borte?» Gunnar tvilte, han såg ingen ting. Men kona la på sprang til tredet for å trekke ut nåla, så ho kunne vise mannen sin at hey, waaay beyond perfekt syn her! Halvegs mot tredet snubla ho i ei ku.

HAHAHAHHAHAHAHA….

Ha ein fin dag folkens, og lykke til alle som les til eksamen!

Advertisements

2 responses to “Gratulerer Christopher, eksamenslesing og dagens vits

  1. You crack me up!
    Eg fekk forresten 10/10 på min multiple choice i ex.phil i 2006. (Men berre fordi eg kopierte svara til han nerden ved sida av meg.)

  2. Hehehe… 🙂
    Gjorde du det ja! Hehehe… Du hadde vel klart det utan å kopiere svara til nerden også tenkjer eg? 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s