To menn kom inn på rommet mitt

To menn kom inn på rommet mitt og spurde om det var eg som budde her. Ja, det kunne eg bekrefte – men hadde problem med å sjå kven det var. Det var så sterkt lys. Eg fortalte at eg hadde operert augene, og hadde problem med å sjå ansikta deira. Mann nummer to skrudde ned spotlighten over døra mi før eg fekk sagt noko meir. Då såg eg kven det var, det var vaktmeisterane. Dei spurde om tredjemann som budde her var til stade og kunne signere nokon papir. Men det var han ikkje. Dei bar inn to stolar som rett og slett såg heilt jævlige ut, og han eine sa at den her, den er verdt 70.000 kroner! Hentet rett fra operaen! Jaha, svara eg. Skal den stå her? Profitten tenkte eg ikkje på, eg kunne berre ikkje la vere å tenke på kor vanvittig stygg den var. Den andre mannen var komt inn på eit rom bak det såkalla «walk-in-closet’et» mitt. Tenk at det alså hadde dukka opp eit lite rom med to sengjer og masse koseleg lys, bak garderoben min. Også var der eit heilt nytt klesskåp til. Ufatteleg.

Då dei gjekk skulle eg sette med ned for å lese, men dei hadde trakka inn så masse rusk frå oppgongen at eg måtte koste litt først. Eg tok fram kosten, og kosta under bordet mellom dei to dyre stolane frå operaen. Plutselig såg eg eit pelskre bevege seg, og eg skvatt som aldri før! Var det eit ekkorn!? Ein hare!? Eller berre ei skikkelig deformert katte? Det var det siste. Eg tok ho opp etter nakken, og ho skreik noke vanvittig. Tok ho opp i fanget mitt og strauk ho over pelsen for å få ho til å roe seg ned, og gjekk ut for å vise ho til vaktmeistarane som nettopp hadde vore der. Ho var nok full av lus, for eg kjende det klødde meir og meir oppover armane mine. Eg gjekk forbi ein telefonkiosk der det stod ein gut og måla over noko tagging med ein kost full av mjøl. Ikkje veit eg kvifor. Litt etter litt forsvann katten, og eg var saman med ein gjeng på ein sort «omvisningstur» som må ha vore ei sky eller noko, for eg såg ikkje noko under oss – men vi bevegde oss lett bortover. Det viste seg å vere ein advarselstur. Vi skulle ikkje ta på ting. Men ei av damene der hoppa bort til eit tre, og skrapa noko av trestammen som kunne minne om kaninbæsj, noko ho syntest var veldig fascinerande. I det ho snudde seg mot oss var det alt vokse ut fleire greiner frå ryggen hennar. Ho hoppa ned frå treet og vi såg ho var forskrekka, og verkte i beina. Ho gjekk som om ho hadde bein av stokkar, og det hadde ho visst. Ho vart eit tre! Etter eit par hundre meter spasering klarte ho ikkje anna enn å stå i ro. Målet hadde ho også mista. Vi såg rart på kvarandre, vi som var igjen og gjekk mot noko som kunne minne om eit slott. Fleire ravnar sirkla rundt taket, og det kom bråk i frå kjellaren. Ei blanding av hyl og latter, tortur og glede. Trur alle var redde, men eg var mest skeptisk på heile greia, det var jo ikkje lenge sidan eg hadde vore på hybelen og fått ein stol til 70.000 og no var eg plutseleg blant ein gjeng som forvandla seg til skog! Det var så mykje som skjedde ved slottet der, men eg hugsar ikkje alt – det gjekk rundt for meg og eg var meir svimmel då enn då eg drakk sprit for første gong. Eine guten vart i alle fall ein kanin, guten som måla i telefonkiosken var ein prins, og dansa rundt med prinsessa si, ein tunfiskboks.

Til slutt sat vi alle ved kvar vår pultar og venta i spenning på noko eg enno ikkje visste kva var. Det var gjerde rundt oss og eg måtte le, for det var nesten like dumt som den Amerikanske Ambassade på Solli plass. To gutar kom springande inn – og bak meg høyrde eg Danielle frå klassen rope: du blir ranet, Birgit! Alt eg hadde i lomma var min kjære Sony Ericsson, klapptelefonen frå 10. klasse. Ikkje pokker om dei fikk ta den. Eg rakk akkurat å skru den av før den eine guten tok den. Han fikla uvanleg lenge med pin-koden før eg fekk overtalt han til å innsjå at den telefonen han hadde frå før var mykje betre. Og at denne var så gammal at den kom til å takke farvel til livet om ikkje så lenge uansett. Han slengde den på pulten så eg nermast syntest synd på han, telefonen altså. Og der låg eksamen, rett ved sidan av. No skulle vi begynde. Eg tok telefonen i lomma og såg på oppgåvene.

Også våkna eg, klokka 20:30. Slik som det her.

vakna-opp

Advertisements

6 responses to “To menn kom inn på rommet mitt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s