Ikkje kake til unge Adolf Hitler.

Tredje år på rad vart ungen (som no er tre år) nekta kake med namnet sitt på. Fordi han var namngitt Adolf Hitler. Kven i all verden ved sine fulle fem gir ungen sin namnet Adolf Hitler? Hæ? Eg kan ikkje forstå det… Kan virkelig ikkje forstå det. Dei påpeika at ungen ikkje er oppdregen etter namnet sin «far», men at dei rett og slett syns at namnet var eit fint namn… Og at det (logisk nok) ikkje var så mange andre som heitte akkurat Adolf Hitler. Fint namn? Korleis kan «Adolf Hitler» på nokon måte konnotere til noko fint? Djises. Og at dei atpå til ville ha hakekors på kaka siste gongen, og likevel uttalar seg om at dei ikkje er rasistiske…?

På vg nett står det:

«Foreldrene til Adolf Hitler nekter imidlertid at sønnen oppdras i navnefarens ånd, og viser til at det i forbindelse med sønnens bursdag ble arrangert barneselskap med en flerkulturell gjesteliste.»

– Hvis vi var så rasistiske, hadde vi da latt disse barna komme inn i vårt hjem, spør Heath.

Ja, der har du jammen eit poeng Heath! Du som meiner at vi må sikte framover, og ikkje henge oss opp i fortida, men sjå framover. Ja, referer til Barack Obama du som meiner at «it’s time for a change».

Eg skal i alle fall kalle ungen min Hannibal Lecter. Og ete kake med namnet på. Og gjerne eit symbol av ein hjerne som blir eten opp, bit for bit…

Les artikkelen som vakte provokasjonen min her:  http://www.vg.no/nyheter/utrolige-historier/artikkel.php?artid=538998

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s